Eit og anna um Bonde-Trældomen fyrr i Tidi.

 
(Del 3 av 4. Fyrste delen.)
 
III.
 
(Tyskland).
 
Romaranne hadde aldri fenget so godt Klofeste paa Tyskland, og Germanarne vart ikkje slik uppblandad der, og difor heldt den gamle Samfunds-Skipnaden seg lenger i Tyskland.
 
Aust og nordaust i Tyskland raakad Germanarne paa Slavarne og kuad dei hardt; daa Lensvæsenet vann fram, vart Slavarne liveigne av verste Slaget, slik at Ordet Slave kom til aa tyda det same som Træl.
 
I hine tyske Land var dei fleste Bønderne frie endaa i det 11te Aarhundrad. Men daa tok Jordi til aa samla seg til større Gods der og, dei Bønderne, som fyrr hadde havt mindre Rett, som fyrr er nemnt, og som dei kallad for hørige (Folk som skal lystra), vart Ervefeste-Bønder, same Vegen gjekk det med mange av Sjølveigaranne med, ei viss fast Hoveriplikt vart paalagt, og Herregardarne, som hadde skilt seg ut fraa Samdrifti, eignad til seg i dei fleste Bygderne Skogarne og Aalmenningarne; men liveigne aa kalla for var ikkje Bønderne endaa.
 
Lensherrarne og dei geistlege Herrarne kuad Bonden ned _ Magti hadde ikkje lenger Upphavet fraa det jordeigande Folk men fraa Høgderne i Samfundet _, men endaa heldt Bønderne fast paa sitt Sjølvstyre, paa Samdrifti og sitt gamle Rettsvæsen. Jamvæl den hørige Bonden hadde erveleg Bruksrett til Jordi; Godsherren kunne krevja sin Part av Avlingi og Hoveri, men ikkje jaga han fraa Garden. Ein ufri Bonde kunne finna Vern i dei rike og megtige tyske Byarne med og verta Ervefeste-Bonde paa Bymarki, um han vilde.
 
Etter som det leid mot Slutten av Millomalderen ser det mest ut som dei hørige Bønderne fekk det betre enn fyrr; for rett som det var kom det Ufred og Pest og reiv med seg i tusundvis, og daa vart det lettare aa liva for dei, som vart att. Men dei gamle frie Bønderne seig lenger og lenger ned under Adelsveldet, og dei frie og dei hørige jamnad seg i hop.
 
Ved det Leitet, som dei reiknar, at den nyare Tid tek til, umkring Aaret 1500, fekk Romerretten som fyrr hadde voret kjend og brukad bland geistlege, Inngang i Tyskland i verdslege og privatrettslege Ting og trengde den gamle germanske Folkeretten undan. Juristarne kjende ikkje annan Rett enn Romerretten og gjekk ut fraa at Bonden fraa Upphavet var ufri; naar ein Herremann stod paa det, at ein Bonde var hans hørige, laut Bonden prova, at han ikkjevar det; Folkedomstolarne, som med offentleg Rettargang og tildels med Jury hadde haldet seg til desse jamsides med Herremannens Doms-Rett yver sine hørige Bønder, vart no forhutlad og kom reint burt. Herremanns-Domstolarne lagde no den tyske Bonden i Trældom; det gjekk fleire hundrad Aar, fyrr Kongarne og Fyrstarne raadde med Herremennerne slik, at Staten fekk Rom for si Domarmagt jamsides med Herremennerne, og fyrst i vaart Aarhundrad vart Herremans-Domstolarne avtekne ved Lov¹).
 
Daa Bonde-Trældomen tok seinare til i 
Tyskland enn i Frankrike, so kom Bonde-Reisningi seinare og. Paa Reformations-Tidi sette dei upp, allvisst dei, som fyrr hadde voret frie og som hadde vortet kuad paa det siste; dei gamle hørige heldt seg mest i Ro. Likso fælt som dei hadde vortet kuat, likso fælt hemnde Bønderne seg no.
 
Daa Luther tok paa med Reformasjonen, gav det ein Kveik i heile Tyskland. Bønderne tok paa og las i Bibelen, og daa Luther skjellte paa Prestarne, og Fyrstarne og Herremennerne, lydde Bønderne paa desse Ordi. Han sagde, at det var betre, at alle Bispar vart ihelslegne og alle Stiftelse og Kloster lagt i Øyde enn at ei Sjæl var fordervad, og Bønderne tok dette som ei Uppmaning. Dei tottest hava leset i Evangeliet, at alle Menneskje var Jamningar, og dei beit Merke i det, at den heilage Skrifti nemner Gud og Fyrsten men ikkje Herremennerne. Fyrst klagad Bønderne nokre Stader, og Adelen og Fyrstarne tingad med dei so lenge, til dei hadde lagat seg godt til og kunne vaaga paa Motstand. Daa samlad Bønderne seg og skreiv ihop ei Klage i 12 Stykkje; dei vilde, at Aalmugen skulde faa velja Prestarne sine sjølve; dei hadde tolt, at Herremennerne dengde dei liksom Trælar, endaa dei var atterløyste med Kristi Blod, men no vilde dei ikkje tola det lenger, mindre ein kunne syna dei av den heilage Skrifti, at dei hadde Urett. 
Dei vilde hava løyst Stavnsbandet, Lette i Hoveriet, mildare Straffer, Rett til aa fiska og gaa paa Skytteri, for Gud hadde gjenom Adam gjevet alle Menneskje Herredøme yver Fiskarne i Havet og Fuglarne i Lufti. Dei vilde hava Lov til aa hogga Byggjefang og Ved i Skogarne, og vera fri den Afgifti, som vart kravd av Enkja og Borni, naar Husbonden døydde, slik at dei slapp aa tigga. Dei vilde tegja med alle hine Klagurne, berre Herrarne vilde lova, at dei skulde fara aat med dei etter Evangeliet.
 
Bønderne tok Luther til Skilsmann i denne Striden, men han gjekk med Herremennerne, for han heldt strengt paa det, at Undersaattarne skulde lystra Raadsmagti. Han bad Herremennerne vera rettferdige og kallad dei for naadige Bødlar, men paalagde Bønderne og, at dei skulde bera sin Jammer med Tolmod. Daa Bønderne ikkje vilde gjeva seg under Bødlarne att, skjellte Luther paa dei med dei argaste Haadingsord og bad Fyrstarne og Riddaranne slaa ihel dette forbannad Kreket som galne Hundar.
 
Daa Bønderne ikkje kunne faa Rett, vart dei reint radikale og tok til Vaapen mot heile den urettferdige Samfunds-Skipnaden, mot Rikdom, Kunnskap og Stands-Skilnad; det var det same som no var uppe, som i 1789 og 1848; Bønderne var Sosialistar, men like fullt brennande heite i Trui. Kristus hadde sagt: Kom hit alle de, som hev Møde og tyngjest ned, eg skal gjeva dykk Kvile. Desse Ordi høvde paa Bønderne, og dei vilde no vinna med Vaapen den Retten, som dei totte Evangeliet gav dei. Ved Rhin, i Elsass Lothringen, Tyrol, Kärntten, Steiermark og andre Stader fauk dei paa Herremennerne, tok Jordegodsi fraa dei og trugad dei til aa leggja ned dei fine Namni og glitrande Klædi og sette av Raadsmagti. Men Herremennerne fekk snart Yverhand, 100,000 Bønder vart drepne. Ein av dei, som hadde voret med og drepet ein Herremann, vart bunden til ein Paale og so lagde dei Ved rundt umkring han og brende han langsamt. Bønderne hadde svoret paa, at dei aldri vilde sjaa Markgreven av Ausbach for Augurne meir. Han fangad 865 av dei og stakk ut Augurne paa dei.

( Meir.)
 
 
Misprentingar i 2dre Stykkjet:

Colbert vilde fri Bønderne for dette Hoveriet og bela ei Avgift, skal vera: Colberg vilde fri Bønderne for dette Hoveriet og lata dei betala ei Avgift.
 
Um Natti labbar dei um i Holur, skal vera: Um Natti labbar dei inn i Holur.


¹) Heile denne Utgreidingi er etter Landboforhold og Jordleielovgivning i fremmede Lande, udarbeidet efter Foranstaltning af Leilændingskommissionen. Det meste um Bonde-Reisningi etter Cæsare Cantu.