Ein Jolaftan paa Møre.

 
Der var tvo Alner Snø og sterkt Rennedriv; Snøskavlarne var so store, at jamvæl ein vaksen Mann kunne koma vek i dei. Me Borni hadde gildat oss so lengje og gledt oss meir og meir for kvar Dag; no var daa Store-jolaftan komi, og han Eljas uppi Jogara hadde alt skotet Joli inn, so at no var der ikkje noko Tvilsmaal meir _ Joli var komi. Eg og ho Gina og ho Kanotte, me som smaae var, foor att og fram paa Golvet, trappad og sprang, so glade, at me ikkje viste kva Fot me skulde staa paa, og song: tire, lire, litta, titta! Mor var aat og bar inn Sideriv¹), godt, ungt feitt Spikjekjøt. Bordet var alt dukat og ei Flaske sto paa Johan Arent upppa Bordet med eit Kjærteljos i. Det Ljoset saag me paa med store Augo, men det var ikkje Raad til aa faa setja i det, fyrr alle var komne aat Bordet; daa det vart tendrat sa me: No er Joli komi paa Bordet! So vart det daa so, at me sette oss tilbords. Og Ljoset vart tendrat og me saag alle paa den reine Logen. So song han Far og ho Mor mad høgt Maal: Op glædes alle, glædes nu, og me Borni tok i med, det me vann. Daa Songen var slutt, gjekk han Far ned i Kjellaren og tappad upp i tvo Ølskaaler med godt heimebryggjat Øl; og ho Mor og me heldt paa aa steikja Sideriv inn paa Glodom. Heile den vesle Stova vart fyllt med fin Braal av Steik og god Mat. So kom me tilbords igjen, og daa foor Ølskaali rundt Borde, og me aat og drakk alle hugnadleg. Daa dette Maalet var fraaseggjort, sat me og samsnakkast, song innimillom, og Ølskaali foor ikring. Ho Karl-Johane ruslad burt med Omnen, sette Gryta paa, for no skulde Mjølkesupa kokast, Lutefiskjen hekk alt og saud fram paa Glodom. So tilbords att. Fyrst song me Songar, so foor Ølskaali ikring og deretter tok me for oss av Maten: mjukt Lefsebraud med nykjenna Smør av Koderjome, Blotfisk so fin og krullande god, at den liksom braanad inn i Munnen. Det var ein Rett som me gledde oss til heile Aaret. Og um Jolaftan var ikkje Smøret esla, me fekk alle eta av ei Smørkanne. Naar me var ferdig so brukte me aa takke kvarandre upp i Haandi for Maten. Og so var me alle glade og kjende oss so trygge. Der vart leset um Gjætaranne attmed Bethlehem, som gjætte Sauder um Jolaftan, og me fekk høyra, at der var Land i Verdi, der det blømde dei fagraste Rosur midtvinters. Me høyrde Englesongen og saag dei blanke tindrande Stjernurne. Me gløymde, at me var langt upp under Nordpolen, i Snø og Kalde og Myrkr. Me høyrde og saag alle Ting so væl. Og me var so visse paa, at smaae Englar fauk um i Stova, og at Jesus no var midt imillom oss, og naar me berre tenkte ein Tanke og ynskte noko godt for Far elder Mor, so visste han det og vilde tena oss i det. _ 
So gjekk me daa tilkøis; men Klokka 3 _4 skulde me Ungdomen og dei største Borni avstad til Ottepreike. Det var eit Vaas og Bal; men me laut endeleg faa sjaa alle Kjerteljosi og Presten i den kvite Kjolen sin. Me fekk ikkje sova heile Notti, for aa ikkje forsova oss. Me fekk so Øl og Mat og vart væl tilgyra med klæde og Styvlar og Raggar utanpaa, og so bar det i Veg. Men der var ein liten uppløgd Bolk, fyrr me naadde inn paa Landsvegjen. 
Der laut me bytast um aa gaa fyrst kvar sin Gong, og dei, som etter kom, steig i Fotefaret aat Fyremannen. Naar me daa var gjengne mest ei halv Mil, saag me fraa ei Braut Kyrkja, med eit Ljoshav utgjenom alle Glasrutur, so me skulde tru, der var fatnat Ljos i den Kyrkjeklokka kallad og ringde. So kom me inn i Kyrkjehuset, der brann mange hundra Ljos i Ljosekrunurne og elles burt igjenom Kyrkja. 
Orgelen spilad med ljose, leikande Tonar, det var ein Dur, som av ein kvit, fin Fjellfoss, som styrtar seg utyver ei fager Lid.
 
Farvæl du væne, fagre Barnetid, takk Far og Mor, at de gjorde den so rik, likevæl de var fatige. Gjev der i den Botn, som de lagde, kann verta saatt noko godt, som kann veksa so, at det kunne lata Alderdomen og Minnet dykkar finna ein Skugge og Ly der,

A. H .

¹) = Kjøtstykkje.