Ratatosk.
Innmed
den eine Roti av Ygdrasil ligg der ein fæl Orm, som heiter Nidhogg,
og i Toppen sit der ei gamal klok Ørn og ser utyver Verdi. Men
imillom Ørni og Draken spring Ikornet
Ratatoskmed
Ovundsord.
Me
skynar so væl, kva det var, dei vilde bilda av med dette Ikornet,
som hev det so annvint med aa setja Ovund og Uvenskap millom Ørni og
Draken. Det er
Sladderen.
Og kor er det ikkje maalande dette Bilætet! Kvar Gong eg ser ei
Sladderkjering, som hev rigtig annsamt med aa renna gardimillom med
Treskopostar, maa eg koma ihug Ratatosk. Eg tykkjer so livagtig sjaa
honom kila etter Askeleggen
_
dillande med Rova
_
sløg og søt, naar han rødde vondt um Ørni med Draken og likeso
sløg og søt, naar han i Toppen hjaa Ørni
_
set vondt ut um Draken.
Det
hev alle Tider voret Sladderen sitt Kjennemerke dette. Ingen er so
supande søt og ingen rosar oss slik like upp i Andlitet, som den,
som hev Sladder til oss. Men so kann me au vera so hugheile paa det,
at det er ingen,
som vaagar aa æreljuga oss soleis paa Baket som han.
Det
ser ut til, at han skal verta langlivad Ratatosk; for han er like
lett paa Foten den Dag i Dag
_
og enno er det det gildaste han veit aa dilta gardimillom med
Ovundsord.
Naar
me liver skikkeleg med kvarandre som vener og gode grannar, daa sit
Ratatosk og sturer
_
tung i Hug; men naar ein stakkar syndar mot Vaarherre og god
Folkeskikk, daa slær han med Stortrumma aat Treskopostberaranne. Daa
vert det mest som i Ægypten paa Mose Tid, daa ein ikkje kunne taka
eit Steg utan aa trøda paa ei Padde. Naar Treskopostarne er paa
Ferde, kann du knapt reisa nestegars utan aa koma iskade for aa føra
ei Sladderkjering i koll. I slike Dagar vert det drukket meire Kaffi
enn elles paa eit heilt Aar. Og alle Treskopostberarar fær seg eit
gabbe Maal etterpaa Strævet.
_Den,
som hev komet ut fyre Sladderen er reint seld og fantefaren. Er du
slik ein Engel, at han ingen Ting finn aa hegta seg i, so er det Gut,
som er istand til aa gjera noko av ingenting. Aa gjera noko av
ingenting elder av eit ulagleg Emne er aa skapa
_
stod det i den gamle Forklaringi. Ja, Ratatosk kann skapa han og. Og
so faafengt, som det er aa freista etter aa faa Greide paa, korleis
Sladderen hev komet ut, kven det er, som hev set Lygni ut fraa
fyrstundes. Likeso godt tenkjer eg, du kunde freista etter aa faa
Greide paa, um der er Folk paa Maanen; for det finst ikkje den
Treskopostberar, som er so styven, dersom han daa er aldri so litet
driven i Konsti, at han set Skrøna ut fraa seg sjølv. Nei han hev
høyrt det av Per elder Paal han.
_
Hev du høyrt, korleis han byrjar, naar han vil setja ut ei Skrøne?
Eg trur, det er umlag soleis: Hev du høyrt, kva Folk segjer um
han Per Jensen? Ja, det kann somen godt vera Lygn au for alt det, men
det gjeng daa fullt og fast blandt Folk.
Kva er det, dei segjer
um han Per daa? Ja, eg kann nok segja deg det; men du veit, eg
vil ikkje vera den, som fer med Bygdesnakk, so du tarv no kje nemna
det for nokon. So kjem daa Skrøna med passeleg Tilsetnad av nytt
Stoff.
Soleis
hev no Ratatosk diltat gardimillom med Ovundsord, og han vil vel
halda paa. Og me kann korkje taka Livet hans elder landlysa honom;
men lat oss freista, um me inkje kunne gjera Vegjerne litt meire
tronge for Ratatosk, so han inkje fekk renna rigtig so fort.
Tormod
Knutson
.
Publisert