Meire lyt me gjera for Maalet!

 
Norsken lyt dagstødt veksa, og det danske Trælemaalet vaart døy.

Norsken hev komet seg gildt dette Aaret; det kann ingen negta. Det er reint ei Tægd aa røyna det! men det kunne ganga betre endaa, dersom me alle gjorde vaar Skylde. Me er kje so kvate og annsame, som me burde vera. Mykje meir kunne gjerast.

Eg vil no røda litevetta um Talemaaten: Dersom me allesaman vilde tala Norsk, liksovæl i høge Ting som laage, kor fælt mykje meir det ville hjelpa Norsken fram; elder kann me kje skyna, at det er det, som hev hjelpt Dansken mest fram, at han hev vortet brukad i Talen i alle høgre Saker? Hadde Dansken berre vortet standande i Bøkerne og Norsken vortet brukad i Talen, ja, daa skulde ein set Skilnad. _ Daa skulde ikkje Dansken komet so mykje inn, korkje i Byarne elder i Nærleiken av dei.

Hugse korleis det stod i Fedraheimen um Oddmund Vik for ei Tid sidan. Bønderne held han som ein av sine eigne, fordi han talar paa Maalet. Skulde det daa ikkje kunne ganga likso bra for ein annan. Og der han hev sin Folkehøgskule og verkar, der er sanneleg ikkje Norsken mest inne; men det er ein av dei Stader i landet, som dei talar minst Norsk. Men Talen deiras er lel nærmare norsken enn Dansken, endaa det er paa Austlandet ende ved Byen.

Ogso lyt me sjaa til vekkja kjærleik til 
Maalet hjaa Ungdomen; faa dei til skipa Samtalelag og eitkvart anna. Um det ikkje var meir enn 10 Gutar i eit Lag, og dei melde seg som Tingarar i det norske Samlaget, so vilde ikkje det verta meir enn 40 Øyrur i Aaret paa kvar, og det er kje stort.

Ogso lyt dei, som hev Tid og Gaavur til det, umsetja Bøker paa Norsk, so me kann faa fleire gode Bøker paa Norsk; so slepp me aa ty so mykje til Dansken.

Det er slett ikkje so mykje aa furdast yver, at det vert selt for so lite Pengar i Aaret av norske Bøker imot danske; for det er mange gode Bøker paa Dansk, som ikkje er aa faa paa Norsk. Me er nøydde til kaupa danske Bøker; for dei norske er det for lite av enno.

Ogso lyt me i det heile vera so samde um 
Skrivemaaten som moglegt, for aa vera for mykje usamde, det er berre noko, som meinkar vaar gode Sak. Det er noko ein veit, at dei røder ikkje likt yver heile Landet, og soleis so lyt nokre vægja¹). Eg er kje den, som vægjer minst. Ein lyt finna seg i, um det er ein Del Ord, som ikkje er etter Røda si; for elles vert det ingi Greide paa det.

Det kunne vera mykje meir aa røda um; men berre det vart gjort, som er rødt um her, ville me snart sjaa gilde Aldur.
 
Ein Vestfolding .

¹) gjeva etter.