Koss dei liver paa Vaage-Sætrarne i Gudbrandsdalen.

 
Besse-Sætrarne, som no er so væl kjende, ligg ikring 3000 Fot yver Havet. Og dertil ligg dei 5 Mil fraa Bygdi, so det er reint utruleg, at nokon kann vera der paa den kaldaste Tidi. Men so er det likevæl og hev voret so fraa gamall Tid.
 
Det vil ikkje svara seg aa køyra Høyet til Bygdi, og so dreg dei av i Midten av November med heile Buskapen for aa vera paa Sætri so lengje Høyet varar.
 
Men ein kann skyna, at det ikkje jamt er so Moro aa bu mitt uppi Jotunfjelli paa den Tidi. Naar det rjukande Snøgov set ned ifraa Memurufonni og Besshø, so Husi er ferdig aa fjuka av, og det mest er umogeleg aa koma fraa den eine Sæter til den andre, ja, daa er det ikkje hugnalegt,

Umlag i Midten av August byrjar Slaatten deruppe.

Og naar dei daa er ferduge med den, tek dei til aa riva Reinsdyrsmose med nokre Jarnrivur, den brukar dei mykje attaat til Fodr.
 
Det beste Slaget av den finst ovanfor Vida, men i Bjørkeliarne og Furuskogarne er han og. Ein kann taka upp tvo _tri Lass aaleine paa ein Dag.
 
Paa store Gardar kann dei bruka upp eit Par Hundrad Lass um Vetren.
 
Og naar so dette er gjort, reiser dei ned til Bygdi og vert der til dei fær Sledeføre, og det kjem so i Midten av November.
 
So dreg dei daa tilfjells med heile Buskapen. Gutarne og Budeiurne er klædde i Sauskinnspelsar og Snøsokkar paa Føterne.
 
Ein og annan Rjupeskjotar slær og Lag, han losjerar paa Sætren og hjelper Budeia med eitkvart, naar han hev Tid og Høve til det. Attaat Mosen og Veden køyrer Gutarne kvar Dag heim ei mengd Raa-bjørk til Bite for Kyrne, som likar so godt det mjuke Bjørkeriset.
 
Dei lange, myrke Veterkveldarne, naar Snøfoket ute er iferd med aa nedgrava Husi, sit Gutarne og steller istand Køyregreidurne sine. Og Gjenturne spitar hell saumar for seg sjølv hell for Kjeringi paa Garden. Paa Aaren logar og fræser nokre feite Tyrirøter, so det vert so ljost, at ein kann sjaa til det grannaste Arbeid.
 
Graatidelg um Morgonen dreg Gutarne ut med Hestarne, og Skjotaren spenner paa seg Skirne og skal av for aa sjaa etter Fuglarne. 
I Skumingi kjem dei att svoltne og trøytte etter Dagens Slit og Mas, men fær dei seg so noko Mat og lite sterk Kaffi, kviknar dei snart til att, og daa fær Gjenturne høyra mangei forvitneleg Soge um Dagens Hendingar.
 
Soleis gjeng den eine Kvelden etter den andre. Tidi flyg svert so fort der uppe i Fjellet, og snart stend Joli for Dør.
 
Etter gamall Skikk og Bruk reiser støtt 
ein av Gutarne fraa kvar Sæter ned til Bygdi etter Jolekost. Kjeringi hev daa stelt til baade Kjøt og Flesk, Pylsur og Kakur, Kaffi og lite Brennevin og Malt til Joleølet. Det er oftast at tvo _tri Gutar slær seg ihop i Fylgje, daa det fæle Veret mangeingong er faarlegt.
 
Svartejolkvelden, Kvelden fyre Jolaftan, ris Gutar og Gjentur upp ved Midnatt, ho til aa skura Golv og Tak, Mjølkekollur og Kjøkenstell. Alt maa vera likso reint og pussa her som heime.

Gutarne tendrar upp ein stor Varme, so det lyser yver heile Garden og stend og høgg upp all den Veden dei treng til det lid yver Trettenhelgi.
 
For at Budeia skal hava so lite som mogeleg aa gjera Joledag, kokar ho upp Maten fyriaat.
So kappast dei paa mange Sætrar um aa verta fyrst ferdig. Dei maa daa aldri verta ferduge seinare enn Klokka 5. For aa fortelja kvarandre naar dei hev stelt ifraa seg, smeller dei av eit Skot.

So er daa Jolekvelden komen. So tendrar dei Joleljoset, og tek seg ein Dram og ein Kopp Kaffi, men held seg jamnast kvar for seg.

Ja, det hender, at ein Skjotar fraa ei onnor Sæter kjem og smeller av eit Skot like utanfor Glaset. Og so til flogs. Dei, som er inne, spring daa etter, og kann dei faa fat paa han, maa han inn og smaka paa Ølet.
 
Bordet stend med Maten paa heile Jolenotti, so at alle kann eta og drikka naar dei finn for godt.
 
Ljoset stend og brenn heile Notti. Baade Hestar og Kyr fær den Kvelden eta so mykje dei orkar, og det kallar dei Otarimen, Joledagskvelden byrjar dei aa hava Selskap. Dei held eit Selsgjestebod paa kvar Sæter. Daa set dei fram det beste Huset eig av Mat og Drykk, og etterpaa dansar dei og held Leikar.
 
Dersom dei inkje hev Fele hell Munnharpe, trallar ein og dei andre dansar etter det. Kl. 1 _2 sluttar Laget, og daa køyrer dei kvar til sitt i rjukande Renn.
 
I Februar er det slutt med Sæterturen, dei dreg daa ned i Bygdi att. Men i Midten av Juni flyt dei upp att, til aa vera der um Sumaren.