Japanfolket og Kristendomen.
(Del 1 av 2.)
Japanfolket
bur paa 4000 Øyar, som liggja kring Japanhavet austfyre Millom-Asia.
Niponheiter
den største Øyi; der ligg Hovudstaden
Tokio.
Dette Folket høyrer liksom vaare Finnar til den mongolske Folkeætti,
og er nær. skylde med Kinesarom. Japan-Riket heve 34 Mill.
Menneskjor og vert styrt av ein Keisar, som dei kalla
Mikado,
og som maa byta Magti med eit Parlament elder Storting.
Fyrr
hadde Japanesararne den same sterke Mothug mot andre Tjoder elder
Landslydar som Kinesararne og heldt seg fyre seg sjølve. Alt til
1854 var
Nagasaki
den einaste Hamni, som utlendske Skip fekk leggja inn i. Nokre faae
Skip fraa Kina, Korea og Holland fekk aarleg Lov til aa lenda her;
men Japanesarar landsette Varorna og ladde Skipi; dei heldt
Framandfolki mesta som Fangar og vilde aldri hava Umgjenge med deim.
Men no er 7 Hamner opne og Europafolk hava ogso fenget bu i Landet;
det er ikkje so faa av deim helder. Unge Japanesar hava ferdast i
Europa og seet og lært og komet heim til aa rettleida sine
Landsmenner i ymse utlendske Bragder og Seder, og desse hava voret
lærenæme, eignat til seg og gjort gode Framstig. Detta vita me
fyrr; men no skal du høyra:
Japan
held seg til
Buddhalæramed
mange Sekter elder Serlag og dyrkar Mikadoen under Titelen
Himmelherren. No melder ein vælrøynd Missjonær, som arbeider
der, at Japan er um og skal taka imot Kristendomen. At me driva
mot dei største Umbrøyte i so Maate, det kannar kvar heiden Prest,
det gjer kvar Bladskrivar kunnigt, det vitnar kvar Embættsmann, og
det lyt kvar vitug Mann medgjeva, so skriv han, og hundrad andre
segjer det same.
_
Vistnok heve ein Baptist-Missjonær fraa Amerika skrivet: Altfor
mange rosemaalade Brev fara no fraa Japan til Europa og Amerika med
Bod um Framgangen aat Evangeliet. Visst er det, at mange spyrja etter
Sanningi, mange er endaa reiduge til aa offra nokot fyre Kristi
Skuld; men den store Mugen spyr ikkje etter Kristendomen, vil ikkje
høyra um honom helder, um ein byd deim
_
ja, mange gjera det dei vinna til aa hindra framgangen med Arbeidet
vaart. Missjonen kjempar seg fram Mann mot Mann, i det høgste tek
eit Par idag og eit Par imorgon imot Evangeliet; men Japan vert ikkje
umvend paa ein Dag. Han meiner soleis, at Missjonen ikkje gjeng
fortare fram i Japan enn i andre heidne Land. Men her tek han vist i
Miss. For det, som no hender i Japan, er noko umframt og merkelegt,
som kann gjeva dei beste Voner. Der vert drivet Missjons-Arbeid fraa
Boston av Independentar, dei kalla.
Missjonsnemndi
der segjer i siste Aarsmeldingi:
I
dette Aaret heve vaar Missjon i Japan gjort ovstore Framstig. Inkje
anna Land tek so fort imot den kristelege Civilisasjon. Dei høgste
av Riksembættsmennom er so langt ifraa aa vera imot Kristendomen, at
dei endaatil tykkjast kjenna, at Kristendomen er det einaste, som
kann hjelpa Japan. Den største Faaren er, at me vinna so store
Mengder av Folket til Kristendomen, at Arbeidskrafti vaar vert reint
for liti. Fyre vaar Kyrkjelyd heve det siste Aaret boret rik
Velsigning. Kyrkjelyden heve gjenget gjenom ei ny andeleg Fødsla,
som Menneskje-Lippor ikkje er i Stand til aa maala av; me kunna berre
fortelja um dei mest framtredande Verknadar av henne: ei djup Kanning
av Syndi, ei likeso djup Kjenning av Guds Naade mot oss og ei glad
Trong til aa arbeida fyre Herren i Samband med større Einfold og
Naturlegheit i detta Arbeidet. Talet paa Kyrkjelydslemer heve
aukat med 60 Procent; det er mykje; men meir endaa er det, at dei,
som fyrr var
truande, hava vokset fram til personleg aa gjeva seg burt til Herren.
Under slike Tilfelle er det ikkje rart, at dei faa ei reint onnor Syn
paa Evangeliet og taka meir viljug imot det. Til dei 19 gamle
Kyrkjelydar er det komet 3 nye, til dei 1097 vaksne Kyrkjelydslemer
736 nye. Den eldste Kyrkjelyden vart ordnad 1874, og av dei 22, som
no er, standa 15 reint utan Stydjing av Missjonskassa, som hellest
heve gjevet berre Kr. 2200 til Hjelp fyre Arbeidet her, medan
Midlarne, som umvende Japanfolk veitte til Hald av Prestar, Kyrkjor,
Skular o. s. fr., gjorde Kr. 27,700. Ein av dei mest vonfulle
Hendingar detta Aaret er Vekkjingi paa
Kiotos
Seminarium
og
Utsendingi av 13 unge Menn, som etter 8 Aars Studering hava teket
Teolog-Eksamen og tredet inn i Raderne av Arbeidarom. Ein ny Stasjon
fyre Nord-Japan er grunnlagd i
Niigata
under heppne Umstødor. Alt peikar paa vonom større Framstig.
Upplyste Japan-Kristne, serleg dei landsfødde Prestar, er
gjenomtrengde av den Yvervitning, at Japan um faae Aar lett kann vera
eit kristnat Land og so strakst vil kunna hjelpa til med Umvendingi
av Koreanar, Kinesar og Mongolar.
Ei
slik herleg Missjonsmark heve der enno aldri voret: Sanneleg, under
slike Høve torer ein vel beda um mange fleire, ja dubbelt so mange
Stridskrafter. Kor syrgjelegt vilde det ikkje vera, um dette Tilhøve
skulde fara av unøytt.
Attaat
detta kann ein ogso faa nokot Vit paa Tilstandet derved, at det berre
i 1883 vart selt 85,878 Eksemplar av gudelege Skrifter. Det er iser
tvo Umstødor, som styrkja desse gode Vonerna munarleg: 1. Bladheimen
heve skift Meining til Bate fyre Kristendomen. 2.
Dette
heve verkat paa Riksstyret soleides, at det no gjer Tiltak, som peika
mot ei aalmenn
umvending
til Kristendomen.
Det
er iser
Fukuzawa,
ein namngjeten Bokmann og varm Fedralandsven, som heve gjort
Bladheimen til Talsmann fyre Kristendomen. Han er umlag 50 Aar gamall
og er ættad fraa Fatigfolk. Alt medan han var liten Gut, braut han
seg fram til Kunnskap i Blomen av Kina-Bokheimen, i Yngdi lærde han
seg Hollandsk og Engelsk; so tok han utanlands, fyrst til Amerika, so
til England og vann seg Kunnskap um Soga, Riks- og Samfunds-skipnaden
aat desse Rike, kom so heimatter og skreiv ei bok um Livet hjaa
dei vestlege Folkeslag, der han teiknar dei Tokkar og Tankar, han
hadde fenget med seg heim ei Ordbok yver Englandsmaalet, den fyrste i
Japan, og nokre Lærebøker av ymist Slag til ein engelsk Skule, han
hadde sett i Gang heime. Men Hatet mot den framande var enno so
sterkt, at han og Venerne hans ikkje kjende seg trygge paa Livet. So foor
han til Evropa og Amerika atter og samlade Emne til ei ny Bok
Framgangen aat Daningi (kom ut i 1866); der talar han um
Fridom, Jamskap og Fedralandskjærleike o. s. fr. Dei konservative
freistade aa faa Tak i heile Upplaget og brenna det; men den
Meinraadi fekk ikkje Framgang, og Boki vart vida kjend i Riket (seld
ein halv Million Stykkje); no finst det snaudt ein Mann i Japan, som
tykkjer dei Synsmaatar, Boki gjeng um, er for radikale. I 1882 tok
han seg til aa gjeva ut eit Framstigs-Dagblad, som heve fenget endaa
større Vigt. Der dryfter han Framstigsspursmaal um Husverking,
Handel, Jorddyrking, Skulestell, Samfunds
skipnad
o. s. fr. Han dømer ogso um Riksstyringi og Utlendingarne og deira
Gjerningar. Med detta Bladet og kannhenda endaa meir med sin engelske
Skule, som mange av dei høgste Embættsmennerne hava gjenget paa, er
Fukuzawa vorten ein av dei megtugaste Menn i Landet. No er det det
rare: Denne Mannen heve fyre 3 Aar sidan skrivet ei bitter Bok mot
Kristendomen, avdi han ser i honom ei Magt, som
støyter
hans nasjonale Kjensla og hans Kjærleike til Fedralandet; no ser han
i Kristendomen ei Magt, som vil
stydjahans
Fedraland og talar varmt fyre, at dei ikkje berre skal tola
Kristendomen, men endaa gjera honom til Folke- og Landsreligion i
Japan. Denne Fukuzawas Umvending er no berre politisk liksom; for
nokor guddomleg Openberring vil han ikkje vita av i Kristendomen; men
Moralen og Samfundsskikkarne er det han likar, og han er yvertydd um,
at skal hans kjære Fedraland nokosinn verta Jamning med Vestmagtom,
so lyt det taka ved Kristendomen. Derved berre vil det kunna hevda si
politiske Sjølvstøda og berga si folkelege Serstilling (det vil
segja det, som er livført og verdfullt i Japan-Kulturen) og frelsa
det yver i det nye Tidi, som bryt seg inn med Velde. Buddhalæra
stend langt attum Kristendomen i Sanningsverd og Livskraft. Aa halda
paa henne vilde vera det same som aa stengja fyre Japans Framgang og
til Faanyttes seinka Kristendomens visse Siger v. s. fr.
(
Sluttar.)
Publisert