Forklaringi hans Pontoppidan.

 

Det var hugnadleg aa sjaa, at Læraranne paa Maalskulen i Gausdal hadde den Meiningi, at Fedraheimen er mykje lesen av Læraranne utyver Landet. Eg tek difor fram her i Bladet Spursmaalet um ”Forklaringi”. Det er no skrivet og sagt so mykje vondt um denne Boki, at eg her ikkje skal koma med meir av det Slag. Det er væl no og sannkjent av alle Partar, at Boki er ubrukande for Born. Eg vil med dette beda Lærarar, som ikkje hev leset ”Manglerne ved Pontoppidans Forklaring og Principerne for en ny”, av N. Hertzberg, sjaa til aa faa lesa det. Dette Fyredrag kostar berre 35 Øre og er godt. Den, som hev voret Lærar nokre Aar og tenkt yver ”Forklaringsspørsmaalet”, vil finna Veilurne ved Boki grundigt og klaart framsett der. _ Det som no staar igjen, er aa faa ei betre istaden; men det er nok ikkje so snøgt gjort.

 

Det gjeng no raskare aa riva eit gamalt og daarlegt Hus enn aa byggja eit nytt og betre. Det er no skrivet nokre Prøvur til ei ny Bok, og ein Kommissjon er nedsett til aa døma dei; men det høyrest ikkje noko um, kva han meiner um desse Framlegg. Eg tenkjer no det kjem ingenting ut av det heile Braak.

 

Eg tenkjer no ein kann klaara seg godt med Katekisma hans Luther. Men Prestarne og Aalmugen synest ikkje det. Det vert forlitet ”Dogmatik” maa vita. Prestarne kann ikkje konfirmera Ungdomen med so lite. Det er mest løglegt med alle Forklaringar yver Bibelordet. Det er ofta slik, at Forklaringi er meir uklaar enn det, ho skal klaargjera. Av alt vaart Mas med Pugg av ”Pontoppidan”, er me komet til det, at det er faae Ting vaart Folk har so lite Forstand paa, som paa dei kristelege. Gudelegt Snakk set Folk ofta høgare enn upplysande Tale um kristelege Ting. 
Dette synest aa vera Teikn paa, at det maa vera noko skeivt og lite dugande i Undervisningi um Kristendomen. Folk trur ofta det, at naar dei kann ”Bøkerne” sine, so hev dei sin Kristendom greid. Det høyrest ofta, som um Kristendom var det same som aa kunna ei Bok elder Stykkje av ei Bok utanaat; men likevæl finn ein aldri, at Jesus elder Sendemennerne hans kravde av Folk, at dei skulde lesa og læra ei Bok for aa verta Kristne. Dei krev Tru paa Ordet, dei bar fram. Trui, veit me, kjem av det ein høyrer. Folk har ikkje vidare Tru paa, at Borni kann læra stort av aa høyra paa, kva Læraren fortel. Nei, skal dei læra noko til Gagns, maa dei faa ei Bok og lesa 10, 20, 30 Gonger tankelaust og mekanisk. Det er den rette Kristendom, dei daa fær. Dette med Forteljing er ikkje noko aa lita paa. Ein maa ofta, som Vinje segjer, flira til Galskapen, endaa det kunne høva likso godt aa graata.

 

Det arbeidest no paa aa faa ei ny Skuleordning for Landet. Av dette Arbeidet ventar eg meg mykje godt, iser no etter den Samansetning Kommissjonen har faatt. _ Ei heil ny Ordning vil det vel neppe koma utav det; men Omvøling og Retting paa mangt, som no er skjemt og ugagnlegt, vonar eg, det vert. _ Det, som er Hovudsaki ved Skulen, Læraren nemleg, kann ei ny Ordning ikkje umskapa; og det me mest vantar, er varme og livfulle Lærarar, som kann bruka Munnen sin godt, so han kann bli Nomer 1 i Skulen, og Boki Nomer 2. Som det no er, er Boki Nomer 1 og Lærarens Munn Nomer 2, mange Stader iallfall. Soleis vil baade Aalmugen og Autoritetarne hava det. Det er mange Lærarar, som gjerne vil undervisa paa ein Maate, som høver betre med Barnalynnet; men Prestarne og Aalmugen vil ikkje hava det so; og Lærarne er for veike til aa standa imot so sterkt Trykk.

 

Kunde Kommissionen koma til aa gjera Skulen meir fri for Presteveldet og gjeva den dugande Lærar meir frie Hender til aa arbeida etter sit Vit, so vilde Skulen koma til aa gjera eit Framsteg, som ikkje er lite verdt.

 

A. N.

 

Frå Fedraheimen 12.12.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum