Ei Gudstenest


i det 4de Aarhundrad. 
Prof. Bang skildrad ei slik paa basaren til Ynglingeforeiningi.

I Fyregarden av Kyrkja saag ein ei Mengd med Folk, sume utstøytte elder exkommuniserad, men som no er botferdige. Liggjande paa Kne elder strakte til Jordi ropar dei til dei, som gjeng framum, at dei skal faa verta uppatt-tekne i Kyrkja. Inne i Kyrkjehuset saag ein eit Bilæte av den vælsignande Kristus. I sjølve Koret ser ein ei Avskildring av Kristus, stijande paa sin herlegdoms Trone, millom Apostlar og Englar.

Kyrkjelyden er fyrst dei, som bur seg til aa verta upptekne i Kyrkja, Katekumenar dei kallad, og so Heidningar, botferduge og dei som hadde vonde Aandar; desse hadde berre lov til aa høyra paa den fyrste Del av Gudstenesta. So er det dei truande, det er Born ogso millom dei, dei hev Del i alt saman, jamvæl i Nattverden.

Naar Folket haded samlat seg, kom Bispen inn, fylgd av Diakonar og eldste, Gudstenesta byrjad. Fyrst ei still Bøn, og so tok Koret i med Herren er min Hyrding og sluttad med Lovprisningi (Ære vere Gud Fader o. s. v.). So tok Diakonen paa høgre Sida til aa lesa upp Stykkje av det gamle og nye Testamente, og innleidde det med Fred vere med Dykk. So kom det Salmesong, anten av Davids Salmar elder nyare Hymnar, og so tok ein Diakon paa vinstre Sida til aa lesa eit Evangeliestykkje, og so heldt Bispen ein Tale bak Altaret.

Daa vart det ropat: Ingen av Heidningarne, ingen av Tilhøyraranne vere her lenge, og daa var det den andre Delen av Gudstenesta, som byrjad med Fyrebøn for Katekumenarne, dei botferduge og djevlesette. So heldt Yverdiakonen Kyrkjebøni for dei nyfødde, dei som var sjuke og fengslad m. m. medan Folket ropad Kyrie eleison.

So bar Kyrkjelyden fram Gaavurne sine, Olje, Braud og Vin, ein Skikk som hadde haldet seg fraa Aposteltidi; etterpaa var dei uppmanad til aa gjeva kvarandre den heilage Broderkyssen. Diakonen kjem fram og held ein Tale, svarande til Skriftetalen hjaa oss, og Bispen tek aat med Ord, som nærmast svarar til det Paa det, kjæraste Kristi Venner o. s. v., som me brukar; det var ei Takksegjing for Guds Openberring i det gamle og nye Testamente. Sidan kom Vigslebøni, som sluttad med Fader vaar og Folket song Salme 34. Bispen gjev Sakramentet fyrst til seg sjølv og sidan til Prestarne og so til Kvende og Born og endeleg til Mennerne. Etter ei Takkebøn og Vælsigningi ropar Yverdiakonen: Gakk burt i Fred, og Folket gjeng ut or Kyrkja.