[Tidender.] Revisjonsstellet.

 
Statsraad Kildal hev teket Upphavstaket til aa faa ein ny Ordning av Revisjonsarbeidet. Han hev fenget i hop tvo Departementsmenner og Statsrevisorarne Hølaas og Berner til aa granska Saki og koma med Framlegg.
 
Dette er eit gildt Tiltak. Det hev lenge voret paa Tale, at ein maatte faa ei likare Ordning paa dette. For som det no er, so er det baade uhøvelegt og kostsamt.
 
Ein skulde venta, at det er den, som betalar Skattarne og som hev Tillatingsmagti med Statens Midlar, som og einaste hadde aa sjaa etter, at Statens Tenarar, Regjering og 
Embættsmenn, brukad Pengarne retteleg, paa den Maaten som det var meint og ikkje øydde noko burt til Faanyttes.

Ja no hev me Statsrevisjonen til det. I den sit det Menn, som er valde av Stortinget. Men fyrr Reknskaparne kjem til Statsrevisjonen, skal dei fyrst ganga gjenom Revisjonsdepartementet, og daa gjeng det lange Tider, fyrr dei kjem so langt som til Statsrevisjonen, og til lenger Tid det gjeng, til vandare kann ein vita det er aa faa dei rette Upplysningar, som trengst til aa døma um korleis alt hev gjenget til. Og ein kann vita, at Revisjonsdepartementet prøvar aa jamna alt til so fint som mogeleg, so at um det kann vera ymse Veilur, so vert dei løynde so mykje som mogeleg, fyrr dei kjem til Statsrevisjonen, so det skal gløgt Auga der til aa finna ut det som er galet.
 
Um det no sit aldri so gilde Folk i Regjeringi, so er det underleg med det likevæl, naar ein skal revidera Reknskaparne sine sjølv, so vil ein jamt vera freistad til aa lata alt sjaa ut likare enn det er. For det er likesom heile 
Embættsverket heng i hop. Det er som dei ikkje tarv hava den Otten i seg, Embættsmennerne, naar dei veit, at det er Departementet, som reviderar, det som vil hava berre Ære og ingi Skam av nokon av sine Menn. Og mang ein gamall Slurveskikk, som er nedervd og hevdad i Embættsverket vaart baade i Pengestell og anna kjem ikkje fram for Folk, so at det kunne rettast paa.
 
Annleis var det, um det var berre Folkemagti, som gjenom Stortinget valde Revisjonsmenn, og at det ikkje var noko Revisjonsdepartement, som stod under Regjeringi. Daa vilde det koma anna Slag Otte i Embættsmennerne, daa naar kvart eit Grip dei gjorde skulde greidast ut for sjølve Folkemagti.
 
Det vart mykje større Trygd, um det var soleis lagat; og so mykje billigare det vart aa hava berre ein revisjon imot tvo, som jamt maa liggja i Krig som Hund og Katt.
 
Heile Riksstellet vaart vilde ganga meir fljott og lettvint.

No fyrr hev det voret Skikken, at det Parti, som hev voret imot Regjeringi i Tinget hev valt av sine Menn til Statsrevisorar, til at dei skulde vera meir gløgge og paapasselege paa det som Regjeringi forgjekk seg i, enn naar det var Venerne hennar.

Denne Skikken skal ein halda paa med, segjer Høgre, lat no Statsrevisorarne veljast av det Partiet, som er imot regjeringi no, lat Høgre faa sine Menn valde til Statsrevisorar, dei er dei gløggaste no. Og det kunne synast so rimelegt.
 
Men ein skal hugsa paa, at det er andre Umsyn ogso. Revisjonen skal ikkje berre passa paa, at ikkje noko gale vert gjort, men ogso sjaa til, at alt vert gjort soleis som Stortinget hev meint det. Det er nemleg større Kunst aa bruka Pengar rett enn aa misbruka dei.
 
Og daa er det ikkje uhøvelegt framleies, at det er Fleirtalet, som tek seg Revisorar millom slike Menn som dei hev full Tillit til, at dei vil sjaa etter, at Statens Midlar vert brukad paa rette Maaten.