Ein Selle.

 
(Del 7 av 10. Fyrste delen.)
 
(Framhald).
 
 
Daa eg skulde sjaa ut um Dagen etter, laag Spilemannen nedmed Vegen og sov med Fela i Haandi. Han var ikkje væn aa sjaa, Klædi var skraamutte og søylutte, Haaret var fullt av Sand, Hovudet hallad nedmot Grefti og Hatten var trillad ned, so Soli fekk baka Andlit og Vangar, som ho vilde, Munnen gapad so stygt. Eg tok upp Hatten og vilde til aa flytja Karen, so han imindste kunne faa liggja lite folkelegare og faa litt Studnad under Hovudet og faa litt Tekkje yver Andlitet. Men med eg heldt paa med det, vaknad han, reiste paa seg og gloste umkring so dunsen og urven, og straks seig Augo i hop att. Men um ei liti Stund slog han dei upp att og vart sitjande stira stivt framfyre seg, tok til aa røra paa Henderne, kjende so, at han heldt i Fela; saag paa ho eit Bil, tok so til aa løysa upp Kluten smaatt um Senn, sette ho innaat Bringa og gjorde nokre veike Drag med Bogen, sveiv so burt i Svevnorarne igjen, Hovudet seig ned i Fanget. Endeleg rette han seg upp fullvak, saag paa Fela att som i Tankar og tok til aa spila paa ho ustelt som ho var. Det var same Slaatten sat i han som igaar; men hu, tomt og kaldt som Daudemannsljod; Tonarne peip og skreik i den ustelte Fela. Det var ein Uhugge ved det, som eg ikkje kunne halda ut; eg gjekk stilt ifraa han. Men ei lang Stund etter høyrde eg, at han sat og felad. Endeleg reis han upp og ragad burtetter Vegen.

Trur du kanskje, at eg kunne gløyma han so snart?
 
Nei han sveiv meg for Hugen Dag og Nott. Det var ikkje berre hans Soge eg hadde set, det var heile Norigs Soge, stundom kom det paa meg ei Rædsle for at det skulde verta mi eigi Soge ogso, ein Her av Tankar strøymde imot meg, so eg heiltupp laut taka Soplimar til aa jaga dei paa Dør. Men min Hugen han var ikkje ljos.
 
Det for til aa haustna, Lauvet tok til aa gulna og Dagarne byrjad stuttna. Daa kom det for meg so tungt, at det er ikkje Sumar i Norig. Det er berre Veter og ein lang Vaar, og so kjem braadt Hausten. Og daa er det berre Vaaren, som er verd noko. Ja den norske Vaaren, den finst det ikkje Make til i heile 
Verdi.

Og naar Snøen braanar, Vatnet silar, Æarne fløymer og Fossarne durar, og Soli kjem so varm og sæl og gjer Vollen grøn og Dagarne vert so ljose og lange!
 
Her er Ungdom nok, Ungdom og Alderdom, men kvar ser du Manndomen?
 
Aa ja gildt nok vera Ungdom, Livet bru-sar, Lengslurne strøymer, ein gjeng og drøymer um ukjent Liv.
Vaar, Vaar, berre Vaar, men ingen Sumar. So mangt eit Tiltak, so mange Voner, so mang ein Knupp, so mangt eit gildt Mannsemne, men kvar hev det vortet av det alt? Aa for alle dei Sprettingar, som ikkje hev vortet til Blom, men som Frost og Snø hev kjøvt ned for tidleg!
 
Er det daa dømt dette Folket til alle Tider aa hava evig Ungdom og Alderdom?
 
Skal det vera Lagnaden vaar dette, at me aldri kann faa full Vokster, aldri verta fullmagnad og mogne Menn, aldri faa full Sumar?
 
Skal det vera ein Folkesang hjaa oss fraa Ævord og til Doms dette, at me lengtar ut yver dei høge Fjelli, traar og traar, men aldri, aldri kann faa?

Var det daa rett aa ganga og slita ut seg i dette Landet, som hev ein sodan Lagnad?
 
Eg tok til aa skyna dei Kjenslurne, som dreiv Folk til aa reisa til Amerika og flytja baade sin Heim og sin Hug ifraa Norig for alle Tider.

Aa den Spilemannen, han hadde sett ein Støkk i meg som kom igjen sterkare, for kvar Gong eg jagad han ut. Kom ikkje eg ogso til aa faa det paa same Maaten, naar eg skulde sviva her i all mi Tid? Eg syntest alt eg lugta det, eg syntest alt sjaa Svipen av det i alt eg skreiv; det vart mindre og mindre Grunn i det, men samstundes som Innhaldet vaaknad, so tok det sin Mun att i Ord og Talemaatar, som ofsad seg upp, so dei kunne drepa Hestar. Det var berre Blod og Brand, Eiter og Eld og sovoret av sama Grjotet i mest alt saman.

Tilslutt tok eg meg endeleg i hop.

Eg fann ut det, at eg var for god ein Kar for dette Folket. Men um Folket ikkje kunne bruka meg, so hadde eg difor ikkje Rett til aa kasta meg sjølv burt. For eg hadde daa Plikter mot meg sjølv og, og berre den som fullnøgjer dei, kann dermed ogso gjera sine Plikter imot andre.

Eg hev funnet ut det, at Menneskja er ikkje lagad til aa stura i Einingi, til vissa er daa ikkje eg soleis lagad. Desse Tankarne um Pligterne mot meg sjølv og kva eg kunne vera før til, dei kveikte meg reint upp, eg tok til aa liva i Framtidi att. Og meiner du kanskje ikkje, at det var det Spilemansminnet, som var Bru yver til det ogso! Underleg kor det Minnet vart avskrøynt; det var avskrøynt for all Lurveskapen sin, det gleid burt for meg litt um Senn det ruskutte sandutte Haaret, dei saame, varutte Augo, dei søylutte Klædi, tilslutt gleid heile Spilemannen burt for meg, og det var berre Slaatten hans, som stod att for meg; ja ikkje alt det, som han hadde spilat, men berre det, som verkeleg var Slaatten hans eigen, dei underleg mjuke og linne Veki. 
Dei tok til aa klinga gjenom heile mi Sjæl. Og likevæl ikkje med den Bragdi, som dei hadde ovrat seg paa Fela hans, innvovne i hugsjuke Draumar og saare Minne. Alle Skal, alle Hamsar var liksom avdotne, det var berre det, som var grornæmt, det friske Frø, som hadde fenget Feste. Det tok aat lint som Munnharpeklang elder Bekkjerisling, men eg tottest hava ei Kjensle av at det vilde auka og tona med sterkare Ljod.
 
Eg tok til aa anda lettare, eg totte det tok til aa ljosna noko framyver.
 
Eg hev ein Tanke um at Granatind ogso hadde sin Del i det, for han stod so klaar og bjart til kvar Dag no og lyste utyver Dalen. Eg merkte det fyrst rett, daa han skyad seg til att. For daa byrjad eg med aa skriva igjen; men det var ikkje paa same Laget som fyrr. Mi Bringe hadde heiltupp vortet fyld med Lengslur, eg kjende kor det kjøvde derinne og vilde brjota fram. Tonarne hadde vakset og samlad Kraft, eg tottest dei tok til aa ringja som Kyrkjeklokkur.

Kvifor skulde eg til evig Tid berre ganga som ein blind og skoda mot Jordi og ikkje lyfta mine Augo upp mot Sol og Stjernur? Men Himmelens Skyer veltad seg nedyver mine Oksler, berre eg kunne sprengja dei av. Sky for Sol. Aa men berre um eg kunne faa ein Blink, kvi skulde eg daa syta? Skyi breste og Soli lyse og late sine Straalar leika.
 
Eg syntest kjenna, at det vilde klaarna upp nokorleis for meg, men eg kunne ikkje hitta paa, korleis det skulde lagast. Det var berre eit visst eg hadde aa halda meg til, og det var, at eg var mykje for god for Folk her. Eg hadde soget i meg alt som var Næring i her i dette Folket, eg liksom repræsenterad Ætter, som endaa var ufødde, eg var so langt framum alle andre; fyrste dagen sagde eg 10 
Aar, andre Dagen lagde eg til eit Null og soleis eit kvar Dag, so eg tilslutt naadde eit nokso stort Tal.

Ein Ting til var klaar og det var Truipaa meg sjølv. Det var ei Kraft i meg og ein Eldhug og eit Mod og eit Tiltak, so det var fæle Ting. Væl hadde eg ikkje gjort so mykje, men det var umaateleg kva eg kunne gjera, berre det var nokon, som det var verdt aa gjera noko for. Eg burde vera i eit Land, som det var Sumar, og der det var full Livsvon i Folk. Ikkje noko slikt, som det berre renn Frænur i, som svænar nedatt som ein 
Trote, men eit Folk med Livsens fulle Eld og Glo, og med Sol heile Aaret.

Eg vilde naturlegvis verta Missjonær, eg vilde finna meg eit Folk langt inn i Asia, trudde eg, som ikkje hadde nokor Soge, nokon Kultur, berre ei vill glødande Naturkraft. Dei skulde ikkje skræmast og røma undan meg, men lyda paa mine Ord. Eit Folk med eit rikt maalande Maal og ein himmelstormande Fantasi. Aa kor eg skulde taka i til aa læra Maalet der og koma inn i heile Folksens Liv og Lag. Aa eg skulde kveikja eit nytt Liv i gamle Asialandet. Desse Europæiske Kulturfolki, dei var alle merglause Tre, skyre og skrinne. Med alt sit Vit og si Daning, med all sin Kunst, med alle sine Framstig i Vitenskap og Politikk, so var dette berre som eit bleikt braglande Nordljos imot den klaare Sol. Og um ein her vilde leita etter Natur, so hadde eg set, korleis den var lagad, nedkjøvd i Blygsle og Vyrdløyse og Stakarsdom.

Men so kunne det henda, at Folk vart ikkje so spake der kanskje som Bjørndølerne; dei kunne setja paa aa drepa meg. Aa ja, aa ja, det fekk vera det same; kunne det tenkjast noko fagrare paa Jordi enn aa lida Martyrdøden? Medan Hatet brann og Folk styrmde upp imot meg, so skulde min Kjærleik loga og lysa altjamt med klaarare Eld. Og so seig eg stilt ned som Sol i Natti.

Straks Tanken kom, tok eg til med aa skriva Brev til Sakførarne min igjen, at han fekk sjaa til aa selja Eigendomen min, so snart han kunne, og eg gav meg til aa pakka inn Sakerne mine, eg vilde fara beinast til England og fara med fyrste Baaten til Indien.
 
( Meir.)