[Tidender.] Stygg Skriving.


Det finst snaudt meir uvyr- den Kar til aa skriva enn Bjørnson. So vænt og lint som han stundom kann faa det til, so ljott og usvipelegt er det andre Gonger. Han tek ikkje Umsyn til nokon Ting, berre ravlar iveg med det som for han kjem, anten so dette er vondt elder godt, anten det er um Ven elder Fiende. Han er alltid mykje god med det, at han aldri gjer nokon Mannamun, men nu det er daa uskaplegt, og det gagnar ikkje det Parti han skulde halda seg til.

No nyleg skriv han soleis i V. G.og gjev Statsraad Blix eit Sneidord; det er ikkje noko, som vedkjem han elles i Stykkjet, men han skal daa sneida burti han likevæl. Blix kallar han berre for eit Forklæde, Forklædet hans Jak. 
Sverdrup.

Hadde Bjørnson voret so lite Forklæde sjølv han som Statsraad Blix, so kunne han hava noko aa kytt av.

For Blix hev ikkje slunget hit og dit han soleis som Bjørnson hev gjort det, men han hev voret den same all Tidi og ein gasta Gut, kvar helst han hev svivet. Aldri sviket sin Ungdoms Kjærleik for full Normannskap i Maal og all Ting, men boret den med seg i dei høgste Stellingar.

Me hev aldri høyrt gjetet det um Blix, at han hev laant sine Meiningar av andre, elder slunget som eit Forklæde etter andre, blaktande for Vinden som blæs. Han hadde ikkje voret Kar til arbeida seg fram, Nordlandsguten, gjenom Strid og Stræv, til det som han er, um han hadde voret so lagad. Det er nok andre Folk, som helder er so lagad.