Godt gjort.
I
Fyrstningi av dette Hundradtalet, medan me endaa var under Danmark,
hadde me Krig med England og Sverike. Rundt ikring den norske Strandi
for det so fullt av framande Krigsskip, at det var reint faarlegt aa
ferdast for norske Farty; for dersom Herskipi kunde faa fat paa ei
norsk Skute, so tok dei henne. Folket førde dei til England og sette
i Fengsel elder Prison, og Skuta og Farmen fekk Utlendingen.
Men Lukka var ikkje altid med Fienden.
I
1808 var det ein norsk brigg, som laag i Kraakerøy og skulde til
Danmark med Trelast. Skiperen heitte Søren Nilsson. Han siglde ut
mange Gonger, men laut snu heimatter for dei fientlege Herskipi, som
laag utanfor og lurde etter norske Farty. Men tilslutt vart det slik
Skort paa Korn i Landet, at ein laut noko gjera, og Nyaarsaftan
siglade daa ogso Søren Nilsson avstad; det fekk gaa, som
det kunde. Det for væl av, til han kom ned aat den jyske Strandi.
Men der laag det eit svensk Herskip, som fekk sjaa Briggen, og daa
Søren Nilsson korkje hadde Folk elder Vaapen nok til aa verja seg
med, og daa herskipet siglde snarare enn Briggen, var det lett for
Fienden aa gjera Nordmennerne til
Fange.
So tok Svensken og sette Søren Nilsson og fem Mann av Mannskapet paa
Briggen umbord i Herskipet, for daa tyktest han vera uræddare for
deim, og so sende han nokre av sine eigne Folk umbord i Briggen til
aa styra honom. Dei hadde ikkje siglt langt, fyrr dei raakad paa ein
norsk Brigg til. Svensken tok honom med. Den Briggen var fraa Larvik.
Svensken gjorde no sameleis som fyrr; han tok Skiperen og fire Mann
paa Briggen og førde umbord i Herskipet sitt og sette nokre av sine
eigne Folk umbord i Briggen til aa stella med honom. So siglde dei
daa igjen
avstad; Herskipet siglde i Midten, og dei tvo norske Briggarne ein
paa kvar Sida.
Det
var Svensken si Meining aa sigla til Sverik med Fengdi si; men Vinden
var so kontrari, at han laut taka ei onnor Stemna, og dermed snudde
han vestetter, liksom han vilde til England. Men dei elleve
Nordmenner, som var umbord i Herskipet, gjekk berre og tenkte paa, um
det ikkje skulde vera ei Raad til aa koma seg fraa Fienden. Dei lagde
upp Raad i Stillheit, og ein Dag, daa dei var komne so langt
ut som fyre Lindesnes, fekk dei fatt i
Vaapen
umbord i Herskipet, sette inn paa Svensken og vann paa honom so
aldeles, at han laut leggja fraa seg sine Vaapen og vera deira Fange.
So firad dei ned det svenske Flagget og heisad upp eit dansk istaden,
for den Gongen var me, som sagt, endaa under Danmark, so me hadde
ikkje noko serskilt norskt Flagg. Daa dei svenske Styremennerne paa
dei tvo Briggarne saag, at Flagget vart skift paa Herskipet, tok dei
Mistanke, at det var hendt noko galet og vilde difor sigla sin
Veg
fraa alt saman. Men Nordmennerne sette strakst etter deim. No kom det
væl med, at det svenske Skipet var so snarsiglt. Det varde ikkje
lenge, fyrr Nordmennerne naadde i Briggarne, gav deim nokre Skot fraa
Kanonarne og nøydde deim til aa gjeva seg til Fange. Der etter
siglde Søren Nilsson inn til Kraakerøy, og der kann du skyna, at
dei vart baade glade og forundrad, daa dei saag, at han kom siglande
med tri Skip, fyrst sitt eiget, so Briggen og eit svenskt Herskip
attpaa.
Samanlikn
Constantius Flood, Fra Fjeld og Skjærgaard.
(Dag).
Publisert