[Tidender.] No er Valstriden
slutt
for iaar. Alle Stortingsval er ferduge, endaa det kann nok henda, at
det maa gjerast upp att i Vestfold (Jarlsberg og Larvik), daa det
tykkjest koma alt klaarare Prov for, at dei hev fenget ein Valmann
for mykje i Stokke.
Det
hev voret kvass Strid iaar og. Høgre hev fyrste Gong voret i
Opposisjon mot Regjeringi iaar, og det kvesser og eggjar ein det. For
han er væl gløgg, som gjæter, men gløggare den, som sæter¹),
segjer Ordtøkjet. Naar ein veit, at ein hev Magti, so er ein meir
lat og likesæl av seg, og so er det alltid verre aa gløda Folk upp
til noko nytt enn aa riva ned paa noko gamalt. Den som riv ned, han
sinnar seg upp og freistar aa eggja Folk upp med alle mogelege
Midlar, og alle vert samstelte, det merkjest
ikkje, um det kann vera Tvidrag og Skilsmaal i Flokkarne aldri so
mykje. Men no den, som hev Magti og hev Program aa arbeida for, han
skal fyrst og fremst greida ut dette klaart og greidt og verja det
imot alle Aatak, og daa er det verre um aa halda Flokken samlad, so
ikkje all Kritiksjuken fær bræsa seg ut for mykje og kvar vil ganga
sin veg, so at Samheldet brest.
Ein
kunne vera stygt ottsam for, at det skulde hava gjenget den Vegen med
oss og, som heile Tidi aa kalla berre hev voret vande
til
aa risa paa Bakbeini og bruka Frambeini til aa slaa og klora.
Men
sanneleg gjekk det ikkje likare enn nokon skulde tru. Me hevdad vaar
nye Stelling med Ære. Me hev vist Verdi, at det norske Folket kann
vera likeso traust og trugjet i Samheldet for Nybygging paa Fridoms
og Framgangs Grunnar, som me hev fenget Ord aa vera det i Striden mot
vaare Fiendar. Ikkje noko Atterslag hev synt seg; dei som sagde, at
Vinstrepolitikken sette iveg for fort og peikad høgre enn Folket
kunne fylgja og Utviklingi kunne gjeva, dei hev vortet avsannad.
Det
var væl sume i Vinstre og, som var hugad til aa draga noko til andre
Leider, men dei fekk ikkje Folket med seg. I det heile maa ein segja,
at Vali iaar er væl so frilynde, som dei nokosinn hev voret.
No
fyrst, etter desse nye Vali kann ein segja, at Landet er komet heilt
til Ro etter all den kallege Striden i Storpolitikken. No skal det
verta meir Tid til aa gjenomføra meir fredelege Ting soleis som
Maalsaki og anna. For no hev me fast Grunn under Føterne; me hev ei
Regjering, som er utvald millom dei beste og gildaste Menn her er i
Landet, og me hev fenget eit Storting, som hev fenget Fullmagt av
Folket til aa stydja Regjeringi og arbeida saman med ho paa beste
Maaten.
Det
er ikkje nokon Gong Folk lyg so mykje som i Vali, vert det sagt, og
det kann væl vera so ymist med oss og. Det kjem upp so mykje vondt
um Folk i Valtidi, som ingen skulde tru. Ein maa reint verta rædd
for aa verta steld upp som Valkandidat, um ein er aldri so mykje
Fagnakar. Ein veit ikkje av, fyrr det vert sett ut um ein i Blad og
paa Møte baade det eine og det andre. Og anten det er sant elder
ikkje, so hev Folk den Gjerdi, at dei fyrr trur alt ilt um ein, enn
dei trur det som vert imotlagt til hans Bate.
Og
det er ikkje berre Folk, som vert ille medfarne i Valtidi, men det
vert sagt mangt eit laust Ord og sett ut mangei Heimløyse og
Lygjesvæde um baade Saker og Program. Den eine Flokken lyg paa den
andre, og so maa alle taka sin Mun att. Lufti er full av Last og
Hædingsord, og Skarv og Fusk og Revestreker vert opendagat paa alle
Leider, Sakerne vert plukkad so sund elder ofsad so upp, at det vert
ikkje til aa draga Kjensl paa dei. So er det eit leidt Ord fraa sine
eigne som ein skal verja, so er det eit Saart Ord fraa ein
Motstandar, som ein skal løyna burt. Alle Vantar og Lyte skal
gøymast burt, alle Parti skal hava sitt blankpussat og gildt som paa
ei Utstelling. For det er berre Valdagen det spørst um. Daa skal alt
syna seg for Folket i sin beste Glim og Glans. Um det daa etterpaa
kjem nokon Stur elder Atterstraum, det fær daa vaaga seg.
Dagbl.
segjer eit vitugt Ord um, at no er dei oratoriske Kampleges Tid
forbi, og dei slær eit Slag imot alt det lause Snakk, som kjem
fram paa Folkemøti. Me held med Bladet i det, at dei ikkje alltid
kann vera til Gagn. Det vert som eit Komediespil; ein skriv etter
nokre Folketalarar likesom etter andre Skodespilarar. Og so fer daa
desse rundt umkring og les upp den same Leksa og motlegg kvarandre
med dei same Ordi, gjøler og sinnar seg upp paa same Maaten allstad,
og Folk gamar seg og lær, likesom dei sat paa eit Cirkus og saag paa
Hundar og Hanar.
Heimefolket
fær mest ikkje Tak til aa segja
eit
Ord, det er berre Stortalaranne dei skal lyda etter og gjera seg upp
ei Meining um Sakerne berre etter deira Ord og Utgreidingar. Og er
det daa so, at Folks eigne Tankar ikkje plent høver i alt med det,
som Stortalaren segjer, elder dei ikkje likar han, so gjeng dei
helder med paa Motpartiet, um dei og kann vera samstelte med dei hine
etter Grunnen.
Me
vilde lika det mykje betre, um Stortingsemni sjølve meir foor ut i
Valringarne og fortalde Folk, kva dei vilde, og so at det var meir
med heimlege Møte, der vanlegt Folk ogso kunne faa tala.
Stortalaranne gjer mykje godt, men dei kann gjera mykje vondt og.
¹)
= ligg paa Lur etter noko.
Publisert