Middegje.

 
Friskt grønt Gras, Blomar gule og raude og blaa.
 
Solstraalarne kastad seg ned paa Sætervollen, so varmt dei kunne, og Sveitten berre trillad av den, som skulde røra paa seg.
 
Burtyver Rindarne laag Sauder og Geiter i Flokkar og Krasar, rekkjande fraa seg alle fire, pustande som dei var sprengde. I Skuggen av Selet laag der so mange der var Rom til, men Skuggen er liten den ein Vaardag, naar Soli stend paa det høgste.
 
Kyrne kunne ikkje tola alle dei Flugur og Kleggjer, som for surrande um og sette seg til aa stinga, der det berre liknad Kjøt, so at Blodet rann, dei hadde komet seg inn i Fjoset; nokre av Plagaranne hadde nok funnet Vegen dit og, men slett ikkje so ille som ute daa.
 
Inne i Støylsbui var det reint og koselegt, Briskebar var strøytt utyver Golvet, Bjørk- og Vierkvister stungne under Holkar og Byttur, 
og Mjølhiti stod kaut og full paa ein diger grøn Lauvring. Burti Sengi laag Hans Hjuringguten med ei Avise yver Andlitet og sov, han hadde voret tidleg uppe og no hadde Varmen attaat Varmgrauten i Magjen gjort Hovudet tungt.
 
Innmed Aaren sat Astrid Støylsgjente og eingloste inn i dei Gløderne, som det endaa var Liv i, so djupt tenkjande. Bundingen hekketter Traaden utor fanget hennar og ei Sneis laag nedi Oska, men dei vart ikkje gaadde nokon av dei. Selsdøri stod paa vid Vegg og Solstraalarne fløymde breide og bjarte inn paa Tilet, speglande seg i ei Vassbytte, so det stakk i Augo. So kjem der stingande fram ein Skugge i Opningi: tvo lange Horn, ein lang Nase og ein sid Skjeggetust under Hoka. Han ser seg varleg ikring til alle Kantar og daavist Astrid sender han kloke Augnelag, men ho gaar ingenting. Han vaagar seg lenger og lenger in alt i eit sjaa-ande burt aat Aaren, snart er Hovudet og Framføterne innum Dørstokken, og Magen og dei andre tvo fylgjer snart etter. Burt yver Tilet stigar han og glaamar seg forviten ikring til Sidurne.

Ende inn i Hjellen der stend eit Fat fullt av Mjølk, der var kje spara aa kjenna paa den lite. Etter at hev vortet sikker at Astrid sit likeeins rykkjer han like burti, han var alt paa Breiddi, daa slog Samvitet han, han rykte seg attende, men kom til aa taka Fatet med seg, og det laag med ein stor Smell i Golvet, og Mjølkespruten til alle Sidur. Astri kvakk upp og Bukken paa Dør. Nei, Store _ Storegut daa! skreik ho, at du kann finna paa slikt. Men Storegut var alt langt burtpaa Bakken.

Mjølki var snart burtturkad att og alt i sin Orden, daa ser ho paa Klokka og ropar: Neimen eg meinar eg er tullutt i dag, er kje Klokka snart eit, og Kreturi stend i Fjoset! Hans, Hans! Du maa upp! Ho ruskar han i Haaret. Du maa ut med Buskapen, Klokka er snart eit!

Hans sprett upp so Avisa flyg, nei du alverden daa, lid her so langt, segjer han, samlar Føterne og Sokkefillurne uti Treskone og spring ut. Skal du kje ha Mat i dag daa? ropar Astri etter.

Han kjem attende og tek imot ei Braudlefse med Smør og Prim, som ho hadde stelt til. Den Gongi var ikkje Guten lengje um aa samla Buskapen i hop, og so dreg dei uppyver Liderne med Bjølleskrammel og Saudeskrik, Hans i Attenden blaasande paa ei Siljefløyte. 
Storegut stullar vyrdeleg tett i Helarne paa han, den vonde Kvekken han fekk eit Bil sidan, er no gløymd.

Uppe paa Fjellet er der svalt, der Vinden leikar og dansar allstøtt, og det kalde, klaare Uppkomvatnet sildrar i bekkjevis nedyver hoppande yver kvite Steinar, og Soli er minst ein Time lenger enn ned i Dalen, og Graset stend so mjukt og grønt at det tykkjest drjupa av det. _ Aa for Herlegdom!

Ingebjørg.