Ein Selle.

 
(Del 3 av 10. Fyrste delen.)
 
(Framhald).
 
 
Det var so underlegt dette, komen beinast ifraa Paris og ditupp, eg hadde ikkje slegjet meg til Ro, so at eg kunne samla meg, nokon Stad, fyrr eg kom dit. Det var her fyrst, at eg fekk eit Inntrykk att av Norskt Folk, etter at eg hadde voret ifraa so lenge. Eg laag um Næterne drøymde og virrad i hop, Inntrykk fraa Paris og fraa Bjørndalen leikad ein vill Dans tilsaman i Hovudet paa meg. Fraa den høgste Kultur og til den aller minste eg hev set paa Jordi totte eg det berre var eit lite Stig. Atterljomen fraa den store Operaen rann i hop med Feleklang og Langleikspil her i Dalen. Dei same menneskjelege Stemningar totte eg ljodad gjenom alt, som eg høyrde.
 
Eg kjende, at eg likad meg i Norig, eg kjende, at eg elskad dette Folket. Kva eg so lagde imot, so fekk eg slik Tru i meg paa den megtuge Naturkrafti her heime, som eg ikkje hev set Maken til i noko anna Land. Eg tottest kjenna ein Pust av den friske Villskapens Aand, som rann i Aarerne paa vaare Fedrar.
 
Du veit, at eg er av godt Bondeblod; det er det, som heile Tidi hev gjort meg so kaut og sjølvvyrden, so eg kjende meg som ein Adelsmann imot alle Dykk andre, som var utgjengne av gamle mergstolne Ætter, som hadde øydt upp sin Hug og sine Tankar.
 
Men trur du, at eg hev unat med Bonden for det?
 
Hu nei eg likad ikkje all den norske Halvkulturen og Snobbingi. Naar Bonden kom ilag med Embættsmenn og høge Herrar, kvar Kart det av Vyrdnaden hans daa? Naar Bondeguten og Bondegjenta kom til Byen, kvar vart det so av Adelsbrevet deira?
 
Alle Stader berre ein grenselaus graa halvkultur ifraa Prest og Skrivar, Skulemeistar og Lensmann igjenom heile Bondestandet, alt til han møtte den gamle uforfalskad Raaheiti.

Hadde eg ikkje sjølv voret bondefødd og visst, kva for ein Villskapens Styrkje det endaa kann vera i norske Hausar, so hadde eg ikkje vyrdt aa tykkja paa det ein Gong.
 
Men i meg sette det seg ein Harme, kvar Gong eg kom i hop med Bønder; eg trottad ikkje sjaa dei, eg vart heiltupp nervøs; det steig ein Sprenghug upp i Hovudet paa meg og gjorde meg mest som galen _ eg vilde ikkje sjaa for mine Augo eit Folk med slik Husmansgjerd, der eg ventad Sjølvherrens fulle Vigt og Vyrdnad.
 
Heime paa Gardarne gjekk dei drog seg smaatt og stilt, eit Liv forutan Glede, forutan Sorg og forutan Mæle (so nær som naar dei er fulle daa). Liksom dei gjekk tæringssjuke alle Folk og ventad berre paa Døden, og det endaa dei i det heile var nokso bringesterke; det var berre det sømelege og god Bygdeskikk dei for etter. Alt skulde vera som klædt med Ull, alle vaare Kjenslur, vaar Kjærleik, vaart Hat Som du ser ei Kolmile, tekt med Torv og Jord, for at det ikkje skal brenna klaart, men berre sjoda og rukla med ein kjøvd Eld, og du ser berre tjukke Røykdammen slær upp, til dess at Veden tærest upp til svarte Kol. Eit heilt Folk av Kolbrennarar det totte eg var for mykje. Og so rædde kvarandre, aldri full Ærlegskap imot einannan; ganga med Mistanke og gruna og undrast paa, kva det bur i andre og kva Sinnelag dei hev imot oss, det var norsk Skikk _ berre ganga umkring og spyrja andre, kva den og den tenkjer hell hev sagt um oss. Ein sinnad Mann her i Norig, som inkje er full, det totte eg reint ein Hugnad aa sjaa.
 
Naar du kom fram paa ein Gard, maatte du tru, at det helst er Hanen, som er Husbonde paa Garden. Sjaa kor hangjeng kjøn og keik, kastar paa Hovudet, so Fjødrkrullen ristest og spilar med glimande Fargar, han lyfter Foten høgt upp og set han fast i Stiget, det raude Flagdet svingar seg i Toppen, han sender deg ein stolt sjølvvyrdeleg Augneblink, og helsar deg med eit Maal, som hjallar yver heile Skogen. _ Men det er ikkje Husbonden lel det. Nei sjaa han kjem smettande fram bakum ei Nov, ruggande fram kruslen og gubbeleg med Henderne i Bukselumma.
 
Høyr paa Fuglen, som sit uppe i Tretopparne um Vaaren og sender sine klaare Trillar utyver heile Skogen, prisar sin Kjærleik og fortel han aat all Verdi. Og fylg so med Guten, som luskar gjenom Smott og Smog, smyg millom Busker og Tre ved Naattetider, og raudnar naar dei nemner Namnet aat Gjenta hans og negtar sin Kjærleik for all Verdi. Kven er det som hev Sjølvherrens Lag og Merkje anten Fuglen hell han? Eg skulde meina det er Fuglen.
 
Og so Kristendomen vaar daa, som skulde standa so gjævt. Prestarne med sine veike blodlause Kjenslur, aa ja dei hadde Tamen: vekkja upp gaatfulle Stemningar, hugsjuke Draumar, Lengsel etter Himmelens Salar, lata upp Døri paa Glytt, men so stengja igjen med baade Laas og Luke og lata dei standa utanfor og gapa. Og det kristelege Livet? Ja liggja og reka utpaa snaude Skjer millom Havsens ville Baarur, flytja ifraa sine gamle Heimar og aldri faa fast Grunn under seg i det nye Landet _dersom det var noko Liv!
 
Heile Aandslivet vaart totte eg ikkje det var nokon Mun i.

Det er ikkje nokon endeleg, som hev sett noko Merkje etter seg i den store Kulturheimen, og ikkje er det hell nokon som hev voret so heimestor, at dei hev funnet nye Skipnader til vaart eiget Land elder skapat nokon norsk Tankeheim. Men det er dei Tankarne, som leikar Folk i Hugen i dei store Landi, som vidfarne Menn hev hentat heim. Berre liva paa Resterne, som fell ned av Rikmannens Bord totte eg var væl fatikslegt.
 
Dette fæle Framvokstrings-laget; ein er fus etter nye Bøker, men slengjer dei fraa seg halvlesne og triv etter nye i Einingi. Me tek for oss Uppgaavur og store Spursmaal, ser paa dei og leikar oss med Flokanne, men kastar dei fraa oss ulyste og kjem oss inn i nye. Berre skire Nyfikna i oss, som ikkje gjev seg, fyrr ho hev fingrat paa alt nytt, som finst paa Marknaden. Heile Kulturen vaar totte eg var som eit Plagg, der det var berre Skøyt i Skøyt.
 
Sjaa det var Tankarne mine um vaare heimlege Tilstand, ikkje Under, at eg kvidde meg ved slikt.
 
Men no vilde eg ut paa Bygderne og sjaa meg um, eg vilde kjenna den friske Livsens Pust fraa eit Folk, som hev reist seg og brotet ned alt det gamle Trælelivet, som hev lyft upp att Vyrdnaden og Æra si og veit aa hevda seg sjølv i fullt Medvit um si Stelling og um sine Krav, no steig dei ikkje paa Bønstolarne korkje for Prest elder Skrivar meir. Ein Fridoms Vind hadde blaaset yver Norig, sterkare og reinare enn i noko anna Land; Bonden hadde vaknat upp og med veldug Haand teket att Husbondsretten sin, alt det gamle Husmanslivet var kvorvet burt, det var som søkt i Havet, me var eit nytt Folk, alt det gamle var kastat burt, fyre oss laag ei glansande Framtid, rik paa Siger og Kraft. I Fyrespissen djerve hugheile Kjemparar og so heile Heren, alle Mann gjenomglødde og viljuge til aa ofra alt, og so i Ryggen denne store ville Urkrafti, der det allstøtt var nok aa taka av, naar nokon gjekk trøytt i Striden.

Eg var so sæl, og eg maalad det upp for meg med so sterke Fargar, at eg gjekk som i ei Hildring all Dagen.

Eg for ut yver Bygderne, eg vilde granska Folket væl og gledast i Dagen, som var runnen.

Men eg gledde meg for tidleg; eg fann det ikkje soleis, som eg hadde maalat det upp for meg sjølv.

Eit fann eg, og det var, at Nordmannen hadde vortet ordrik, anna fann eg ikkje. Han hadde lært ein Del Ord av ymse Blad og Bøker og sovore, og Ord hadde han um alle Ting, dei same Ordi naturlegvis kvar ein kom, men Ord hadde han: ikkje av dei vænaste Ordi, slike som eg likad best, men Ord var der daa, alltid eit Framstig.

Heile Politikken vaar totte eg var ein einaste Flaum av Ord; Talar og Rødur, Resolusjonar og Vedtak i det endelause, Skrepping og Skrøyting, Lyting og Lasting, Svæur og Heimløysur, so det var ei Syn. Kvar eg gjekk, stod det likesom heile Skyer med Ord, suste kringum Øyro mine, so eg vart mest ør. Glødande Ord, sylkvasse Ord, skrinne Ord og feite, vide Krusetre med Blomar, so det lavde, lubne og lodne so det gruste, Krøklur og Kraggar so turre, at det knaus og taus, men Ord, Ord alt ihop. Eg var komen meg heiltupp uti ein Vaarflaum, eg hadde druknat, hadde eg voret der lenger.

Eg maatte berga meg inn til Kristiania det snøggaste eg vann, og stengde meg inn paa eit Rom midt imillom Embætsmennerne uppi Homansbyen, der tottest eg vera trygg for, at denFlaumen ikkje skulde drepa meg.

Her hadde eg det fredelegt i mange Dagar, eg sov ut og kvilde meg so godt, og tilslutt var det berre um Næterne, at den politiske Ordduren suste for Øyrat.

Men daa det leid um noko, tok eg til aa stura. Det var noko utpaa Sumaren. Fraa Glaset ser eg myrke Lauvet stend og svagar paa Trei, Bladi krullar seg og vrengjest av Turrvinden, Graset stend so stort og stridt, brunt og graatt. Steinhusi er so blakke og dysjutte og sturer, Glasi er kvitad til, inge Folk er heime, alle fer ute og sviv i blaa-ande Luft under den vide Himmel. Gaturne er tome og dauvlege, Folk er so underleg trøytte, ingen frisk Raudleik, ingen Livsens Glo og Glim.
 
Og eg sit paa mitt einslege Rom millom fire veggjer _ alle Rutur upp! Men det hjelper ikkje i denne kjøvande Stilla.

Tonebaarur berst hitgjenom fraa Husi, smyg millom Kjørr og Tre, veike og daamlege, det er so dauvorsklegt aa lyda paa, Maalet sit Folk fast i Halsen.

Men som eg laag so andvaken og drøymde og saag upp imot Aasarne, som blenkte i Kveldsoli, kom det stundom ljosare Minne svivande paa lette Vengjer og leikad kringum meg.

Hildrande deg!

Ufser og Urder og silrande Vatten, Knause etter Knause. Gjenom blaa Solrøyk som eit Flor glimtar det fram Grender i Aasliderne. Skrabber og Skarv og lange Lidedrag; Nipur og Noser og skogklædde Kollar.

Graset stend mogje utigjenom Vollarne, det blømer i alle Liter, gult og raudt og kvitt og blaatt, og Skogen stende brusar.

Katten sterk seg hugvarm uppmed meg, og Hønsi trippar paa Golvet.

Ikkje Blad, ikkje ei Bok. Buret stend med sin gamle Skrud og sine myrke Svalgangar, Kvendi gjenge berrføtt elder med utsaumad Sokkar og skramlande Tresko.

Utetter blaae Lider; ein lang Dal med ljosleitte Fjell lengst mot Himmelsynet og ein still blank Fjord paa Dalbotnen med myrke Skogstrender, berre ein einslengd Gard uppi Halli midt i Granskogen. Eit breidt Skogband sig nedetter fraa baae Sidur heilt nedaat Elvi, innafor ein Kvelv med lysande Engjer og Huskrullar uppetter Bakkarne, straalande gjenom Solrøyken som Huldreheimar.

Uppetter er det ingen Dal, Villheidi møter fraa alle Kantar, djupe Dalagap og bratte Lider, Skard og tvere Hogg, og gjenom Sidedalar øygner du Storfjell lengst inni. Smaanutar lyfter paa seg og vil stengja, men paa bukka seg og kastar berre lange Skridur nedetter heilt uti Vatnet. Ein vill Kappestrid, alle vil fram, sume naar eit Stykkje, men sig av og veiknar elder fær eit skarpt Hogg ned ifraa høgste Tinden. Kvar for seg, inkje Orden og Samanheng, alt er som kastat um einannan i kaataste Dans.

Dei vil stengja for Majestæten; det er Villstyringar, som vil støyta han ned or Trona.

Øvst i Dalen tek det iveg breide Tverdrag ifraa langt i Aust og vil slengja seg rundt um Himmelsynet, den eine innanfor den andre, kautare og kautare, høgre og høgre og tilslutt ein fast traust Borg med kvasse Bruner, men yver høgste Bruni rekkjer endaa Majestæten upp sitt Hovud og skodar stolt og sigersæl utyver. Som ein Gud reiser du Granafjell deg yver dei hine; dei maa røma, dei maa bøygja sine kaute Hovud, dei maa sleppa ned sine byrge Herdar. Solglans leikar um dine kvite Lokkar, du agar Villskapens Her, du lyser Vælsigning og Fred ut yver Mannaheimen.

( Meir.)