[Tidender.] Unionen.


Svenske Høgreblad hev drevet paa lenge med aa eggja Svenskarne upp imot Norig. Dei bryr seg ikkje um aa hava denne Personalunionen, segjer dei; dei vil hava ein Realiunion elder so ingen Ting. Dei toler ikkje at Norig skal hava jamstor Rett med Sverik, soleis hev dette tydeleg komet fram, daa Kravet vart reist um, at Norig ogso skulde hava Del i Utanriksstellet.
 
Eit godt Motlegg til desse Unionens Fiendar hev Normannen Bibliotekar Drolsum skrevet og fenget inn i eit svenskt Blad. Han visar der, at baae Landi stend seg paa aa vera samstelte. 
Naar Tyskaren vert fullsterk, segjer han, daa vil han raada Østersjøen aaleine, og daa vil Russland sjaa til aa faa Tak i nørste Luten av Norig til aa hava Hamner aat Floten sin. Og ikkje berre Norig, han vil og hava nørste Luten av Sverig, for der er det laglegast for han aa hava Vegen sin.
 
Det svenske Bladet svarar paa Stykkjet hans og meiner, at for slike Tilfelle vilde eit fast Forsvarssamband vera til likeso stor Trygd som denne Personalunionen. For i eit sovore Forsvarssamlag vilde baae Landi vera jamgode, mon det toler dei ikkje i ein slik Union, som den me hev. Som det no er, segjer dei, maatte Sverike i Krigstilfelle senda alle sine brukføre Krefter til Hjelp, medan Norig berre kann senda sine 10,000 Mann til aa verja Sverike. Det er no paa Tid aa slutta Spilet elder faa ein Realunion. Bladet legg so ut um, at Norig verkeleg hev voret ein dansk Provins. Det beste Prov for det, finn dei i det, at Norig hev mist Maalet sitt. (Der ser me Svenskarne helder fær ikkje full Vyrdnad for oss, fyrr me heilt reiser upp att Maalet vaart).
 
Bladet hevdar, at Riksakten ikkje gjev nordmennerne nokor Jamstelling med Svensken, og det stend paa, at me vil snu og venda paa Riksakten til vaar eigen Bate. Daa, segjer dei, er det betre aa skiljast som Vener, fyrr det fær blaasa upp til full Uvenskap.