[Tidender.] Jarlsbergvalet.


Der gjeng det underlegt til. Høgre hev 38 Valmenn og Visntre 37, naar ein reiknar Michelet med.

Etter dette skulde ein daa tru, at Høgre var i Fleirtal der, men os er det likevæl ikkje.

Ved Valmansvali hev det voret med 2426 Vinstremenn og berre 2113Høgremenn. Vinstre hev soleis 313Røyster meir enn Høgre, og likevæl hev Høgre ein Valmann meir, likevæl er det Høgre, som kjem til aa senda alle Tingmennerne for iaar.

Det hev stundom voret ordat innpaa i Bladi, at slikt kunne raaka til med den umogelege og ubeine Valmaaten vaar. Og her ser me, at det verkeleg hev hendt, at eit Mindretal fær alle sine Menn fram, medan Fleirtalet maa standa utanfor.

Ein ser her, at Fleirtalsstyret nok ikkje er so reint endaa, som Folk trur og segjer.

Kav segjer Høgre no? Det er dei, som paa det siste hev voret mest misnøgde med Valordningi. Jamvæl naar det var ein storvoren Minoritet, som ikkje fek framm nokon av sine Menn, hev Høgre komet med Ankar og brukat baade Vondt og Godt til aa faa Fleirtalet til aa gjeva fraa seg noko av Magti si; dei vilde hava Kompromis i det endelause.

Men no daa det er eit Fleirtal, som tapar, no daa Urettferdi ved Valmaaten vaar syner seg so klaart, som aldri fyrr, no skriv dei væl endaa meir daa og ropar ut um kor ille det er?

Dei kann jamvæl hava Tilføre til aa visa det i Handling no, kva det meiner.

Fyrr er det Vinstre, som hev vorte utskjelt for Tyrannar, fordi dei ikkje vilde taka noko Umsyn til ein stor Majoritet.

Men no er det Høgre, som hev komet i eit Tilfelle, som sterkare enn alle skulde krevja Umsyn til dei andre. No hev dei Magti og veit, at dei repræsenterar Mindretalet av Folket. No hev dei soleis det beste Høve til aa leggja sine Grunnsetningar fram og visa i Handling, at dei meiner, kva dei hev sagt.

No var det væl aa venta, at dei daa kom med sine Kompromisforslag og baud Vinstre i det mindste ein elder tvo Mann.

Aa var deg væl!

Nei dei vil nok hava heile Grisen for seg sjølve no, er det likt til.

Ikkje eit einaste Høgreblad, det me veit, hev so mykje som med eit Ord nemnt um nokor Semje elder Umsyn til Fleirtalet. Og dermed hev dei klaarleg vist, at det er ikkje for Rettferdi si Skuld, naar dei bed andre um Avslag, men berre til aa stydja sin eigen visne Politikk.

Og dei hev ogso med dette klaarleg vist Vegen, som Vinstre maa fara.

Naar Høgre ikkje vil visa Rettferd mot eit Fleirtal, som ein umaatsam Valskipnad stengjer ute, korleis kann dei so venta, at Vinstre skal gjera det same mot eit Mindretal?

Det vert daa det rettaste for Vinstre aa bruka Magti si fullt ut, der dei hev ho.