[Tidender.] Bydamur.


Hev du nokon Gong lagt væl Merkje til koss ei Bydame paa Moten ser ut no for Tidi. Eg hev ikkje set det fyrr igaar, eg gjekk etter ei slik fin ei paa Gata. Eg veit ikkje, koss det bar til, eg kom til aa tenkja paa Ordtøkjet um aa stasa seg som ein Paafugl. Eg hadde ikkje trutt det var slik Sanning i dei Ordi, som eg no saag det var. Um du vil freista tekna ho av, skal du sjaa. Eg gjorde so, daa eg kom heim, Naar du ser ho bakfraa, er det tri Ting, som fell i Augo. Det er no fyrst Bakdelen av Stakken, for han tek største Romet, og so er det Snørelivet og Hatten. Til høgre og breidare Stakken er bak, til gromare er det, og, um ho kunne ganga i hop til inkje kringum Livet, var det visst gildt. Og so hev dei Haar og Hatt karad isaman uppaa Toppen. Det er utrulegt, koss ho kann hava Kraft til aa bera med seg ei slik diger Høysaate, daa ho er so umknipad um Livet, at ho mest ikkje heng i hop. Du tykkjer kannhenda det var ei daarleg Samanlikning, det med Høysaata, men eg skal no segja deg, ho var ikkje so ille endaa, for eg spurde eingong ei Dame, kva det var i desse Posarne deira, og daa kviskrad ho aat meg, at det var Høy. Aa ja, svarad eg, du kann no trengja um aa ganga paa Foder ei Stund, for so tunn som du no er, kann du snart gaa av paa Midten, so det er klokt av deg aa bera med deg Sekken kor du gjeng. 
Kan du tenkja deg noko meir vitlaust; det er ikkje so underlegt at dei vert bleike og sjuke, naar dei skal fara so vondt med Kroppen sin. 
Um ho berre viste, kor lik ho var ein Paafugl _ ja, han er no so mykje vænare han daa.
 
B.