[Tidender.] Aat Høgre.

 
For aa vera Politikkar er det ikkje nok aa vera sløg til aa forsvara Meiningarne sine og Stellet sitt, det gjeld ikkje um aa kunna mange juridiske Knip, um aa kunna faa svart til kvitt og kvitt til svart, um aa kunna finne Feil hjaa Motmannen sin og faa dei Sakerne, han strid for, til aa sjaa so smaae og daarlege ut som mogelegt; det gjeld i det heile ikkje um aa vera gløgg i den passive Politikk. Men det store for ein Politikkar det er aa kunna vera gløgg til aa velja Fyremaali sine, velja Stellet sitt slikt, at det dreg Folk med seg.
 
Slike Menn hev Høgre ikkje havt paa lengje; slike Menn vantar endaa. Det er slike Menn det treng, um det nokor Tid skal koma til Magt. Aldri hev Høgre, vaart Høgre som no er, havt ei Gagns Sak aa strida for. Hev det prøvt med eikor, so hev det strakst slept ho att, for det hev ikkje voret istand til aa finna ei Sak med Livekraft. Det hev berre strævat mot, altid strævat mot. Det er dette som gjer, at ein lyt vanvyrda det, tapa Tiltrui til det; det er det same som gjer, at mange gjeng fraa og faae kjem til.
 
At det var imot fyrr Riksretten, fyrr Sverdrup kom til Styret, at det daa arbeidde som Opposisjonsparti, det kunne endaa so vera; men at det no, naar alt er tapt, Styringi imot, Tinget imot, Folket imot, at det no likevæl ikkje vil fira ein Tume, det er den skire galskap. Aa kjempa so lengje der er Von um Vinning, det er Rett og det er Pligt, naar ein trur aa kjempa for det gode; men aa slita Krefterne upp i Strid, naar der ingiVon er til Vinning, det er dumt, dumt for Partiet og skadelegt for Landet, som kunne trengja Krefterne til noko nyttigt.
 
Finst der ikkje Folk millom Høgre som ser dette? elder hev dei ikkje Mot til aa riva seg ut fraa desse kortsynte Fanatikaranne, som berre slæst for aa faa slaast utan større Fyremaal enn det aa fylla sin eigen Pung? Daa maa dei tenkja paa, at det aa fylgja eit Parti, naar ein ser det fær galet, det er usjølvstendigt og stakarslegt.

Der er mange dugande Menn millom Høgre, endaa dei ikkje er Politikkarar, ser dei daa ikkje, 
at det Høgreparti, som no er, aldri kann koma til Magti, ja ikkje eingong vinna sopass Minoritet, at det kann stagga eit Grand paa det Parti, som no etter deira Meining styrer Landet i Vanlukke?

Kva nyttar det t. D. for Høgre aa bala imot den nye Statsskikken? Ingen Ting; det maa Høgre kunna sjaa. Men naar det no er so, at det ikkje kann faa ho paa Dør, kvifor daa ikkje arbeida paa aa faa ho so hjelpelegsom mogelegt? Der maa daa vera ei daarlegParlamentarisme og ei endaa daarlegareetter Høgres Meining; kvifor daa ikkje stræva aa faa ho so lite daarleg som mogelegt? Slikt Arbeid er der Meining i, slikt Arbeid vilde vera til Nytte baade for Landet og Partiet.

Det er ikkje Meiningi, at Høgre skulde umvenda seg og verta Vinstrefolk; Meiningi er berre, at det skulde verta eit Parti med Vyrdnad. Ikkje er det Meiningi helder aa tru, at all Strid daa skulde verta slutt, eg vilde ikkje eingong ynskja det. Men det vil eg ynskja, at all Strid som kjem skal vera Gagn i, at det skal koma noko noko nyttigt av den, at det eine Partiet skal halda det andre i Jamvigt, at det eine Partiet rettar og bøter paa det som det andre fær galet i, at dei vil noko, at baae vil fram.

Det er Partistellingi og Utviklingi i beste Form.

Gorm.