Farvæl.

 
So du maatte døy likevæl, Mork.
 
Eg vilde ikkje tru det. Eg hugsad deg altid, som eg saag deg fyrste Gongen: ein liten modig Krabat, med den vesle Nosi høgt i Sky, og ein Smil yver det unge Andlitet, som visste du med deg sjølv, at du um det kneip kunne velta Verdi.

Dei sa, at du gjekk og bar paa ei løynleg Sut. Det saag ikkje eg noko til. Var ikkje du glad, kven skulde daa vera det.

Og du arbeidde og du sleit. Det var, um du kunne faa gjera noko Nytte. Det galdt, um det du trudde paa kunne bruka deg til nokon Ting. Det same kva det var, gjerne det armaste Dagsstræv. Gjerne Negerarbeid.
 
So lengje du hadde turt Braud og Vatn, skulde du nok klara deg, var ikkje so faarlegt. 
 
Det var Fridomen, du var glad i. Og so Norig. Di største Dygd var visst berre Natur: det aa vera trufast.
 
Andre kunne svika deg. Men du trur eg aldri kunne svika.

So kom Sjukdomen. Berre litt Bronkitt. Det gjekk snart yver.

Men Sjukdomen heldt seg. Ja i Stild og Løynd aukad han nok paa. Slik ein liten Bronkit skal ein ikkje tru meir enn maateleg.

Det unge Andlitet bleiknad snart. So tok det til aa folna. Sist eg saag det, var det graatt. Mælet misste Farge og Klang. Sist eg høyrde det, var det ikkje stort sterkare enn ei sterk Kviskring. Haaret, som eingong krullad seg so modigt um den stutte Nakken, laag no utyver gulnande Tindingar og visnad.

Kjenningar og venner sa til deg: pytt, Gut, du kjem deg nok. Berre kom til Hardanger. Men naar dei kom utanfor Døri, utpaa Gangen, so riste dei paa Hovudet til kvarandre. Stakkars Fyr, han klarar det knapt, sa dei.

Men eg kunne ikkje tru det. Eg trur ikkje paa Dauden fyrr eg ser han, og knapt nok daa. Um eit halvt Aar møtest me igjen, sa eg til Guten, daa me skildest.

Han svarad ikkje. Han vilde visst gjerne tru det; for naar Dauden nærmar seg, vil alle helst liva. So reiste me kvar til sin Kant. No er det væl seks Vikur sidan.

I dag fekk eg Bladet, der det stod: Telegram fraa Hardanger. Johan Mork daaen.

_ Farvæl Mork.

Du var ein av dei gode; den Ros skal du hava; ein av dei beste var du, um faae kjende deg.

Var det i ditt unge Liv nokon, som var vond mod deg, nokon, som sveik deg, so hev du gløymt det no, og var Livet deg surt, for langt vart det ikkje.


Ved Dresden 7de Novbr. 1885.

Arne Garborg .