[Tidender.] At Offiserar
held
seg for gode til aa eta av same Maten, som Soldatarne, det er
audkjent nok. Men no tek Underoffiserarne ogso til aa krevja Sering
for seg. Det er for simpelt maavita for ein Underoffiser, at Maten
tilberedes for Underoffisererne sammen med Soldaternes og bringes
dem fra Kjøkkenet i Zinkbøtter og Kjølefade; Kaffen paa samme
Maade, og dermed er deres Forplejning iorden.
Det
hev alt fraa gamal Tid voret for simpelt for ein Underoffiser aa eta
saman med Mannskapet kann ein vita, men so lenge dei iminste hev av
same Maten som Soldatarne, hev ein daa som ei Trygd for, at det ikkje
vert altfor slurvelegt med Stellet; men naar dei og skal hava sitt
serskilt, veit ein ikkje, korleis det kjem aa ganga dei andre.
Nei
lat baade Underoffiserar og Offiserar faa same Maten og same Kok som
Soldatarne; daa kann ein vera viss paa, at Maten vert baade god og
vælstelt. Og lat
dei
alle eta
ved
same Bordet, so skal De sjaa det vil verta godt Forhold millom Styrar
og Lydar. Dei vil ikkje koma til aa sitja misunna og snakka vondt um
kvarandre, men læra baade aa kjenna og agta kvarandre og faa det
mykje koselegare baade høg og laag.
n.
Publisert