[Tidender.] Aandsfridom.


Spursmaalet um Aandsfridom og um Tolsemd i Tru og Meiningar ligg paa Botten av dei fleste Storsaker, som no er frame. Det sting Hovudet sitt fram att rett som det er.
 
I Samhold vert det nyleg skrevet um Fritenkjaranne, at det er ikkje so reint aa lita paa, kor tolsame dei helder kann vera. Dagbl. ankar paa dette, og segjer, at ingen hev noko aa klaga paa dei, tvert imot maa ein venta mykje av dei i den Vegen.
 
Vestlandsp. skriv ogso mykje um Fritenkjaranne no; Vestlandsp. er det Vinstrebladet, som minst skynar Tanken um Aandsfridom. No er Chr. Bruun ein moderat og spaklynd Mann, han likar ikkje Fritenkjaranne, strid imot dei paa det harde, men likevæl segjer han det, at ein skal vera milde imot dei, og at naar ein vil strida mot dei, so maa ein medgjeva, at dei kann vera brae Menneskje, og at dei kann liva like so ulastelegt, og syna ein like so god Moral som dei kristne.
 
Men jamvæl det vert for mykje for Vestlandsp. Han ankar paa Bruun og segjer at han heiltupp gjev Fritenkjaranne enslags Attest for moralsk Vandel.
 
Jau me maa vera komne so langt no, at det maa vera fastslegjet, at ein Fritenkjar kann føra seg likeso skikkelegt som eit anna Menneskje. Høgre hev longo sidan slegjet fast det; naar dei skriv i Bladi og talar paa Folkemøti paa ein annan Maate, so er det berre fordi dei vil gjera seg gjæve for Aalmugen. Det er so fastslegjet hjaa Høgre, at dei ikkje meir talar um det ei Gong seg imillom. Det er berre slike som Vestlp., som endaa held paa det gamle Trongsynet. Endaa det ogso ikkje er so strengt, som ein høyrde Prestarne var for nokre Aar sidan, daa dei var ræddare ein Fritenkjar enn ein Tukthusmann, og talad berre um, at det var Vondskap, Hjarteløyse og Ukjurskap alt i hop mod Fritenkjaranne.
 
Men me held det for det, at Vestlp. vert ikkje fullført Vinstreblad, fyrr han ogso lærer aa fylgja med Tidi i sitt Syn paa denne Saki. No stend han mest moende aaleine i dette, ikkje noko anna ansande Vinstreblad, det me kann hugsa, samtykkjer med han.
 
Jau, vil me venta oss ein mild Dom sjølve, me som kristne er, so alt oss ogso døma mildt um andre, det er nok den, som dømer dei likevæl, um ikkje me gjer det.
 
Men hev me daa nokor Vinning av det, vil me ikkje skada oss sjølve for Framtidi, naar me er milde og fer aat med dei som med andre Folk? Um det so skulde henda, at dei kom seg til nokor Magt i Samfundet elder fekk Fleirtal i Stortinget, kunne me kristne daa venta aa verta møtt med same Mildskap, som me hadde vist mot dei? Elder vilde me ikkje berre faa Hat og Forfylgjing i Staden for Tolsemd og Takk?
 
Eit er visst, at me er ikkje rettferdige og tolsame, medan me hev Magti, so kunne det hemna seg, deira Sinn kunne verta so uppeggjat, at dei ikkje saag seg nokon Grunn til aa spara anten Kyrkje elder Samfund; der dei kunne koma til, vilde dei hava Freistingar til aa treda berre ned for Fot alt som var oss kjært.
 
Naar ein Fritenkjar vert fint medfaren, so trur me ikkje han er meir hatefull og stridsam enn eit anna Menneskje, men naar me visar han Hat i Staden for Kjærleik, Urettferd i Staden for Rettferd, daa kjenner me ikkje faarlegare Folk.
 
Me trur ikkje det vert aa ofsa paa nokon Kant, korkje skrøyta elder lasta dei for mykje.
 
Men det meinar me, at soleis som det no stend i desse Tider, er det nok Fritenkjaranne, som sterkast hevdar Aandsfridomens Tanke. 
For det er aldri eit Fleirtal, som av seg sjølv kjem paa sovorne Tankar, men den som fører fram noko nytt, og som er i Mindertal, og des større og sterkare desse Mindretalstankarne er, des kraftigare vil ein bera fram Aandsfridomens 
Tanke. Og Fritenkjaranne hev mange nye Tankar, difor lyfter dei Kravet um Tolsemd so høgt.
 
Me trur ikkje noko større paa, at dei sjølve kann vera meir tolsame enn andre, soleis som dei kyter av sjølve, for Tolsemd og Aandsfridom kann væl skrivast inn paa eit Program, men det er einast kvar Manns Upplysning og Daning, som er det avgjerande for, um det ogso skal fullførast i det verkelege Liv.
 
Me trur, at ein danad vælsedad Fritenkajr vil liva betre etter dei Tankarne enn ein lite upplyst Kristen, men me trur paa den andre Sida, at berre ein fullfri heilhugad Kristen er den, som rett kann baade skyna og føra fram i Livet Aandsfridomens Tanke.
 
Me kristne skal taka den Rosen fraa dei hine, at det er dei, som her er Førarar.
 
Nei Aandsfridom, det er fyrst og fremst ein kristeleg Tanke, i Kristendomen hev den si Rot, og berre dei Kristne magtar aa bera den fram.