Tidender.

 
Kristiania, den 7de Novbr.

Kong Oscar sende eit sovore Telegram til 
Carl Johan Forbundet i Norig den 4de November:
 
Foreningen skal bestaa, dette er min
Bøn, mit Haab, min Bestræbelse, min Tro.

Der fekk dei ein Snert dei Bladi ogso, som segjer, at sidan J. Sverdrup raader, er det best aa løysa Unionen.


Stortingsmann  Schrøder i Arendal hev sagt ifraa seg Gjenval.

 
Amtmann  Michelet hev voret nemnd som Stortingsemne for Vinstre i Vestfold (Jarlsberg og
Laurviks Amt). Men no skriv han i Østlandsp., at han likar best, um det vart valt tvo Høgremenn og tvo Vinstremenn, daa er han umogeleg.


Valmansval. Paa Halden (Fredrikshald) vann Høgre, 334 Røyster. Vinstre hadde 219. I Heirefoss (Aust-Agder) vann Vinstre.


Folkehøgskule  i Aafjorden. Stortingsmann Daniel Sæther og Sokneprest Seip hev byrjat Folkehøgskule i Aafjorden med 22 Gutar.


O. Haugesanden i Hardanger vil leggja Sak mot Prof. L. Daae for Legemsfornærmelse.


Forhøyr vil det koma til aa bli i Namsos um Framgangsmaaten ved siste Val. Det vert fortalt, at der er Høgremenner, som hev stemt telegrafisk, medan Valstyret hev forkastat fullgode Forfall fraa Vinstremenner, at ein Høgremann fekk stemme endaa han hev voret straffad for Tjuvskap, og at det skal vera Ugreider med Manntalsføringi og Kunngjeringi um Valet. (Dag).


Samtalelagi, som no vert skipade i den eine 
Grendi etter den andre, hev eit stort Arbeide aa gjera. Dei maa for det fyrste sjaa aa faa med seg alle dei Krefter i Grendi, som vil vera med aa arbeida for Fridom, Framgang og Sjølvstøda. Slike Krefter maa ikkje liggja unyttade; anten dei er gamle elder unge, Menner elder kvinnor, _ sosannt dei hev opne Augo for det, som er godt og rett, maa dei ogso gjera kva dei kann, for at det gode og rette fær koma fram og sigra yver det vonde og range. So gjeld det um aa finna ei god Ordning for detta Samarbeide; for det er sjeldan so, at alle høver til eit og same Arbeidet. Ein kann hava faatt den Gaava aa kunna tala godt for seg; han er sjølvskriven til aa halda Fyredrag um dei ymse Emne, som Tid etter annan koma fram; ellest er det jo so, at mange i den Vegen halda seg for myket undangøymde, daa dei trur, det er vandt og leidt aa stiga fram i ei Forsamling for aa segja nokot; men det veit nokon kvar, som hev prøvt det, at slikt gjeng burt umsenn; vaar Ungdom bør øva seg upp i aa setja fram sine Meiningar; for det kann altid koma Tilfelle, daa det trengst aa verja um ei Sak, og di fleir daa som stiga fram og segja si Meining klaart og varmt, di sterkare vert Forsvaret, og di vanskelegare vert det for Motstandarom aa vinna.
 
Ein annan hev faatt den Gaava aa skriva kvikt og greidt; han (elder ho) fær daa sitt serlege Arbeide med Bladet; for dei fleste slike Lag hev eit handskrivet Blad, som vert uppleset i Møti. Naar so eit Fyredrag er haldet og Bladet uppleset, kann det jamt vera Tankar framkomne der, som det gjerer godt aa faa tala um baketter, og daa lyt nokon kvar freista vera med aa leggja eit Ord med i Laget; det er no vel denne Diskusjonen um ymse Emne, som fraa fyrst drog Folk saman, og som gav desse Lag Namn. So maa dei paa kvar Stad freista aa faa Songen inn i sitt Arbeid; det vert daa eit friskare Liv, og Songen vil hjelpa munarlegt til aa draga Medlimarne meir saman, og dei vil kjenna meir Hugnad og Gleda i Laget. (Dag).


Maridalsmordaren. Henrik Jansson, som dei ahdde mistenkt for Mordet i Maridalen, er no endeleg gripen av Politiet i Mora i Dalarne. 
Dei fylgde Sporet hans rett, ifraa Hørsand i Løyten; der var han den andre Oktober, og derifraa gjenom Elverom og Trysil yver Svenskegrensa til Falun, men der miste dei Sporet hans den 17de oktober.