Rispur.

Dei spurde ein Irlending, kven som var eldst, han elder Broer hans. ”Eg er eldst”, sagde han, ”men fær Broer min liva tri Aar til, er me jamgamle.”
Ein Dansare sagde til ein Spartan: ”Du kann ’kje standa so lengje paa ein Fot, som eg kann”. ”Det var eit sant Ord”, svarad Spartanen, ”men Gaasi ho kann”.
Det var ein Mann, som hadde bygt seg eit stort Hus, og han visste seg ingi Raad med alt Byggje-Rasket. Daa raadde Gardsdrengjen hans til aa faa gravet ei Hole, som var stor nok til aa taka det. ”Og kva skal me gjera med den Moldi, som vert gravi upp or Hola?” sagde Mannen og mylte. ”Faa Hola gjort stor nok til aa taka det alt i hop!”
Medan Benjamin Franklin var liten, tykte han dei var so dauvlege, dei lange Bordbønerne, som Faer hans plagde halda baade fyre Maali og etter. Ein Dag som ei heil Tunna hadde vortet saltad ned fyre Vetren, sagde Benjamin: ”Faer, eg meiner, at um du vilde halda Bøn yver heile Tunna med ein Gong, vilde det liva (spara) godt paa Tidi.”