Paa Taket¹).

 

Ein Kveld laut Eirik ut; det vart for mykje aa sitja inne stødt aa berre lesa. Han vilde burt til Solvoll og sjaa, um han kunde raaka Torlava. Den Kvelden ventad ho han ikkje; men det kunde daa henda likavel, at han fekk fat i henne, tenkte han. Vedret var fint, og maata myrkt var det og.

 

Daa han naadde fram til Solvoll, var det so stillt og audt, som alt skulde voret daudt; ikkje Hunden tok imot han eingong. Han gjekk kring Husi fleire Vender, men saag ikkje ei Mors Sjæl, og det vart ikkje nokon Moro utav aa ganga soleids. Den, som berre hadde tort ganga inn! _ men der kunde han ikkje koma, det visste han nok.

 

Det skulde voret trøysamt aa glytta inn i Stova ein Augnablink; men gjenom Glaset kunde det ikkje vera, daa han ikkje eingong til vilde koma i Skade fyre Luka. Han visste, det var Ljore i taket, og det kunde daa vel ikkje vera umogelegt aa koma dit upp. Ein Stad saag han seg og Syn med aa klyva upp yver Bordtaket; men han ottast, det kom til aa høyrast inni Stova. Det laut ei onnor Raad til. Burt paa eine Veggen under Upsi hekk ein Stige, som han tok, sette burt aat Stoveveggen, og uppe var han.

 

Det var den beste Plassen, han kunde ynskja seg, for han saag alt det, som gjekk fyre seg nedi Stova, og kunde og fyre det mesta høyra, kvat som vart sagt. _ Eivind og eldste Sonen _ Per heitte han _ sat ved Bordet, Mori heldt paa aa setja Mat fram, og Borni sat burti ei Kraa med Leikarne sine. Torlava var ikkje inne, og difyre var det vel og, at dei nett no talad um henne og Eirik. Det var helst Eivind, som pratad; Per tok berre i ein og annan Gongen, og var daa ratt einig med Far sin. Mori sagde inkjevetta.

 

”Eg kann ikkje skyna, kvat den Larken tenkjer paa”, sagde Eivind. ”Um det no var aalvorleg meint, dette med Torlava, kvar skulde dei so gjera av seg? _ kvat vilde dei liva av? _ _ Han tek seg ikkje noko nyttigt fyre, men held berre paa med desse fille Bøkerna, jussom det skulde verta nokot til Livemaate. Det undrar meg rett, kvar han fær Pengar ifraa til aa liva av, no er han sluttad hjaa Handlaren”.

 

Per sagde nokot, men det var ikkje Raad til aa høyra, kvat det var.

 

”Eg heve just ikkje tenkt, at Torlava skulde kasta seg vekk til ei slik Gagnløysa, som ikkje eig annat helder ein forskoren Kjeft. Kunde endaa Kjeften hjelpa han til nokot, skulde eg ikkje nemna det. Nei _ ein fær sanneleg taka i med Nevarne, og det utav all si Magt, skal ein føda paa Kjering og Ungar; det kjem just ikkje nokot fjukande, skulde eg tru. Her gjeng dei og pratar um, at han med Tidi kjem til aa verta nokot _ at han skal paa Skular og slikt burt i Veggjerne. Skula meg alle Stader!”

 

Maten var komen paa Bordet, og alle sette seg til. Det var kald Graut og varm søt Mjølk. Eivind byrjad strakst til aa leggja Graut upp i Mjølki; han hadde ikkje Tider til aa lesa fyre Maten, saag det ut til.

”Eg kann verta so arg, naar eg tenkjer paa den Skarven, at _ _” Ein stor Grautbit tok Resten. ”Men eg skal vita aa faa Ende paa Galskapen, eg! Slik ein Snultrar skal koma og setja Flugor i Hovudet paa skikkelege Folk sina Døtter _ det, tenkjer eg, me skal setja Pinn fyre”.

 

Eirik kom til aa haatta paa Luke-nabben og fekk slik ei Laattarid, at han laut halda seg fyre Truten.

”No heve han gjort Gjenta so gali, at ho ikkje eingong vil lystra sin eigen Far; men eg skal vel faa henne vitug att’. Han gjeng slik og ræk med alle Gjentor, han Villstyringen, og likavel skal ho tru paa Pratet hans _ den Krambudbukken!”

 

Her laut Eivind tegja, for Torlava kom nett gjenom Døri. Det vart no ei fæl Freisting kvar ho hadde voret, og kvat Veg ho hadde gjenget, og til slutt spurde han spitigt, um ho hadde set nokot til denne ”Krambudpresten”; men Torlava svarad, at ho ikkje kjende nokon, som hadde det Namnet. Meinte

han Eirik Sande, so hadde ho ikkje set han i Kveld, for han var ikkje heima, daa ho gjekk framum Litlabø. Eivind tagde til detta.

 

”Du fær setja deg hit og eta”, sagde Mori. 
Men Torlava vilde ikkje hava nokot; ho hadde etet fyrr, sagde ho. Faren likte nok ikkje detta og sagde haadlegt:

 

”Aanei _ du tykkjer vel, det er for simpelt aa eta i Lag med slike som me; det er no Prestefrua, du skal verta snart, maa vita”, og han gjordest læ.

 

Eirik hadde tykt, det var gild Moro det, han hadde høyrt fyrr; men daa Eivind slengde det sista Spitordet til Torlava, vart han so sinnad, at han nær hadde sprunget enda ned gjenom Ljoren; men han haattad seg og let det vera. Han gjekk ned av taket med det Forsett aa ganga beint inn i Stova til Eivind og fortelja han, kvat Kar han var. Men paa Dørhella stoggad han og tenkte seg um. Han hadde leget paa Lur _ _ og no fyrst kom han paa, kor skarve han hadde faret aat; men so orsakad han seg sjølv med det, at han paa ein Maate var nøydd til det.

 

Det fekk nok vera det sama med aa ganga inn, men ei elder onnor liti Pretta laut han daa iminsto gjera Eivind, tenkte han og stilte paa nokot. Ganga burt i Fjosen og løysa ei av Kyrna? _ toskutt! det kunde verta ei Ulukka utav det. Sleppa Grisen ut? _ nei, det var gjort fyrr av andre og var lika so toskutt! Sleppa ned Luka fyre Glaset? _ aanei det dugde helder ikkje. Det laut vera nokot nytt, som ikkje var faarlegt, men som lika vel argad Eivind. Eirik kunde ikkje skyna seg paa seg sjølv i Kveld; det gjekk so laakt med aa finna paa nokot; ellest var han van aa vera ein god Prettemakar.

 

Endeleg kom det. _ Det var kjennt nok, at Eivind altid sjølv gjekk i Stabbur og Kjellar, og her var daa Raad til aa gjera han ei liti Pretta. Det var gjort i ei Handavende, og Eirik gjekk den Kvelden heim so fegen, som han skulde hava fenget ein Dalar.

 

Daa han var heimkomen tok han fat paa Bøkerna; men det var litet med Lesingi, og han laut upp aa driva paa Golvet. Daa han hadde drivet ei Stund, sette han seg ned og skreiv nokre vers, som han med ein Smil gjøymde i Lummeboki si.

 

”Dei skal nok Folk skyna _ og syngja og”, sagde han.

 

Um Morgonen, daa Eivind Solvoll skulde henta Grautmjølet, kunde han paa ingi Sett og Vis skyna, korleids det hekk i Hop med Stabbursdøri. Han reid paa Lykjelen og braut paa, men Døri vilde ikkje upp. Endeleg tok han Lykjelen ut og vilde sjaa, um det var nokot galet med han; og so var det ikkje den rette. Han saag og saag; det var ei heil Stund, fyrr han drog Kjensl paa han, men daa han det gjorde, vart han eldande raud i Andlitet og skrevad burt aat Kjellardøri og vilde sjaa, korleids det var der. Jau, nettupp! _ der stod Stabburslykkjelen i Kjellardøri. 
Slikt var daa snaa! Han kom til aa tenkja paa Gardsbonden og slikt Trollskap; men det var vel Ungarne, som hadde voret framme her. Han skulde læra dei til ein annan Gong lata Lyklarne vera og gjekk med sama inn i Stova og tok Borni ei Skrapa. Men ingen vilde hava Skuldi paa seg; det hjelpte ikkje eingong, at han gav dei nokre Kilevinkar. Kjeringi vaagad seg til aa segja, at det kunde henda, det var ein elder annan Galningen, som hadde gjort det fyre Apeskap: ho trudde det ikkje til Borni.

 

Aldri hadde Eivind komet i Hug, at nokon kunde vaaga apast med han, og so gjekk han der heile Dagen og argast og gissad paa, um det skulde hanga i Hop med Soga um Luka, som vart sundslegi, og Nabben, som aldri fanst atter.

 

Seinare um Dagen vilde han vøla ei Hella paa Eldhus-taket og trong daa ein Stige; men daa han kom stad og skulde taka Stigen paa Veggen, der han var van aa hanga, so var han burte. Eivind kunde ikkje skyna slikt og spurde Sonen sin; men Per visste helder ikkje nokot um Stigen. So tok dei til aa leita baade, og det vart daa ikkje so lenge, fyrr dei fann han; han stod paa øvra Leidi utav Stova, jussom brukt til aa ganga paa Taket med.

 

Eivind kunde ikkje greida fyre seg detta, for detta med Stigen hang visst i Hop med alt det andra. Far og Son talad ikkje um nokot annat heile Dagen seg imillom. Torlava maatte ikkje vita um det, ellest sagde ho det gjerna til Eirik, og so fekk han, Jolabukken, nokot aa læ av. Per maatte ikkje helder nemna nokot til Kameratarne sine, at det ikkje skulde koma utyver Bygdi.

 

Men det hjelpte lika litet nokotslag, for det var nok komet ut, kor som er _ i minsto fekk han Per høyra ei Visa, som tydde paa det, og han heim til Far sin med henne. Men Visa var soleids:

 

Just no nyleg her i Haust

Gamle-guten sat i Sæte,

skjende gjord’an reint for Laust

med eit fæla Læte.

 

”Dotter mi vil gifta seg,

vil ’kje spyrja meg, som far e’.

Jolabuk, du drege deg

berre utav Garde”.

 

Slik han sat, den gode Mann,

bannad og so smaatt imylla;

Kjerringi hadd’ betr’ Forstann,

stulla burt i Hylla.

 

Nettupp daa det einkvar laag

uppaa Taket; der er Ljore;

nedi Stova alt dei saag,

høyrde kvart det Ordet.

 

Eg skal giva deg ei Raad,

Gamle-gut i Uppigarden:

Dag og Natt du passa maa,

glytta etter Karen.

 

Ljore, Stige, Lukepinn

maa du gjæta ser so nøgje:

berre tak kvar Lykjel inn,

ell’st so gjeng det løgje.

 

Visa gjekk Bygdi rundt; men ingen visste rett, kvar ho var komi ifraa. Sume trudde, det laut vera ifraa Eirik, men dei fleste gissad paa andre, daa Eirik sina Visor ellest altid var paa Bokmaalet, men ikkje denna; ingen hadde helder høyrt han syngja henne.

 

Eivind var fyrst reint ifraa seg utav Sinne; han vilde stemna heile Bygdi. Han skulde læra dei syngja paa ein annan Tone, han! Men daa han fekk tenkja seg um, road han seg av; det var vel klokast aa tegja til alt i Hop, trudde han daa.

 

 

¹) Eit Stykkje av Forteljingsboki hans Jens Tvedt ”Inn i fjordarne”.

 

Frå Fedraheimen 07.11.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum