Ei Bønebok mest etter Ludvig Hofacker [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 8 av 8. Fyrste delen.)
 
 
-57-
 
Bøn fyre Fedralandet 17de Mai .

Vaar Gud, vaar Fedra Gud, vaar Framtids Gud! Me lova deg, som styrer Lagnaden aat alle Folkeslag, at du gav Fedrom vaare detta Landet til Heimvist, og at du stod attaat i Striden og let deim verja Landet, so me kunde erva det i Trygd og Ro etter deim. Du heve au mykt oss i vaart Storlæte og lydt til oss i vaar Naud. Lovad vere du, som var attaat i 1814 og gav oss atter vaar Fridom og fulle Rett i vaart Fedraland. Me takka deg, som lempade alt so stillt og trygt fyre oss, so me i Fred kunde byggja og bøta Landet, som du gav oss. Ver med oss og hjelp oss med aa byggja og bøta, so det duger! For me vita, at alt vaart Arbeid er faafengt, um ikkje du velsignar det. 
Høglovad vere du, som plantade ditt Ords Ljos i detta Landet til aa lysa oss fram gjenom denna Heimen til Livsens Land! Me takka deg, som hever ført oss fraa Myrkr og Villmannskap til Kristmanns Sed og Livsens


8


-58-

Ljos, og friat oss fraa Ufred og Hungersnaud, Pest og andre Lands-Ulukkor i so mange velsignade Aar! Me er uverduge til alt detta og kunna aldri fulltakka deg fyre di Miskunn og din Naade. Me vilja audmykja oss og beda: Gløym Synderna vaare fyre Jesu Skuld og døm oss ikkje etter vaare Gjerningar! Gjev at Drykk og Hor og Lauslivnad, Ov-eting og Ovbunad, Banning og raatt Snakk, Storlæte og Trætting og alle andre Synder, som skamføra og herja vaar Landslyd, maa kverva, og dei Dygder, som pryda eit Kristi Land, maa veksa, so Noreg maatte vera eit Land til din Eigedom! Gjev Grøda paa Markjom, Gror i Skogom, Heppa med Fiskjet og Trivnad med Feet! Varda Sjømannen paa Ferdom, lat Bonden sitja trygt paa Gardom, gjev Arbeidsmannen Arbeid og Utkoma, og hald di naadige Hand yver alle Heimar og Folk i vaart kjære Fedraland!
 
Gjev Kongen, Folket, Riksstyre og Storting Visdom og Dug til aa styra landet med


-59-

Rettferd og Kraft! Gjev at Striden millom ymse Meiningar aldri maa verta kvassare enn at me alle Nordmenn, naar det skal vera, kunna gjeva Broder- og Systerhender aat kvarandre og segja med Hjarta og Munn: Samde og trufaste fyre Noreg, til Dovre fell! Anda du paa oss, so Kristendomen i Noreg vert Røynd og Sanning og miskunna alle vaare Brester og Mein! Ditt store Namn vere lovat og tilbedet i Ætti vaar til seinaste Tider! Naar me so hava arbeidt anten med Hand elder Ande fyre vaar Heim og vaart Fedraland, det, me skal, og me leggja Vandrestaven burt og ganga til Kvila i Noregs Fang, so før oss heim til deg og samla oss med Fedrom i ditt evige Rike fyre Kristi Skuld! Du syte fyre Bornom vaare og velsigne deim paa Fedratuft! Amen.
 
Fader vaar o. s. fr.