[Tidender.] Um Tingvalet i Romsdal.


Kven skulde tru, at Langeland og Løvø vart valde til Tingmenner for det store Romsdalsfylkjet? Langeland og Løvø kva Slags Karar er det? Kvar er dei fraa? spurde Folket undrande kvarandre, daa Tidendi um Tingvalet kom inn gjenom Fjordarne. Det var inkje mange, som hev høyrt gjetet dei fyrr. Langeland hev voret halden for ein Aristokrat. Løvø er vistnok Vinstremann, men um han er det til Liv og Sjæl, er eg inkje viss um. Langeland skal elles vera ein dugande Ordførar og Forrettningsmann. 
Løvø skal vera som Folk flest. Det var dette reine Bønder-Spursmaalet, som gjorde, at dei vart valde. Var inkje det so sterkt uppe, so vilde sikkert Erling Moen og J. Ebbesen vortet valde. Og det var mest forgalet, at dei inkje vart; for gildare Karar og meire folkelege Fridomsmenn hev visst inkje Romsdalsfylkjet. _ 
Moen er ein makalaus Gut til aa bruka Pennen. 
Det er kjærnesunn Kar det. Men han er sjukleg av seg. Han laut senda Varamann for seg. 
Likevæl fekk han 36 Røyster. Me Ungdomar og yste Vinstre vart reint harme for at Ebbesen inkje vart vald. For det er ein svært dugande Kar og so frilynd og folkeleg som han er. Han hev lært uppe hjaa Trønderne. Han er ogso tolsam i Trudomssaker.
 
Kjærvik, Guten aat Oftedølerne hadde 14 Røyster. Høgre røystad og paa honom. 4de og 5te Varamann er heilt ut vinstre. Alvist Fr. Baade (5te) skal vera ein staut og hæv Vinstremann.
 
Som noko merkjelegt kann eg melda, at Presten Baartveit (Maalmann) var den einaste Valmann, som røystad paa berre reine Bønder. Inkje paa Olafsen og Nilsen eingong. Ordskifte hadde Valmennerne fyre Valet. Sume vilde inkje hava Olafsen, avdi han røystad for Diktarløn aat Kielland. Nilssen og Ebbesen varnad um honom. Ebbesen heldt ein ovgild Tale og dundrande Fagnadrop ljomad gjenom Salen, daa han sluttad.
 
Møre 30/ 10 85.
 
Hugleik Steinvardson .