Vinje og Vinbyggjarne.

 
(Av John Lie ).
 
Her eit Aaret var eg i Vinje-Bygd, og eg lika meg so godt i alle Maatar, at eg sette meg for aa skriva noko um Bygd og Folk. Men som mangt anna eg hev emna paa, vart det ingenting av _ den Gongi. Men no skal det verta av. Her um Dagen raaka eg ein Gut og ei Gjente fraa Vnije, og det var kvikt Folk. Han var Spilemann og ein lettliva, fjaag Gut. Ho dreiv paa med aa teikna paa ein 
Skule i Oslo, sagde ho, og dit skulde ho i Haust atte. Kva vilde ho? ho vilde vera Billæthoggare. No ja, kvifor ikkje det. Eg meiner det rett skulde høva for Kvinna aa leggja seg etter Maaling og Billæthogging, naar ho hadde Naturgaavur til det. Daa meiner eg me skulde faa Bilæte, som spraka av Liv og Kjensle; Bilæte som kunne syne fram dette finaste i Skapnaden, eg trur berre ei aandrik Kvinna er god for aa faa Augat paa. Kvinna er gløgg, eg hev titt vorte undren yver, kor fint og sant ho kann sjaa. Kor reint hugtakande Forteljingar ho skriv denne engelske Diktarinna George Elliot t. D. Eg hev aldri leset noko slikt, so fint, sant og framforalt so sympatetiskt og fullt av Elsk til Menneskjelivet i alle Skap; eg hev godt av Bøkerne hennar og les dei upp atte Gong etter Gong; eg kjenner meg eit betre Menneskje , naar eg hev leset dei; eg elskar meir baade Gud og Mann.
 
Me hev nok av Døme paa, at Kvinna kann skriva utmerkt, eg er viss paa ho ogso maalar og høgge utmerkt _ lat ho berre faa koma til.
 
Vinje er plent ei Fjellbygd: Berg, Bakkar, Dalar, susande Elvar, Skog-Lidar og so ein elder fleire vene Gardar innimillom. Du gjeng ikkje mange Stig i Vinje, fyrr enn Utsyne skifter, og det titt paa den underlegaste og mest uventande Maate: du hadde aldri tenkt at det saag so ut der burte elder der nede. 
Allerbest det er flate, breide Vegen, so kjem der Ufs og Stup, Elv og Djuv. Det er som aa lesa i Bøkerne hans Vinje: allerbest det er so aalvorsklegt, turt og flatt som ei Preke, so kjem der Lentur, Laatt og Løgje so det fossar og fløymer kring deg, glimande Vitord flyg som Ljon so det knitrar og sprakar.
 
Folket i Vinje er eit støtt Bondefolk; i Bygningsmaate, Klædedragt og Matstell held dei mykje paa det godeGamle, men inkje uvitugt, so dei driv paa og stend. Nei, dei lempar litt um senn paa mangt, og av det gode Gamle veks naturlegt fram det gode Nye . Der er meir fritt for gyglande, rotlaust Knot og Etterherming i Vinje enn nokon annan 
Stad eg er kjend. Og Maalet, som eg burde hava nemnt fyrst, det held dei reint og danskar lite elder ikkje. Det er eit fint Maalføre, og heiltupp ei Njoting aa høyra ein ægte Vinjesokning tala. Ordi fell lett og laglegt i Munnen og gjev Tanken eit maalande og næpe (præcist) Uttryk, Ordtøkje og Ordspil leikar inn i som glimande Fivreld millom Blomar. Mange Vinbyggjar er ægte væltalande innum den Tankekrinsen der dei er kjende. Dei kann fortelja um Hestarne sine elder Bygdesegner, so det er ein Lærdom og ei Glede aa høyra paa det.