Ei Bønebok mest etter Ludvig Hofacker [Forteljing til Utklypp]

 
(Del 7 av 8. Fyrste delen.)
 
 
-52-
 
trur paa meg, skal ikkje døya æveleg. So segjer du sjølv, Herre. Send din heilage Ande til aa upplysa meg um Sanningi og Herlegdomen i dessa Ordom, og gjev meg Naade til aa tru deim or innste Hjarta, so mi store Synd og Vantru maa verta burtvelt og gløymt! Lat meg faa liva fyre deg, so lenge eg er til, kanna ditt Namn i ein gudeleg Livnad og bera mykje Frukt fyre ditt Rike. Eg er so likesæl og dauv i Hugen til aa strida mot mine Saalefiendar, og mi eigi Kraft er inkje; du lyt stydja meg kraftig i Striden og halda meg uppe i Trui, at eg maa faa Lut i Kristi Uppreisning og Siger. _ Ja, korleides skal eg takka deg, Jesus, fyre Sigren din yver Syndi, Dauden og Djevelen! Korleides skal eg lova deg fyre det ævelege Livet, som du heve vunnet meg! Eg kann berre or innste Hjarta segja: Høglovat vere ditt Namn ævinleg! Kor sæl skal eg ikkje lova og prisa deg med ny Tunga i Himmelen! Der samle du oss Menneskjor

 
-49-
 
Bøn um Langfredag .
 
Kjære Herre Jesus! Du heve elskat meg til Dauden paa Krossen, du heve elskat meg so mykjet meir enn Moderi elskar Barnet sitt som Himmelen er høgare enn Jordi. Du leid ein usegjeleg Hugverk i Urtegarden fyre oss Menneskjor, og du gjekk i Dauden saar og strid med den same fæle, vonlause Hugsotti, som me hadde lotet døya med, um ikkje du hadde voret. Du andadest paa Krossen liksom ein Illgjerdsmann utestengd fraa Faderen og Livet, nedstøytt millom Helvites illske Herar. Fullnaden av den veste Refsing heve du lidet til aa draga oss falne Menneskjor upp or Daudens Svelg, endaa medan me var Fiendarne dine. Botnlause Kjærleike! Og endaa du heve stridt so hardt fyre oss, kunna me talmast under vaar Syn daskuld i Tvil og Vonløysa. Nei Herre du heve køypt oss so dyrt, du forlæt oss Synderna, paa Timen me or Hjartat beda um det, kor store dei enn mun vera. Du heve

 
7


-53-

fraa alle Heimsens Endar so mange, som du paa nokon Maate kann faa til aa høyra paa di kjærlege Lokking! Der skal me sitja tilbords i Lag med Abraham, Isak og Jakob i skire Kjærleike, Reinleike og Ljos.
Amen.
 
Fader vaar o. s. fr.


Kvitsunbøn.
 
Kjære Jesus, du som sit ved høgre Handi aat Krafti og heve fenget all Magt yver Himmel og Jord! Med Undring og Gleda høyre me um, korleides du sende din Ande i Skapnad som Eldtungor yver Læresveinarne dine, som stundade paa Krafti fraa det Høge, korleides so desse trod fram og talade _
 
ogso i framande Tungemaal _ med Eld og Glod, so som Anden gav deim og du grunnlagde di kristne Kyrkja og korleides sidan ditt Ord med guddomleg Kraft skar gjenom Heimen og skapte eit nytt kraftigt Liv, som lyste bjartare og bjartare med Glans fraa


-56-

leike og Godleike i all vaar Ferd fyre Menneskjom! Gjer ditt Ljos bjartare i di Kyrkja og gjev oss Naade for ditt Andlit!
 
Du, Herren, heve skilt Tungemaali fraa kvarandre, du heve ogso sagt, at ditt Ord skal verta forkynt i alle dei Maal, som finnast i Heimen. Du heve ogso paa den fyrste Kvitsundagen helgat Folkemaali til aa bera Sanning vidt um Lande, med di du let Læresveinarne ved eit Under tala i framande Maal.
 
Du lyt ogso lata vaart norske Maal lagast til aa føra fram ditt Ord og Bod til oss, so me med kunna høyra deg tala til oss med vaare heimslege Ord og Vendingar. Du velsigne vaart Maal, du velsigne vaart Land, du velsigne alle andre Land baade kristne og heidne med ditt lysande Ord og din livfødande Ande! Bygg eit Tempel fyre din Ande i alle Hjartom. Den heilage Trieining vere Lov og æra fyre alle Ting i Jesu Namn! Amen.
 
Fader vaar o. s. fr.
 
 
-50-

daa sagt med Profeten: Um Synderna dykkar var raude som Purpur, skulo dei verta kvite som Snjo, var dei enn litade som Skarlaken, dei skulo daa verta som den kvite Ulli. _ 
Tak daa burt vaar Syndaskuld! Hjelp oss aa bera Krossen etter deg og tola dei Tyngslor, som me maa gjenom til aa faa erva med deg i ditt Rike! Gud gjeve oss Naade og Kraft til aa vandra i Jesu Fotafar til vaar sidste sæle Ende! For av oss sjølve kunna me slett inkje gjera. Herre Jesus! lat meg faa døya i deg!

Hev eg deg uti mitt Hjarta,
Du den djupe Livsens Brunn!
Lat det daa mot Gravi svarta:
Livet renn i Daudens Stund.
Ingen Fiend skader meg,
Naar eg løyner meg i deg.
Den, som med din Kross seg dekkjer,
Du til Livet atter vekkjer. Amen.
 
Fader vaar o. s. fr.

 
-51-

 
Paaskebøn.
 
Herre, kven skulo me ganga til utan til deg; for du heve det ævinlege Livsens Ord. _ Det kjem ofta slik ei Fæla paa meg ved aa tenkja paa, at denne Likamen min skal verta nedgraven i den myrke, kalde Jordi og rotna til Mold. Men lovad vere Gud! eg tarv ikkje fæla fyre det. Steinen er velt fraa Gravom vaare, Jesus heve betalt vaar Syndaskuld. Jesus heve ogso legjet i den tronge Gravi, men han braut Veg fraa Gravi til Livet og knasade Daudens Velde ved si herlege Uppreisning. Me prisa deg, Herre Jesus, at du tok Fælska fraa Gravi; no vita me, at du, som køypte oss med ditt eiget Liv og Blod og som heve Magt yver Liv og Daude, du vil vekkja oss upp or Gravi eingong og føra oss til Livsens Land, der me æveleg skal elska og prisa deg. Syndi skal ikkje lenger saka oss. Eg er Uppreisingi og Livet; kvar, som trur paa meg, skal liva, endaa han døyr, og kvar, som liver og


-54-

Himmelen, endaa Heidendomen reis upp med alt sitt Velde og vilde tyna det med Hæding, Pinslor og Draap. Stor er du, Herre, i Kraft, og stor i Naade! Underleg er du fyre Augom vaare!
 
Kvi skilja me ikkje lenger no so berrsynleg Krafti fraa di Hand og Ljoset fraa ditt Andlit? Kvi er Livsbrodden i ditt Ord duld fyre dei fleste? Du er den same, Herre, fraa Ætt til Ætt, men me hava syndat: Me er so dimsynte, naar det gjeld aa agta oss fraa Syndi, so dauve i vaar Anger, so kalde i Bøni, so veike i Trui, so ulyduge mot din kjærlege Vilje. Me fara ikkje i dine Fotafar og liva ein heilag Livnad i Kjærleike. Lær oss aa hata Syndi or innste Hjarta og beda um og lengta etter Krafti fraa det Høge:

Kom Livsens Ande, Dauden driv!
Og fød i oss ditt eiget Liv.
Kveik upp din Kjærleik i vaar Hug,
Og styrk oss ved din eigen Dug!

Kom ned som Liv i aude Land!
Kom ned som Glod i sloknad Brand


-55-

Kom ned som Sol paa frosne Eng!
Kom ned som Ljod paa tagnad Streng!

Velsigna ditt Ord, vaar Gud, so det ved Andens Kraft mun trengja fram og sildra paa Hjarto, til dess Vantrui vaar brest, og din Ande kann faa festa Bu i oss!
 
Du ser, korleides opi Vantru, Tvil og Vonløysa briskar seg og gror yver di sanne Kyrkja, korleides Skrymting og Skalkedom gneg paa Roti, og korleides Freistingar og gudlause Strøymingar vilja fella henne. Lat deim, som forkynna ditt hugsame Aar, faa Kraft fraa det Høge til med Livnad og Lærdom aa planta og vatna, so det er Mun i, og lat di Kyrkja faa Vokster og røtast i Kristus, i Berget, so ho mun standa luvleg og grøn under alle Faarar og Stormar! Lat Anden opna Augo vaare, so me kunna sjaa og skyna Jesu Aasyn og Verdleik! Lat Kjærleiken verta varm i oss, so me beda fyre kvarandre, hjelpa og trøysta kvarandre, lida med kvarandre og forkynna din Kjær-

( Meir.)