[Tidender.] Maaltyding.

 
Det var nokre Godversdagar sist i August, og eg tok meg ein Tur uppetter Bygdi ein Sundagsaftan. Utpaa Aftanen gjekk eg inn paa ein Gard og vilde faa meg litt Kaffi og kvila meg. Kjeringi synte meg inn paa eit 
Kammers, som var so vænt stelt, Gardinar for Glasi, polera Komode, raud Duk paa Bordet og ei vælfylt Dunseng. Eg lagde meg paa Sengi. Døri til Setustoga stod paa Glytt, og derinne sat gamle Bestefar med ein 8 _9 Aar gamall Gut paa Kneet ved den eine Bordsenden, og attmed den andre laag ein 10 _12 Aar gamall Gut paa Kne uppaa ein Stol med Aalbogarne paa Bordet og ei Haand under kvar Kinn.

Bestefar skulde læra Veslegut aa lesa, og den større skulde høyra paa.
 
Daa den vesle var ferdug med: Du skal ikke begjære din Næstes Hus, ei Svend, ei Asen, tek den eldste i med: Beste, beste, begjære din Næstes Hus, kva æ dæ?
 
Aa Broe, dæ æ dæ, atte me ska kje hogsa paa Husan a Grannin okka, men tykkjas lika saa gjilt, atte han hæ gjille Hus, som om me sjøl aatte dei _ _ _ . Svend aa Asen _ kaa æ daa dæ? Jau ser du, Svend _ dæ æ dæ sama saa Tenarsdreng, aa Asen _ dæ æ Øigjen dæ. Meiningjæ æ dæ, atte me ska inkje hogsa ette Husan, helle inkje ette Tenarsdrengjen, Jentaa, Studen helle Øigjen, som høyre okka Granne te, men me ska tykkja dæ æ hævt, sjøl om han hæ fleire aa bere Ting helle me.
 
Men korfø hogste daa han Ola _ paa den blakka Føljaa okkas, aa korfø led han Far han faa na? Baade du aa han Far sae ju, atte Føljaa sko vera mi.
 
Vene Broe! Dæ va saa længje Føljaa va liden, atte hu sko vera di; men naa daa dør hæ blit ein stor Hest a na, naa maatte hu vera te Nytte, aa derfø selde Far din Føljaa te han Ola _; aa naa æ hu blit te Øigjen hans Ola _ dørfø maa kje du helle naa hogsa ette henne meir. Naa fær me snart ei litæ ny Følja atte, aa saa blir dæ di.
 
Straks etterpaa spør Guten: Korfø stend dør saa vonne Nabne i Bøgan? Den Gamle svarad: Du veit Broe, at Folkje i Byen snakka fornemt, aa dæ æ dei Fornemme aa Studerte, som færa te Bøgan, dørfø stend der saavorne Or aa Nabne i dei, som Storfolkjæ snakka. Di Store tykkje okka Mas æ stygt, dørfø maa me læra te lesa saaleis saa dei snakka _ _ .
 
(Etter Dalernes Tidende ).