[Tidender.] Høgre paa Vestlandet
er
underlegt lagat,
Morgenbladet
er reint forfært yver det og veit ikkje si arme Raad. Fyrst var det
no i Stavanger, der Høgre var samstelt um aa hjelpa fram Steen og
Berentsen, og no sist var det i Aalesund og Molde, der Høgre raadde
Grunnen aaleine, og likevæl brukad dei Magti si til aa velja paa
Vinstremannen, Medlem av Sverdrups Ministerium, uppbygt med
Riksrettsdomens uretfærdige Middel, Statsraad
Ludvig
Daae
.
So
mange Statsraadar av rette Høgreslaget, som gjeng her, og som ein
skulde tru at Høgre vilde samla seg um og senda paa Stortinget,
desse gjæve Menn, som faldt for sin Overbevisning og baud alt
upp til aa stogga Radikalismens Angreb paa Stat og Kyrkje og
alt som var
_
nei desse Menn hev no vortet avdømde av sjølve deira Vener og
Verjarar, dei vert ikkje haldne verduge til aa sendast paa Tinget
eingong. I sjølve Kristiania rauk soleis ein slik Statsraad for ein
Garvar, som til og med hev Aktier i
Dagbladet,
og i Aalesund og Molde vart dei alle saman vrakad og til Side sette
til aa gjeva Rom aat den einaste Statsraaden av Sverdrups
Ministerium, som kunne veljast.
Slikt
kann ein kalla Politikk det. Driv berre paa soleis vidare De Høgre,
so er det mest det same kven som vinn ved Valmannsvalet, naar det
vert Vinstretingmenn kor som er.
Etter
at
Morgbl.
hev jamrat seg fælt i mange Dagar, hev det endeleg funnet ein Utveg
til aa hevda Høgres Ære, dei segjer no berre, at
Daae
er ingen Vinstremann han
.
Ja,
ja, vil Høgre og
Morgbl.
godkjenna
Daaespolitiske
Meiningar for sine eigne, so hev ikkje me noko imot det.
For
daa hev dei godkjent baade Riksrettsdom og Parlamentarisme, Utviding
av Røysterett og alt som finst paa Framstigsvegen her i Norig.
Me
fær no sjaa daa, um dei stend ved det.
Publisert