Valmansvalet i Vinje.

 
(Telemork).

Vinstreforeiningi her hev halli tri Møte til Prøveval paa Valmenner, men plent samstelte kunne dei kje bli, avdi her var mange, som vart peika paa som Valmenner. Dei maatte fram vedkjenna si Tru og segja fraa kven dei vilde velja paa til Stortingsmenner. Alle var sams um aa velje dei tri, som hev vori, upp att. Av nye vart der peika paa mange, Svein Knutson av Rauland vilde dei helst hava, for han var kjend som ein stød og framifraa dugande Mann; hev han vori kjend viare hell han er, hev han sikkert vorte valt. Haukom hev me au voret nøgde med. Ullmann hev Mesteparten inkje noko imot, berre naar me hev kunna vori sikre paa, at han vilde verta sparsam nok, for hans Dugleik kjenner me til og set Pris paa. Men faa ein so flus Kar til dele ut av Landsens Mjølk og Ull som Bentsen var, ynskte me kje att. Slike Karar som Midbø, Kiland og Tveiten var faae og ingen som ynskte. Men semje seg ihop og faa so mange Hovu under ein Hatt var kje beint. Det saag ut som Vinstre skulde kløyve seg, Høgre arbeidde stilt men hardt, og dei bau upp all si Magt. Føraren deires Sveinung Bjørnson skreiv Brev til kvar, som han tenkte var fangande, skræmde med: dei maatte passa seg for slike som vilde tyna Kristendomen og gjera Ægteskapet berre til ein heidensk Skikk. Tilslutt reiste han ut paa Misjonsreise.

Han var kje aaleine skal eg tru! Ei heil mengd med Utklypp av Fædrelandet og Budstikken fylgde, og dugleg som han er, maatte det verke. Stemmesetlar av so gamle Folk at dei orkad kje koma, um dei hev berre ein FjordungsVeg, var skrapa i hop, so du kann tru, dei hev samla. Vel budde og visse paa Sigren møtte dei paa Valdagen. Dei mest openskore var kje kar til halda tett, men buldra ut med Meiningi at: Sigren er vaar.

Valet byrjad og so skarp Valkamp hev vist aldri Vinje Kyrkje voret Vitne til, det var fullkomeleg Ryggjetak. Av Vinjes 115 Røysterettuge vart der avgjevi 98 Røyster. Valde vart Vinstremennerne: Augund Londe med 51 Røyster og Aslak Haugen med 45. Suppleantar vart Sveinung Bjørnsen og Olav Fetveit med 44 Røyster. Det var Nappetak det, Høgre vart noko flate, men dei trøysta seg med det: Næste Gong vinne me.


T. H.