Uro.

 
Fuglavengjer og Skyaflog kappast ikkje med min Hugens Sviv.
Mine Tankar er som eit bylgjande Hav; dei dansande dreivest for Stormvindens Jag.

 
Det er sett ein Mur for meg, som eg ikkje kann sprengja og eit høgt Berg, som eg ikkje kann yverstiga. _ Tankarne fløymer upp som Vatnet i ein Sjø, Hugen er ruven, som naar det kjøver upp paa ein Is.

Kvi maa eg ikkje i Fredo vera? Kvi maa eg ikkje sova anten Natt hell Dag, utan at Tankarne vekkjer meg, og mitt Hovud vert ørt?


Legg Haandi innaat mi Bringe, fær du høyra, koss det bankar, legg Øyrat til, fær du høyra, koss mitt Hjarta slær.
 
Mine Andedrag er som dregne or Havsens Djup.
Mitt Auga er myrkt, mitt Hovud er bøygt som paa ein Brotsmann.

Um eg set meg ved Havsens Strand og let dei kalde Byljur yverstrøyma meg, so er mitt Hjarta det same. Um eg set meg ved den brusande Foss, so brusar mit Hjarta sterkare. Um eg steller meg midt i Mannasvarmen, so er eg endaa einsam med mine Tankar.


Kvi maa eg ikkje i Fredo vera? Kvi maa eg ikkje sova anten Natt hell Dag, utan at Tankarne vekkjer meg og mitt Hovud vert ørt?


Og deibyggjer yver meg alle sine Borger. Dei kvelver Mannaord yver meg som Toreskyer. Dei vil mura meg livande inne.

Flyg ut mi Sjæl, flyg ut mi Sjæl!
 
Lat Veggjer rivna, Murar bresta; lat Aasarne ramla og Fjelli siga ned, lat Himlen bogna og Skyerne brotna, so eg fær Rom for mine Tankar, so eg fær anda ut!
 
Berre Natti med sitt Stjernehav gjev mitt Sinn ei Svaling.

Blaase alle Vindar, blaase! so mitt Hovud vert klaart og mine Augo skire, so mi Bringe maa faa ei Letting.

Syngje og spile for meg alle Menneskje, so eg svævest og fær Fred for mine Tankar! Leggje ut med vise Ord, so Vitet vaknar!
 
Døyve, døyve paa mitt Hjartans Brusing!


Eg ser deg ikkje utan i Draum. Naar eg stirer paa deg, bivrar det for Synet. Det er som eg saag mot den blenkjande Sol: Augo vert fulle av Taarer.


Folk skilar eg ved di Side, men du er som sveipt i hildrande Sky, ditt Bilæte fløymer ut i gidrande Straum.

Eg tykkjest sjaa tusund lysande Liter _
er det Blomarne, som hev sodan Glim,
elder er det berre for Augom mine det braglar og brikjer?

Eg tykkjest høyra ein Ljom gjenom Lufti _
er det mitt Hjarta, som ringjer inn til Høgtid?
Eg tykkjest høyra lette Ljodadrag leikande gjenom Skogen _
er det mitt Hjarta, som ringjer inn til Høgtid?
Eg tykkjest høyra lette Ljodadrag leikande gjenom Skogen _
er det Fuglarne, som kvitrar, elder er det
mitt Hjarta, som stiller sine Strengjer?
Eg tykkjest høyra ei sagte Susing _
er det Vinden som veiftar millom Greinerne,
er det Bekkjesurlet millom Stein og Stuv,
elder er det berre mitt Hjarta, som susar?
Eg tykkjest høyra ein Dun millom Himmel og Jord _
er det Sog fraa Stride Straumar, elder er
det berre mitt Hjarta, som skjelv?


Blaase alle Vindar, blaase, so mitt Hovud vert klaart og mine Augo skire, so mi Bringe maa faa ei Letting.


Syngje og spile for meg alle Menneskje,
so eg svævest og fær Fred for mine Tankar!
Leggje ut med vise Ord so Vitet vaknar.
Døyve, døyve paa mitt Hjartans Brusing!


Det er ikkje Fuglesong, det er ikkje Klokkeklang, det er ikkje Vindens Veifting, Fossens Dur _ det er Tonar av eit stort Orgel, ei Røyst, som fyller Himmel og Jord _ aa eg tykkjest kjenna kvar ein Tone, eg tykkjer dei alle er mine eigne Kjenslur.

_ eg tykkjest Tonarne koma or mitt eiget Brjost.

Tagne Fuglar og tegje! Gjeve Ljod Folk, det er eg, som vil syngja.
Lyde paa min Song _ _ _


Stilt! Inkje syng! Inkje syng! Den sovande kunne vakna, den som kviler inne millom dei skuggefulle Lundar.


Draumarne stige som Røyk fraa ein Altar mot Himlen til Herrens Trone.

Dine Draumar, det er dei, som kverver mitt Sinn.
Draumarne dine er som Skyi blaa, som Sjøen blanke, som Blomarne paa Marki; ja Himlens Skyer det er dine Draumar; Himmel og Jord, alt som eg ser, alt som eg høyrer, det er dine Draumar: Englar ber dei fram til meg.
Det angar yver kvart mitt Stig som av Rosur.


Tegje Dykk Vindar! Vekkje inkje, fyrr den sovande sjølv vaknar, den som kviler inne millom dei skuggefulle Lundar.

Men eg bøygjer meg ned og kysser dei smaae Blomar, dei hev runnet upp av mine Smil og mine Taarer, dei kjenner min Sjæls Tankar.


Fortelje meg, naar den sovande vaknar, den som kviler inne millom dei skuggefulle Lundar.


r.