Korleis ein i gamle Dagar for aat med Kjættarar.
(Etter
Hjalmar Strømer).
(Del 2 av 3.
Fyrste delen.)
(Slutten).
Dei hadde i Tusundvis med Maatar aa
pina Folk paa, pøste kokande Olje yver dei, klypte dei med gloande
Tenger, strekte Lemerne elder klembde dei hardt i hop, hengde dei
livande upp i Timevis, stakk Naaler under Neglerne og Hudi,
smaasteikte dei annankvar Dag, svidde av Haar og Skjegg paa dei,
hydde dei, skar i dei, sette Tume-Skruv paa dei og mykje anna slikt.
Paa eit Museum i Amsterdam hev dei
endaa eit av dei gruselegaste Pinsl-Verkty fraa den Tid, daa
Spanjorarne raadde i Nederlandi, og som Inkvisitionen dengong brukad
tidt og jamt. Det er Jarn-Frua elder den bljuge Jomfrua,
dei kallad, for di dei brukad ho mest paa fagre Kvinnur, og dei
fortel, at dei gjorde det, for di dei soleis fekk Høve til aa nækja
Vænleiken deira. Dette Verktyet var ei Jarnrøyr, utvendes paa
Skapnaden liksom Kvinne, som stod rett upp Innvendes var Jomfrua
fullsett med tvieggjad Knivar, og so var det ei Dør, likeins med
Knivar, forstend seg. Fyrst klædde dei av den, som var klagad, so ho
stod reint naki, og so sette dei ho paa ei Fotskor inn i Jomfrua, med
bakbundne Hender og Føterne ihopfeste. Og dermed bar det til. Dei
let Døri langsamt att, og Knivarne borad seg so smaatt inn i
Framkroppen. Fyrste Gongen let dei Døri varleg att, og so opnad dei ho att, so den, som vart
pint, kunne tilstaa, og truleg vilde dei vel glaama paa den vakre
Kroppen og, for dei var nok ikkje alletider so gudelege endaa,
Inkvisitorarne. Vilde ho ikkje tilstaa, hadde dei att Døri ein Gong
til, og no gjekk Knivarne lenger inn enn fyrste Venda. Og soleis
heldt dei paa, til ho døydde. So gjekk Fotskori ned og Kroppen vart
sundlemad av ei usynleg Maskine inne i Jomfrua, og Bitarne fall ned i
ein Straum, som brusad under og førde Leivningarne med seg, so det
vart Rom for nye Pinslur og nye Offer.
For det meste var desse Pinslurne verre
enn sjølve Dauden, og dei heldt paa og pinte so lenge, til Offeret
gav seg og tilstod alt det, som dei vilde, berre til aa faa en Ende
paa det. Fyrst han hadde sloppet ut or Pina, tok han att, det han
hadde tilstadet, men so vart han anten dømd paa Tilstaaingi si,
elder so pinte dei han paa nytt Lag, og daa gjekk det jamnaste
sameleis.
Naar dei so hadde gjort fraa seg
Piningi, og dei fann ut, at den, som var klagad, var skyldig, so fall
Domen, og den kunne daa jamleg ikkje vera anna enn aa brenna paa
Baalet. Dette gjekk for seg med stor Høgtid, og dei baud
Folkehoparne koma aa sjaa, so dei kunne faa Syn for, kor ille det var
med Kjættarar baade i dette Livet og i det komande.
Baalet vart uppsett av Ved, som dei
hadde smurt yver med Bek og anna, som hadde lett for aa fengja, og
Ris-Kjerve og slikt. Midt paa Baalet var det ein Paale med ein liten
Tram, som den dømde skulde sitja elder staa paa, med Henderne og
Føterne bundne til Paalen.
Fraa Pesthola aat Inkvisitionen, som
dei sjeldan opnad, utan naar Kjættaren skulde vandra til Dauden i
Logarne, førde dei han, klædd i styggjeleg Bunad, som dei hadde
maalat Helvetes Logar og Djevlar paa med gloande Fargar.
Naar dei so hadde bundet han til
Paalen, kom ein Munk med Krusifiks i Handi og liksom heldt Guds Naade
fram for Kjættaren. Dette var liksom Spott.
Og so tok daa Autodafeen
(Kjættarbrenningi) til. Folkemengdi skraalad upp: Lat oss raka
dei Hundarne
_
for dei brende for det meste Kjættarar
i Tylvtevis. Og dermed tok dei paa og slengde liksom eit Regn med
brennande Svovel-Tjøre i Andlitet paa Kjættaranne, og med dette
heldt dei stundom paa til heile Andlitet var kolbrent. Dette
Forspelet totte dei var svært trøysamt og brukad mykje baade i
Spania og Italia.
Naar dei soleis hadde rakat
Kjættaranne, kveikte dei endeleg paa Baalet. Men du fæle Verdi! Dei
hadde tidt stellt det slik, at Logarne ikkje naadde lenger upp enn
til midt paa Kroppen, elder so hadde dei
_
og det brukad
Inkvisitions-Knigtarne jamleg
_valt seg eit vindhardt
Stelle, so Logarne takom-til slo um Kroppen paa den upphengde
Stakaren og takom-til dreiv ifraa med Vinden, so det kunne vara heile
Timar, fyrr Dauden fylgde paa, og endaa desse Stakaranne skreik aldri
so hjarteskjerande, at dei skulde gjera ein Ende paa Pina, so brydde
ikkje desse forbarkad Villdyri seg det Grandet um det.
Det finst ikkje Tal paa dei, som soleis
hev voret ute for denne ovstyggjelege Inkvisitionen. Bland andre hev
Soga gjøymt Minnet um den namnkjende Lækjaren Servede, som lenge
fyre Harvey heldt paa og skulde uppdaga Blod-Umlaupet og hadde dei
ikkje drepet honom, hadde han tvillaust gjort ferdig denne store
Uppdagingi til Bate for Menneskja.
Han kom farande til Genf, og her tok
Calvin og sette han i Fengsel og dømde han til aa brenna paa Baalet.
Den protestantiske Calvin var likeso meinhard som dei katolske
Bøddel-Kniktarne i Spania og Portugal.
I tvo lange Timar, so
lange som heile Ævelengdi, smaasteikte dei den stakars Servede med
ein liten Eld; han naudropad, at dei for Guds Skuld fekk friska paa
Varmen, elder paa onnor Vis gjera ein Ende paa den fælslege Pina,
men det nyttad ikkje. For det er slik med den religiøse
Fanatismen, at det finst ikkje Røyken av noko menneskjelegt i den,
korkje Kjensla elder Hjarta elder Medynk, berre Hjarteløysa so stor,
at Hjarteløysa aat Graabeinen er reint som Sjælsadel imot den.
Men slikt var berre Smaating for
Inkvi-sitorarne. Tidt brende dei i Hundradvis med Kjættarar paa ein
Gong, og Klageropi, som kunne skaka baade Himmel og Jord, rørde
ikkje ein einaste Drope Blod i Aadrarne aat Inkvisitions-Kniktarne.
(
Meir.)
Publisert