[Tidender.] Fraa Sætisdal.


Her hev voret lengje Regnver no, kalt og slufsi; Snjoen hev legjet paa Haagheidom alt. Her er no eit Bil sidan Folk fekk upp Jordepli. Dei var smaae og kleine; for Riset fraus tidlegt burt. Bjørnen hev voret ute i Haust paa fleire Stader og drepet Fenad fyre Folk.

No um Dagen var Stortingsmann Liestøl upptil Valle. Der var daa stort Møte og eit Vinstresamlag fyre Valle Gjeld vart skipat. Lensmann Lund fraa Valle var og paa Møtet. Han held med Høgre; men der var liti Framgong for Høgre aa venta. Aa segja alle heruppe, som bryr seg um Politikk, er Vinstremenn, endaa Fædrelandet og andre Høgreblad vert sende Folk fritt i Bunkevis. Kristen Postmann er so vond paa det lille Fædrelandet, som fyller upp Skreppa hans.

Amtsskulen skal vera uppi Valle i Vettr. Mange fraa desse yttre Bygdarne er komne upp longe sidan og hev legjet venta paa, at Skulen skal taka til; men Læraren er enno inkje komen. Grunnen er, at han so seint hev fengje Bod um, at han fekk Posten. Det er Kjetil Kjilland, som hev vortet Amtsskulelærar.

G.