[Tidender.] Fraa Honnes

 
(Sætisdalen).

Laurdagen den 3dje Oktober var det Premiskjoting paa Kjetsaamonen. D er var møtt upp Skjotarar fraa Ivelands og Hægelands Skjotarlag, so me vart ei gild Forsamling.
 
Klokka 9 Morgonen byrjad Skjotingi. Eit stort og vænt reint norskt Flagd, som nokre av Gjenturne hev gjevet oss, vert heisa upp paa ein liten Bakke tettmed Postvegjen.
 
Veret var no baade so og so. Det var formykje Storm til, at ein kunne skjota godt.

Skjotingi gjekk for seg med 3 Skot paa 100 Meter og 3 paa 200 meter, 5-delt Skive.
 
Klokka 3 Ettermiddag vart me ferdug med Skjotingi, det er daa heimyver til Aasmund Olsons nye Hus i Mars-vakt med Flagd og Trommur i Fyreenden.
 
Daa me hadde set yver Skjotarlista, viste det seg, at fyrste Premi tok: Torjei Olavson Hanaas med 22 Points.
 
No byrjad Sersjant Eiland med ein Tale for Skjotarsaki. Han minte um, kva det var, som laag til Grunn for Folkevæpningssamlagi i vaart Land, at det var for aa læra upp store og spræke Gutar i Vaapenbruk, so dei kunne verta dugande Fedralandsforsvarar um det kneip. Difor var det, at me ofra so mykje Tid og Pengar paa dette Yrkje.
 
Der vart haldet Talur for H. M. Kongen, Vinstre i Stortinget, Maalsaki, Redaktør Thomessen o. s. b.
 
Ja, det lyt eg segja, at all sterk Drykk var burte denne Gongen.
 
Den 9de Oktober 1885.
 
Olav U.