Sysvorti.
Sysvort, Sysvort, kolsvart, kolsvart,
lite kvit i Bringa, Syster mi, Syster mi reiste til Nordland, song ho
Mor aat oss, medan me var smaae. Kunne eg berre syngja Tonen hennar
etter paa Prent, so skulde du ikkje undrast me hadde Hug faa sjaa
Sysvorti. Ho maatte sjaa væn ut, som hadde so fin ein Laat.
Men Sysvorti var ikkje nett som Erla,
Gullskori elder Kjøtmeisi, at ho kom heim aat Husom og synte seg. Du
laut reisa ut og skoda etter henne, vilde du sjaa henne og det var
endaa vandt nok. Kor som var fekk eg no sjaa henne, eg foor etter
Smalarne, so mykje du skal ikkje narra meg, eg veit væl, kor ho ser
ut.
Ho er kolande svart, med ein snjokvit
Flekk i Bringa og stor som andre Trastar, men ho er meir sky enn dei.
Stundom saag eg henne nede paa Bøen, men daa var ho so sky, at eg
fekk lite skoda paa henne, so foor ho.
Reidi deira hev eg endaa aldri set. Men
ein Gong saag eg dei nyfokne Ungarne uppi ei sprokki Nov, dei foor so
tidige og flaksad; neimen sturde dei ikkje i Syreregnet.
Sysvori likar seg best uppi Urdar, i
Tør, paa Ris og uppatt i Nover, berre der er noko tett med Smaaskog.
So fer ho millom Bjørketopparne og Heggekrakarne og nedatt i
Sprakekjørri og burtatt i Siljekvisterne. Ho er so tidig, ho veit
lite kvar ho skal sitja. Men vert ein Hamar skogberr, so reiser ho
derifraa. Men er det ein Hamar full av Tør og med høveleg Skog i,
so kann du lita paa aa faa høyra henne der um Vaarkveldarne.
Ho syng no ikkje alltid lika tidigt ho
helder. Er det surt og kaldt og Nordanvind, so veit du det er mest
ikkje anna enn Nordanvindgøyur aa høyra.
Men er det smaatt fint Syreregn, daa
daa likar ho seg. Ho sit uppe i Skogtopparne og syng so lang Kvelden
er. Ho song alltid um Vaararne uppe i Hamrom ovantil Husi vaare, og
me kunne standa lange Tukter nedi Tunet og høyra paa henne.
So slog ei i sitt trifalte
kibrygt,
kibrygt, kibrygt
tvo Tonar uppe i Kvinten. So svarde ei likeins
trifelt:
kved, kved, kvedi ein mjuk Tone nedi Tersen.
Med det same slog hi atti att:
kibrygt, kibrygt, kibrygt,
og ei onnor svarad att:
kved, kved,
kved,
og soleis heldt det Tak.
Det var han Knut, som sagde, at
Sysvorti sagde kibrygt, for eg høyrde ikkje kva ho sagde, eg
høyrde berre Tonen, for eg var liten eg daa. Men eg høyrde, at dei
var so tidige stundom, at du kunne mest ikkje høyra anna enn:
kibrygt, kibrygt, kibrygt, kved, kved, kved, kibrygt, kibrygt,
kibrygt, kved, kved, kved,
so lang Kvelden var.
Stundom att gjorde dei slike lange
Drag, og daa leet ho annleis, eg kann ikkje herma det etter dei, og
so kann du no lyda sjølv ein Vaar. Seint um Kveldom og helst med
høgste Dag læt ho annleis.
Naar me gjekk etter Smalen um Kveldom,
og ho song, daa viste eg lite, kva som kom aat meg. Eg vart so rar,
og so var det so stilt, og naar eg fann Sauderne, so var det aa passa
paa, at det ikkje skulde vera ilt aa ganga for Smaalammi. Eg var
ikkje god til aa vera hard i meg, naar Sysvorti song. Ofte vart det
seint, og daa var Sysvorti siste Fuglen som song. Dei djupe Tonarne
hennar gjorde meg so rar i Hugen. Eg hadde høyrt um ein Fugl, som
skulde vita, naar ein skulde døy, og so song han so fint, fyrr han
døydde; han laut eg alltid daa hugsa paa. Du var glad, og du
lengdest, du vilde kveda, og du vilde ikkje, nei du vilde tegja
gnyande still for ikkje aa skræma Sysvorti. I meir det leid, i meir
vart det berre eit og anna Slaget, endaa meir langdregjet enn fyrr,
og snart let det siste. Siste Kvadet døydde i Kvelden, og det vart
kyrt. Du lengdest aa koma i Hus, men du gjekk stilt, snakte sagte,
sovnad lett og sov godt.
Sysvort, Sysvort Fuglen min,
lat meg høyra Songen din
naar det lakkar til Kvelde.
Syng du ditt
kibrygt,
svar du med ditt
kved
alle alle Fuglar syng no med
Soli glar snart or Fjellet.
Sysvort, Sysvort, Songen din
leikar lint i Hugen min,
naar det lakkar til Kvelde.
Eg gjeng meg til Senge
og legg meg i Fred,
alle, alle Fuglar syng no med,
no glar Soli or Fjellet.
Johan Lavik.
Publisert