Sagatun Folkehøgskule


byrjar den 2dre November eit Kursus for Gutar.

Etter Meldingi til Amtstinget hev Undervisningi i det siste voret 6 _7 Timar um Dagen. Kand. O. Arvesen og stud. O. Arvesen og Martin Nordby hev voret Lærarar. Det hev voret undervist i:
 
Norigs og Nordens Soga 1 ½ Time um Dag.
Grunnloven................ 3 _ - Vika.
Literatur................... 3 _ - _
Modersmaal............ 8 _ - _
Geografi................... 3 _ - _
Verdenshistorie.......... 3 _ - _
Naturlære................. 2 _ - _
Innatlesing................ 3 _ - _
Bokhalding................ 1 _ - _

Norigs Soga er gjenomgjengi ifraa den eldste Tid ned til Borgerkrigarne, so vart det gjevet eit Utsyn yver Nedgangen i Danskeveldet og Uppreisingi att fyrst i dette Aarhundradet.

I Verdenshistorie var det serleg Tilstandet i Kulturstatarne i Gamletidi, som vart lagt Vegt paa, dinæst det nye Folkelivs Frambrot ved Kristendomen. Gjenom Millomalderens Soga hefte dei seg iser ved Paveveldet, korleis det steig og seig og verkad til alle Sidur, Orsakerne til den nye Tid, som braut fram i Reformasjonen og um Luthers Liv og Livnad. Endeleg um Uppdagingarne og Vitenskapen og all dens Innverknad paa Livet i Europa.

Av Literaturhistorie var det serleg vaare Diktarar, som vart for seg havde. Serleg skildrat vart Wergeland, Welhaven, Bjørnson, Ibsen og Vinje. Dikt og Drama vart fyrelesne.

I Modersmaal og Innatlesning hadde dei 11 Timar Vika. Av desse brukad dei 3 Timar til Lesning, 3 til Fyresegn (Diktat), 3 til Analyse og Grammatik, 2 til aa ganga igjenom Stilar.

I Geografi vart det mest drevet paa med Norig, og so Sverik og Danmark, sidan det andre Evropa og andre Heims-luter.

I Rekning gjekk dei gjenom dei 4 Rekningslag, Reguladetri, og Renterekning og litt Geometri, Stereometri og Kvadratrotutdraging.


I Naturlære gjekk dei igjenom det vigtugste av Mekanikken, noko um Ljos og Ljod, Varmelære, Magnetisme og Elektrisisme. I Bokhalding lagde dei iser Vegt paa Bokhalding til Gardsdrift.

I Verdenshistorie, Grunnlov, Geografi og Naturfag vart det brukat Bøker til Heimelesning. Og elles hadde Elevarne mykje Heimarbeid med norsk Stil og Rekning.