Aatte og trettiande Kapitel av Jobs Bok.

 

Og Herren svarad Job fraa Stormen ut

og sagde: ”Kven er denne, som vil myrkja

mi raad med Ordi utan Skil og Skyn?

Kom no og dine Lender gyrd som Mann,

so vil eg spyrja, og du skal meg læra.

 

Kvar var no du, daa eg grunnlagde Jordi?

Seg fram, um du er frod!

Kven sette hennar Maal? D’er du som veit det!

kven tande Snori yver henne ut?

Kva var væl Grunnen hennar lagd uppaa?

Kven lagde Hyrnesteinen hennar ned,

daa Morgonstjernor sungo Fagnadsong,

og alle Borni Guds av Glede ropte?

 

Kven stengde fyre Havet vel med Dører,

den Gong det braut seg fram or Moderliv?

daa eg til Klædebuand gav det Skyi

og skume Skodd til Reiv,

og reiste mine Bytesteinar kring det

og sette Slaa og Dør,

og sagde: hit du kjem og inkje lenger,

og her skal brjotast dine byrge Baaror.

 

Hev du i all di Æve kallat Dagen

og synt aat Morgonroden Staden hans,

at han maa fata Jadrarne paa Jordi,

so at dei Vonde verta riste ut?

Ho skifter um som Vakset under Siglet,

og som ein Klædebunad fram dei stiga¹),

og Ljoset vert ifraa dei Vonde teket,

og sunderbroten vert den lyfte Armen.

 

Er du til Kjeldorne aat Havet komen?

og heve du paa hulde Havs-Botn reikat?

Ha’ Dørerne til Dauden synt seg aat deg?

og saag du Portarne til Daudeskuggen?

Enn Vidderne av Jordi, saag du deim?

Seg fram um du kvar Flekk paa henne kjenner!

 

Kvarhelst er Vegen dit, som Ljoset bur?

og Myrkret _ seg, kvar heve det sin Stad?

so du fekk ført det til dess Landemerkje

og kjende Stigerne til Huset dess.

Du veit det _ det var daa væl, du vart fødd,

og Talet det er stort paa dine Dagar.

 

Men seg, kom du so langt, at du fekk sjaa,

der Snjo og Hagl er lagde upp i Dungar,

som eg til Trengsels-Tidi heve sparat,

til Dagen, daa dei kivast og dei kriga?

 

Kvar er den Vegen, Ljoset breidest paa,

der Austanvinden dreivest yver Jordi?

 

Kven opnad Rennor fyre Støype-regnet

og Veg for Straalarne av Torerøyster?

til Regn aa senda yver folk-audt Land

og yver Øyda, der ei Mannen bid,

til mett aa gjera Øyremark og Ubygd

og lata Gras-botn koma til aa brydda.

Hev Regnet Fader?

Enn kven hev gjetet Droparne i Doggi?

Kva Moderliv er Isen gjengen or?

og Himmels-Hela _ kven hev gjetet henne?

Rett som med Stein seg Vatni draga yver,

og Djupsens Yta let seg atter.

 

Kann du Sjaustjerne-Bandet knyta fast?

og kann du løysa Orion av Lekkja?

Enn Stjernorne i Dyre-Ringen daa,

kann deim du føra fram i deira Tid?

og kann du leida Bjørnen med hans Ungar?

Og veit du Logjerne, som styra Himlen?

og veg du ut aat honom Vald paa Jordi?

Kann du di Røyst til Skyi lyfta upp,

so ho deg sveiper inn i svale Straumar?

Kann Ljoni fram du kalla, so dei fara

av Skyi ut og segja til deg:

sjaa, her me ero?

 

Kven heve lagt i Mannabrjostet Visdom?

og kven hev gjevet Manna-Hugen Skyn?

 

Kven kannar Skyerne med Vit og Kjensla?

kven heller Himna-Vasstunnorne ut?

naar Dufti renner saman til ei Knoda,

og Molda-Klumpar kleima seg ihop?

 

 

¹) Desse tvo Vendorne er vande til aa skyna. ”Ny norsk kirkelig Oversættelse” tyder deim so: Jorden forvandler sig som Leret, naar Seglet trykkes derpaa, og de enkelte Ting paa Jorden fremtræde som et Klædebon”.

 

Frå Fedraheimen 17.10.1885

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum