[Tidender.] Trollet i Storelidvatnet.
Det er mange, som trur paa Sjøormen og
mange, som inkje trur paa han. No ja, dei kann gjera som dei vil med
di; Trui er tollfri, hadde eg nær sagt; men det, eg vil fortelja um,
er inkje nokon Sjøorm; det er ein Vassorm, og sant er det anten du
so vil tru det elder inkje.
Det er ein Sætrestøyl, som heiter
Storelida. 5 Mann hev der Sætri si, og Seli stend paa
eit stort Nes, som stikk uti eit Vatn umtrent 1 Fjordung langt. Det
er i dette Vatnet Ormen (hell kva Slags Dyr det no var) livde. Fraa
eg var liten, hev eg høyrt gjetet dette Udyret, som gamle Gjenturne
saag baske inn under nokre høge Hamrar, som gjeng lodrett ned i
Vatnet. Det kunne liggja der halve Dagare og velta seg i Solskinet;
stundom var det som mange Tunnur hadde leget der i ei Rast (det var
Bugter av Ormen dette), og stundom gjorde det seg til som ein stor
hest. Fargen var graakvit. No ein Mannsalder hev det inkje synt seg,
og dei hev difor trutt, at det var klart; men for 2 Aar sidan saag
dei det att.
Det var fyrst 2 Gjentur, som saag det,
og daa dei fortalde det til Folket, som nere var, berre log Folket
aat dei
_
dei unge daa; dei gamle hadde no sine eigne
Meiningar. Men so hadde
alle
Gjenturne set det ein Dag, og daa
laut Folket tru det. Og naar dei so tenkte seg um, var det i Grunnen
klaart, at der
laut
vera eit slikt Troll. Det var so mangt dei
hadde merkat, som tydde paa det. Millom anna, at der inkje bid Fisk i
vatnet, endaa der er Fisk i eit annat Vatn inkje langt ifraa og der
er so skikka, at Fisken kann koma fraa det eine og til det andre. No
ja, det var altso sikkert, at der var eit Troll, men kva Slags? det
var Gaate. Ei av Gjenturne paa Sætri var svært hugad paa aa finna
ut dette. Ho vilde taka Baaten (dei hev der ein stor Ferung), faa dei
andre med seg og ro inn; men dei andre var rædde og vilde inkje. Jau
endeleg fekk ho med seg tvo, og dei reiste. Trollet laag der og velte
seg so rolegt som ingen Ting var; men Gjenturne tok alt til aa
skjelva og stansa paa Farti. Dei tenkte paa aa snu; men so fann dei
paa aa skuta (setja Bakenden i Fyrevegen) for aa vera snare til aa ro attende, um det skulde
koma. Dei skutad smaatt i Senn, skjelvande og rædde. Men ettersom
dei kom nærare, vart Trollet mindre og mindre, uskaplegare og
uskaplegare og sistpaa vart det som det inkje skulde vera noko Troll.
Dei fekk Mot og skuta paa, og daa dei kom skikkeleg attaat var det
_
berre Skum. Baara hadde sleget mot Hamaren til der hadde vortet store
Skumdottar, og naar so Vinden stiltest, laag desse Skumdottarne og
leda seg upp og ned i Baaredøningen.
_
Det var Trollet i Storelidvatne. Stakkars
Gjenturne fekk høyra mange hædande Ord, daa dei kom ned att, for no
var det ingen, som tyktest ha trutt paa noko Troll.
Gorm.
Publisert