[Tidender.] Ny Skikk med Gifting.

 
I gamle Dagar var det Skikk, at naar Folk giftad seg, so skulde rik hava rik, fin hava fin og fatik hava fatik. Paa den Maaten vart Folkeslaget utarmat, og Rikdomen vart helder ikkje nok utjamnat. Det er mange, som held paa den Maaten endaa, Men i Tyskland kom det upp ein ny Skikk i Sumar, fortel eit tyskt Blad. Det var so mange fine Frøken ved Badi, som huglagde friske, sterke Fiskargutar, som snaudt hadde Klæde paa Kroppen. Og dei sette so hardt paa, at Foreldri laut fira. Soleis var det ei Dotter av ein lærd og namngjeten Professor, som rømde heimanfraa og løynde seg eit halvt Aar, fordi ho vilde hava Fiskaren. So sette Skyldfolket hennar ut, at ho var ikkje rett i Hovudet, men Lækjaren avsannad dei. Og so var det ikkje onnor Raad, enn at ho fekk han.

Um dei fine Frøkni vaare tok aat paa ein sodan Maate, foor og huglagde Fiskargutar og Fjelldrengjer, so trur eg likevæl ikkje, at dei fekk so god ei Lukke. Det var igjen, som vilde hava dei, allvist naar dei var av rette bleike Slaget.


X.