[Tidender.] Det kyrkjelege Landsmøtet


kom saman igaar. Forutan dei deputerede møtte mange andre, som var innbodne, derimillom Statsraad Jakob Sverdrup.

Sokneprest Sven Brun heldt Inngangstalen.

Dette Møtet er det andre friviljuge Landsmøtet. Det fyrste vart haldet i 1873.

Soga til desse Møti er denne: I 1868 vart den store kongl. Kyrkjenemndi, som hadde arbeidt i 10 Aar, ferdig med sitt Arbeid og lagde fram Forslag til full Kyrkjeforfatning, deriblant um ein Kyrkjerepresentasjon, som saman med Kongen skulde hava heile Lovgjevingsmagti for Kyrkja, soleis at Stortinget skulde vera reint utestengt.

For fyrste Stortinget kom so Regjeringi med eit Framlegg um Innkalling av ei raadgjevande Kyrkjeforsamling, som skulde granska alle Framleggi. Dette sagde Stortinget nei til, dei meinte, at slikt vilde minka Magti til Stortinget, allvist var Joh. Sverdrup hardt imot det.

Etter dette vart det ei stor Rørsle. Det vart haldet Møte rundt ikring i Landet, som uttalad seg for frie kyrkjelege Stiftsmøte og for eit Landsmøte. Mange var imot baade fraa Høgre og Vinstre, Prestarne negtad soleis jamt aa halda Møte til aa velja Utsendingar, det var berre Biskop Grimelund i Trondheim, som brydde seg um det. Landsmøtet i 1873 var difor reint friviljugt, alle møtte, som vilde. Dette andre Møtet, som no er komet saman, hev valde Utsendingar, men Tiderne hev no vendt seg so, at Prestarne no er med, Folket imot. Paa dei aller fleste Stader hev Kyrkjefolket ikkje viljat møta upp til Val, og Møtet kann difor paa ingen Maate segjast aa repræsentera Kyrkja.

Vinstre hev no snutt seg ifraa, og Høgre hev komet med. Grunnen er den politisek Situasjon. Morgbl. segjer beint ut, at Mødet er nærmest et Udtryk for den dybe Ængstelse, hvormed den hele politiske Situasjon, der daterer sig fra Begivenhedern i Juni Maaned i fjor, har fyldt alvorlige og fædrelandssindede kristne i vort Land. Bladet segjer, at Meiningi er beintfram aa byggja ei Festning imot all liberal Politikk. Det er dei same bekymrede, som var med paa Selmeradressurne og Kristendomsuppropet, som her er framme att.

Um Frugterne av deira Arbeid kann me i alle Maatar samstavast med Morgbl., som segjer: Det kirkelige Landsmøde kan forresten vedtage hvad det vil; dets positive Beslutninger vil neppe vinde nogen afgjørende Betydning.

Det er vise Ord. Dei kann gjera kva dei vil, dei fær so ingen Ting gjenomført.

Møtet hev sitt største Verde ved det, at dei bekymrede og ængstede fær koma saman og sukka og graata og trøysta kvarandre, dei som so gjerne vilde taka paa seg Formyndarskapen yver vaart arme, vildledte Folk.

Flertalstanken er den mest tyranniske af alle , segjer Morgbl., difor vil dei no faa inført eit kyrkjelegt Mindretalsstyre, som daa skal vera so mykje grumare.