Sann Moral.


Det hev voret ein ruggsam Strid no ei Tid. Inkje berre Høgre og Vinstre hev prøvt Styrkje med einannan, men ogso Vinstre seg imillom. Ein Del av Vinstre vert no kallad Oftedøler, og det vert brukt som eit Utnamn. Eg tykkjer, at dei gjer Oftedal mykje Urett. Dei skal inkje skjemma ein Mann ut soleis. Ein Mann maa daa hava Lov til aa arbeida for aa faa valt Menner med Kristentru inn i Tinget. No skal Kyrkjeog Skulesaker fram, er det daa so galet, at ein daa helst ser dei kristne avgjer deim. Eg er ingen Oftedøl, eg vil, at ein Fritenkjar skal faa vera med og hava same Rett som andre Menner i Landet. Eg røystar paa ein Fritenkjar med godt Samvit, naar eg er sikker paa han vil arbeida for Fridom i Tru og inkje leggja nokon i Tvang, men inkje alle torer tru so.

Paa Upplandi vilde nokre Valmenner kasta Hektoen, fordi han røystad med Oftedal i Kiellandssaki. Eg finn inkje, at dei Valmenner hev tenkt yver ei slik Ferd. Eg meiner inkje, at Hektoen her for fram som ein frilynd Mann, for ein skal gjera Rett mot alle, ogso ein Fritenkjar. Men eg finn og, at ein Kristen kann taka Fæle av Fritenkjaranne no um Dagarne og inkje vil sjaa, at dei vert stydde.

Hektoen er ein dugande mann. Han gjeng inkje til si Gjerning utan Umtanke.

Det er Vinstre, som sit inne med Yrkje til den folkelege Framgong og Lukke. Lat oss daa helder inkje gløyma: ein sann Moral maa vera Grunnsteinen.

A.