Korleis ein i gamle Dagar for aat med Kjættarar.

 
(Etter Hjalmar Strømer ).
 
(Del 1 av 3.)
 
I Millomalderen sette dei Menner, som dei kallad Inkvisitorar, til aa finna fram vantrue elder Kjættarar og straffa dei. Desse Inkvisitorarne var so reint hjartelause, at dei verste Villdyri er reint som skuldlause Duvur imot dei. Naar Villmenner slagtar Menneskje, er det berre som harmlaus Leik og Gaman imot den Brenningi og alle dei fæle Pinslurne, som Inkvisitorarne fann paa.

Dei brende Kjættararne paa Baalet, fordi det skulde vera liksom eit Bilæte paa Helvete, og paa den Maaten skulde dei skræma Folk fraa Vantru, naar dei hadde Helvetes-Pinslurne for Augom. Soframt Sjælarne aat Kjættaranne skal brenna til ævig Tid, so høver det best aa brenna Kropparne deira og, hev ein Inkvisitions-Domar sagt.

Dette gjorde daa Inkvisitorarne og med det djupaste Aalvor og i god Tru; dei var uppskræmde av Helvetes-Rædsla slik, at dei vart reint galne og vetlause, og Tanken um den forfælande ævige Pina for dei fordømde villte Hugen deira. I Spania var Inkvisitionen verre enn i nokot annat land og tok innpaa ½ Million, men der var dei mest fanatiske Inkvisitorarne tidt gudelege og ærlege Menner.
 
Venskap, Kjærleike og Skyldskapens helige Band var ingenting imot den ævige Sæla elder Pina. Det var ingi Sak for Mori aa lata brenna den Sonen, ho hadde boret under Hjartat, elder for Sonen aa brenna Mori, um dei paa den Maaten kunne bergja um det so berre var ei einaste Sjæl, so ho ikkje kom i Helvete.

Naar dei so fælt, som Raad var, synte Verdi den Pina, som Kjættaren skulde koma i som kvar ein kunne koma i, so laut dette vekkja Sjælarne til Ettertanke og Strid med Kjættarskaren.

Naar det var so uhorveleg mykje, som det her stod um, so vilde den, som sparde Barn, Foreldre elder kven det var, naar dei var Kjættarar elder mistenkte for aa vera Kjættarar, koma inn under den tunge Domen:

Den, som elskar Far elder Mor, Son elder Dotter, meir enn meg, han er meg ikkje verd.

Og paa den andre Sida, naar dei gav Skyldfolket sitt til Dauden, daa det var heile den ævige Sæla um aa gjera, so stod det i Skrifti um dette:

Den som misser Son elder Datter, Far elder Mor, for mi Skuld, han skal faa hundraddubbelt att og erva eit ævigt Liv.

Dermod tok desse Bødel-Kniktarne og dei forvillte Hjelpesveinarne deira dette fælslege Blodverket som ei Missions-Gjerning for den same Trui og for aa gjeva Menneskje-Sjælarne det ævige Livet. Te fastare og meir fanatisk denne Trui var, te meir fekk Hjarteløysa Yverhand, og dei trakkad paa dei heligaste Kjenslurne, som Naturi hev skapat.

Framferdi ved Inkvisitionen er det mest sataniske, som hev voret uttenkt paa vaar Jord. Fyrst kom Meldingi, so Domen, og so vart Domen sett i Verk, og alt dette gjekk for seg soleis, at det eine var gruselegare enn det andre.

Fyrst var det daa Meldingi. Det var fastsett, at Eigedomen etter dømde Kjættarar skulde dei byta likt millom Kyrkja og den, som melde Kjættaren. Paa denne Maaten var Folk liksom galne og rasande etter aa melda, og dei var allstødt etter alle dei, som aatte nokot, det same anten dei hadde Kjættar-Tru elder ikkje, det spurdest det litet um; Hovudsaki var aa faa tak i Pengarne, og daa var det nok aa melda dei for Kjættarskap.

Berre eit einaste ord av ein Uven, av ein ovundsjuk Kappstrævar (Rival), av ein illviljug Tenar elder av eit vanartat illtenkt Barn var nok, so kom Stakaren i Klørne paa Inkvisitionen.

Men det var ikkje nok med det. Det var fastsett og, at Barn aat Kjættarar ikkje fekk hava nokot Embætte elder nokon annan Borgarrett so nær som i det Tilfellet, at Borni sjølve meldte Foreldri! Fælare kunne det ikkje verta. I slike uhyggjelege Tider, daa Folk heldt paa reint aa verta dyrgjengne, kann ein vita, kor det bar av med slikt. Unge og gamle, Menner og Kvinnur og for det meste dei beste Gjævinger tok dei og kastad i dei grysjelege Fangeholi aat Inkvisitionen. Ingen kunne vera trygg, og mange viste ikkje betre Utveg til aa fri seg sjølv for Faaren enn aa melda andre, det same kven det var.

Naar dei so var komne i Fangeholet, so bar det til med Forhøyr og Ramaskrik, men dette gjekk for seg i Løynd, forutan Vitne og Forsvarar, og det som var det verste, det var ikkje Meiningi aa finna ut, um den, som dei hadde klagat, var skyldig elder ikkje, men med Fulskap og Pinslur vilde dei tvinga han til aa tilstaa alt det, som Inkvisitionen vilde.

Ærelause, Ukjurur, Heimlausingar og Uvener og alleslags Farkar, som sagdest hava nokot aa fortelja um den, som var klagad, tok dei mot, og det som dei vitnad, vart teket for god Fisk, og ein kann skyna, kvat det var for Slag, dei vitnad.

Og var det nokon som vilde fortelja nokot, som kunne vera til Gagn elder Orsaking for den, som vart forhøyrd, so vart han klagad sjølv med, for daa hadde dei han skilleg mistenkt for aa vera Kjættar sjølv med.

Naar dei gjekk fram paa den Maaten, so hadde det voret det rettaste aa døma radt den, som var klagad, for det var no Meiningi, kor som var. Men slik Framferd hadde voret for mild og ikkje so djevelsleg, so det kunne høva for den helige Inkvisitionen.

Dei vilde hava han til aa tilstaa sjølv, og daa han ikkje vilde det med det gode, som rimelegt var, daa han jamnan var heiltupp skuldlaus, so tok dei og pinte han.

( Meir.