Korleis eg styrde eit Jordbruksblad.

 
(Umsett etter Mark Twain ).
 
Eg vart so for eit Bil Styrar av eit Jordbruksblad men ikkje utan ymse Tvil _ liksolitt som ein Landbu vilde utan Otte hava tekjet Styret yver eit Farty. Men eg var i det Høve, at ei Løn ikkje var aa vanvyrda. Den rette Bladstyraren vilde unna seg litt Kvila einkvarstaden, og eg gjekk inn paa dei Vilkori, han sette meg, og tok Sessen hans. Det var rett ein andeleg Hugnad for meg aa hava eit Yrkje att, og eg arbeidde heile Vika med stor Trott. Den Dagen, Bladet vart prentat heldt eg meg inne; eg var upptekjen av Tanken paa, um Folk vilde gjeva Gaum etter det, eg hadde skrivet. Daa eg ved Solarglad gjekk ut av Bladstyrarkontoret, spreidde ei heil Mengd av Menn og Gutar, som hadde samlat seg utanfyr, seg som paa ei innre Drift og gjorde veg for meg, med det eg høyrde tvo elder tri av deim segja: Det er han! _ Dette Millomsleng likte eg som rimelegt var væl. _

Morgonen etter hadde det framfyr Hustroppi liksom fyrre Dagen samlat seg ein stor Folkeflokk, og her og der paa Gata stod Par for Par; alle saag dei paa meg med Forvitenskap. Daa eg kom nærar, spreidde Hopen seg, og ein Mann sagde: Sjaa paa Augo hans! _ Eg let, som eg ikkje gaadde, at dei ansade so mykjet paa meg; men for meg sjølv gledde eg meg yver det og etlade meg til aa senda Tanta mi Melding um det. Eg gjekk upp den vesle Troppi, og daa eg kom til Dyri, høyrde eg muntre Røyster og skrellande Laatt. Eg let Dyri svint upp og vart var tvo Ungmenne, som vart baade kvite og lange i Andlitet, daa dei fekk sjaa meg; men so med eit sprang dei med stort Braak ut gjenom Vindaugat. Eg stod som fjetrad. _

Um ein halv Time kom ein gamall Mann med langt kvitt Skjegg og eit fint men helder strengt Andlit inn paa Kantoret til meg. Eg bad han setja seg, og han so gjorde. Det saag ut, som hadde han nokot paa Hjartat. 
Han tok Hatten av seg, sette han paa Golvet, og drog so fram ein Lummeduk av raud Silke og eit Nummer av Bladet mitt. Han lagde Bladet paa Kneet, og medan han med Lummeduken turkade Brillorne sine, sagde han: Er De den nye Bladstyrar? _ Eg sagde, eg hadde den Æra. _ Hev De styrt noko Jordbruksblad fyrr? _ Nei, sagde eg, dette er min fyrste Freistnad. _ Det ser so ut; hev De nokor praktisk Røynsla i Jordbruket? _Eg trur ikkje det. _ Ein Inngivnad hadde alt yvertydd meg um det, sagde den gamle, med di han sette paa seg Brillurne og saag strengt paa meg yver deim. Eg skulde hava Hug til aa lesa for Dykk det, som gav meg hi Yvertydning. Det var dette Hovuduppsett. Høyr no etter og seg meg so, um De sjølv hev skrivet det: Næpor skulde aldri plukkast, for det skader deim. Det er mykjet høvelegare aa lata ein Gut gaa upp i Treet og rista det. _ No kva tykkjer De um det? for eg trur sant aa segja, at De hev skrivet det. _

Kor eg likar det? No, eg tykkjer det, at det er godt. Eg meiner, at det er Tankar i det. Eg tvilar ikkje paa, at kvart Aar Millionar og atter Millionar Skjeppor av Næpor her i denne Del av Byen vert øydelagde berre ved det, at dei vert plukkade, medan dei er halvmogne. Hadde dei sendt ein Gut upp i 
Treet for aa rista det, so...

Rist De Dykkar, Godmor! Næpor veks ikkje paa Treom! _ Aa so, ikkje det? Men 
kven hev meint det? Det skulde vera eit Likningsordalag, reint eit Likningsordalag! Den, som kann skyna litevetta, vil snart forstaa, at eg meinte. Guten skal rista Ranka.

Den gamle Mannen ris, reiv Bladet i berre Fillor og trakkade paa deim; etter det slog han sund ymse Ting med Staven sin og sagde, at eg var enno so faakunnig som ei Ku. Med det gjekk han sin Veg og slengde Dyri i Laas, so det dundrade i Huset. Med eit Ord sagt: han skikkade seg slik, at eg byrjade tru, at det maa hende var noko, han mislikte. Men daa eg ikkje viste, kva som var komen i Vegen for han, kunde eg ikkje hjelpa honom.

Ei liti Rid etter skaut ein lang likbleik Skapnad med tunne Haarlokkor, som naadde like til Herdarne, og med Skjeggstubbar, som lik Bustar stod ut fraa Bakkarne og Dalarne i Andlitet hans, inn gjenom Dyri. Komen inn braastadnade han, som hadde han vortet røtat til Golvet, med di han lagde eine Fingren paa Lipporne og heldt Hovud og Yverkropp framyverbøygd med eit lurande Lag. 
Det knatt ikkje i honom; _ han heldt ved aa lura; _ ikkje ein Ljod. _ Daa vreid han Lykjelen um i Dyrlaaset og kom varleg paa Tæarne so nær meg som ei Armslengd. So vart han standande, og etter at han eit Bil med stor Forvitenskap hadde prøvt mitt Andlit, drog han eit ihoplagt Nummer av Bladet vaart fram av Brjostlumma og sagde: Sjaa der, det hev De skrivet? Skund Dykk og les det for meg! Lett De min tunge Hug, for eg hev det vondt.

Eg las det, som kjem her; _ og medan Ordi fall fraa Lippom mine, kunde eg sjaa, korleis det ljosnad i Hugen hans _ korleis dei spanade Segor slaknade, og det ottefulle 
Lag seig burt fraa hans Andlit og Ro og Fred smaug seg yver hans Andlitsdrag som det milde Maaneljos yver ein Øydestad: Guano er ein gild Fugl; men han treng stor Umsut, naar han skal alast upp. Han skulde ikkje verta innførd fyrr i Juni elder seinare enn i 
September. Um Vetteren skulde dei lata han vera i varme Rom, der han kunde bræda Eggi sine.

Um Graskar . _ Desse her er ein væl umtykt Drikk hjaa dei Innfødde i det Innre av Ny-England. Ved Tilaging av Fruktkakor vil dei helder hava Graskar enn Stikelsber, og til Kufoder synes dei betre um dei, enn um Bringeber, daa desse gjev meir Fylla enn Næring. _ Av dei Artar av Orangefamiljen, som ber etande Alde, er det berre Graskar, som kann veksa i Nordlandi, naar ein undantek Flaskegraskar og eit elder tvo Slag Turbangraskar. Den Skikken aa planta Graskar i Tunet millom Buskom leggjast no av etterhand, for dei hev lært aa sjaa, at Graskar ikkje kann nyttast som skuggegjevande Tre. _

No, daa det varme Vedret snart kjem, og Gassen tek aat aa gyta... Her sprang Luraren fram til meg, gav meg eit gasta Handtak og sagde: Det er nok! No veit eg, at eg hev mitt fulle Vit, daa De Ord for Ord hev leset det nett slik som eg gjorde. _ Men, Framandkar, daa eg idag las dette fyrste Gongen, sagde eg med meg sjølv: Aldri, nei aldri hev eg trutt, at eg var fraa Vitet, endaa Venerne mine hev vardat meg truleg; men no trur eg det. _ Daa skreik eg slik, at ein kunde høyra det tvo Mil, og spratt upp for aa drepa einkvar; _ for De lyt vita, at no viste eg, at det um stutt elder lang Tid laut bera til det, og difor kunde eg daa likesogodt gjera det med same. Eg las enno ein Gong eit av Stykkjom Dykkar for aa gjera meg fullviss i Saki, kveikte so Verme paa Huset mitt og strauk burt. Eg hev alt gjort ymse Folk til Kryplingar, og ein Gut jagade eg upp i eit Tre, der eg kann taka han, naar det trengst. _ Men daa eg kom framum her, tenkte eg: Du skal no spyrja deg fyre ein Gong til for aa verta full yvertydd um Tingen. Og no er eg verkeleg full yvertydd, og eg segjer Dykk, at det er ei Lukka for Guten i Treet. Eg var heilhuga paa aa drepa han paa Heimvegen. _ Lev væl, min Herre! Lev væl! De hev tekjet ei tung Byrd fraa Bar
men min. Mitt Vit hev stadet Prøve, som ein av Dykkar Jordbruksartiklar sette det paa, og eg veit, at heretter kann ingen faa det til aa falla. Lev mykjet væl, min Herre!

Eg vart nokot uvæl i Hugen ved Tanken paa det, som Mannen hadde tekjet fyre seg heime og paa Vegen hit; for eg kunde ikkje annat enn kjenna meg som hans Medskuldig i visse Maatar. Men desse Tankar vart braatt burtjagade; for rette Bladstyraren kom inn. _ Daa tenkte eg: Hadde Du dregjet til Ægypten, som eg fortalde deg, so hadde eg kanskje fenget Høve til aa gjera nokot ordentleg ut av Bladet. Men du er daa der att. Sant aa segja ventade eg deg. _

Bladstyraren saag sorggiven, klumsad og ottefull ut. Han yverskodade Skaden, som den gamle Braakar og dei tvo unge Bønder hadde gjort, og sagde so:

Det er ei syrgjeleg Soga, ei mykje syrgjeleg Soga. Flaskorne med Planteslim, seks Glasrutor, ein Sputtebakke og tvo Ljosestakar er øydelagde. Men det er ikkje det verste. Bladets gode Namn hev fenget ein hard Støyt _ for altid er eg rædd. Vistnok hev Bladet aldri voret so etterspurt, aldri hev det voret selt i so stort eit Upplag, og aldri hev det naatt so stor ei Frægd. Men ynskjer ein daa aa verta namngjeten ved aa missa Vitet, og likar ein aa koma til Rikdom ved Veikskap i Aanden? _ Min Ven, so vist eg er ein ærleg Mann, gata stend full av Folk, som er forvitne etter aa sjaa Dykkar Andlit; for dei trur, De er galen. Og væl hev dei god Grunn til det, naar dei hev leset Hovudartikelen Dykkar i Bladet. Han er reint ein Vanheider for Bladskrivingi. Men korleis kunde De ogso faa det i Hovudet Dykkar, at De var god til aa styra eit slikt Blad? Det skollar, som hev De ikkje den ringaste Greide paa sjølv dei simplaste Ting i Jordbruket. De talar um ei For og ei 
Horv, som um det var ein og same Ting. 
De snakkar um Felletidi aat Kui, og de uppmodar Folk aa temja Tevdyri for Skuld deira Vranglæte og Dugleik i aa taka Rottor. Dykkar Tala um, at Venusvovdarne vilde liggja stille, um dei enn spelte for deim, er reint yverlause. Ingen Ting kann oroa desse Vovdar; dei er rolege støtt; dei hev ingi Kjensla for Musik. _ O Himel og Jord! Hadde De, min ven, arbeidt Dykkar heile Liv paa aa eigna til Dykk Faakunnigskapen, De hadde ikkje kunnat vortet Doktor med større Æra enn i dag. Aldri hev eg set nokot slikt! Dykkar Merknad, at Hestekastanjen altid vert haldet for ei gjengeleg Handelsvare, er berre skriven for reint aa øydeleggja Bladet mitt. _ De lyt gjeva upp Stellingi og gaa. Eg hev havt Feriar nok _ desutan vilde eg ikkje no hava nokon Hugnad av dei meir, serleg naar De sat paa Bladstyrarkrakken. Eg vilde støtt vera ottefull for, kvat De næste Gong vilde bjoda fram. Eg missar reint Tolmodet, kvar Gong eg tenkjer paa, at De skriv um Ostreberg under Hagekunst. De lyt gaa. Ingen Ting paa Jordi kunne faa meg til aa hava Feria einDag til. Aa, kvifor sagde De ikkje, at De ikkje skynad Dykk paa Jordbruk!

Kvifor eg ikkje sagde nokot, De Maishalm, De Kaalhovud, De Avleggjar av ein Bognetein? Det er fyrste Gongen, eg høyrer eit slikt hardt Ord. Eg segjer Dykk, eg hev no i fjortan Aar drevet med Bladskriving; men det er fyrste Gong eg høyrer, at ein lyt vita nokot for aa vera Bladskrivar. Aa for ei Næpa De er! _ Kven skriv Teaterkritikar for Andrerangsblad? Ein Flokk Skomakarar og 
Apotekersveinar, som skynar seg likso mykje paa Skodespel, som eg paa Jordbruk. Kven skriv Bokmeldingar? Folk, som aldri hev skrivet nokot. Kven timrar i hop dei store Bladstykkje um Pengestellet? Slike som hev havt det beste Høve til aldri aa kjenna elder læra um nokot sovoret. Kven kritiserar Krigen mot Indianaranne? Folk, som ikkje kann skilja Stridsropet fraa ein Wigwam, og som aldri hev rennt umkapp med ein Tomahawk, elder trengt um aa draga Pilen utor ymse Medlemar av Huslyden sin for aa kveikja upp Lægervarmen med um Kvelden. Kven skriv Maatehaldsupprop og jamrar yver Drikkingi?

Dei som fyrst i Gravi dreg sitt fyrste ædrue Andardrag. Kven styrar Jordbruksbladi, De Yamsrot? Mest jamt Folk, som hev voret uheppne i Diktarvegen elder i aa skriva i Bladom i dei store Byar, og som difor slær seg paa Jordbruket for ikkje aa koma paa Fatikkassa. De vil læra meg, korleis ein skal stella seg i Bladskriving! Min Herre, eg er røynd i slikt fraa det fyrste til det siste, og eg segjer Dykk, te mindre ein veit, te større Bisn vekkjer ein, og te større Løn kann ein venta. Himlen veit, at hadde eg voret faakunnig istadenfor upplyst, skamlaus istadenfor bljug, eg kunde hava vorte namngjeten i denne kalde, sjølvkjære Verdi. Eg tek Avskil, min Herre. Etter at De hev faret slik med meg, er eg full ferdig aa gaa. Men eg hev gjort mi Skylda; kvat me var forlikt um, hev eg gjort so langt eg fekk Lov. Eg sagde 
Dykk, at eg kunde gjera Bladet Dykkar forvitnelegt millom alle Klassar av Folket, og det hev eg gjort. Eg lovade, eg skulde faa Upplaget upp til tvotusend, og hadde eg haldet paa i tvo Vikor til, skulde det voret gjort. 
Og eg skulde hava skaffat Dykk dei beste Lesarar, som eit Jordbruksblad nokonsinn hadde; _ ikkje ein einaste Bonde millom deim, ikkje eingong eit einskild Menne, som kunde hava skilt eit Vatnmelontre fraa ein Ferskenranke. De er det, som tapar ved, at eg gjeng, De Posteiplanta! ikkje eg. Farvæl!

Med det gjekk eg min Veg.