Hus og Jord.


Eit eiget Hus bør kvar Mann hava, naar han gifter seg. Det heiter og aa setja Hus, naar ein gifter seg. Og det er naturlegt at ein skal hava sjølveigande Hus, det er stor Hjelp i det, som alle kann forstaa. Ein tenkjer nok ikkje yver det, naar ein gifter seg, men ein kjem alltid til aa tenkja yver det etterpaa.

Alt ifraa dei er smaae, bør Gutar og Gjentur læra seg ymist Haandverk. Borni bør i Skulen læra tri Ting, som dei no ikkje kjenner: Kjennskap til det menneskjelege Lekamet (Helselære) og dermed til menneskjeleg Føde og Stellet med den og so Kjennskap til det menneskjelege Samfund (Politikk, Samfundslære) og so endeleg aa bruka Henderne sine til noko nyttelegt, so ein kann fortena si Utkome paa ein ærleg Maate. I Framslengsalderen trengde ein ikkje um noko vidare onnor Undervisning enn i dette. _ Naar ein hev vortet vaksen, bør ein kunna eit Haandverk til Fullnads, det skulde ikkje vera reiknande for Kar, fyrr han det kunne.

Ein Haandverkar, som vil gifta seg og liva av Haandverket sitt, fær sjaa seg ut ein Stad, der han finn det lagomt. Der fær han tinga seg eit Jordstykkje, um han kann faa kaupt eit og byggja seg eit Hus. Det skal Pengar til, det er nok so. Men ein dugeleg og strævsam og bra Kar maa kunna faa seg eit Laan, t. D. mot aa forsikra Livet sitt, so Kausjonistarne var trygge ifall han døydde. Eit Stykkje Utmark paa 30 _50 Maal maatte han kunna faa for 400 _500 Kr. elder mindre, og Stoge med Uthus maatte han kunne greida for 1500 Kr. _ eg høyrer Folk meiner, han kann faa gjort det endaa billegare. Naar han daa kunne faa eit Laan paa 2000 Kr., so var 5 Prosent Rente og 5 Prosent Avdrag, 200 Kr., ei maatsam Hugleige, og um 20 Aar vart han fri og sjølveigande Mann.

Dei segjer meg at ei slik Ordning meir enn ein Gong vert meinkad av Jordeigaranne, med di dei er so stade og so ubljuge til aa krevja Betaling for Jordi. Det kann so vera, men slikt vil gjeva seg, berre Bønderne vaare lærar aa reikna. Det hev dei ikkje lært paa Skularne. Og elles so hev ein Løyve til aa skjerpa etter Metall paa annan Manns Grunn; kunne ein ikkje likeso godt finna paa aa ganga til Jordi sjølv som til Metallet under Jordi, so vilde ein mann kunne tvingast til aa avhenda eit Stykkje Jord, som det var paaviselegt, at han sjølv ikkje drog Nytte av.

Naar ein Haandverkar set seg ned paa 
Landet, so bør han hava sitt eiget Hus og eit Stykkje Jord aa stella med, naar han ikkje hev nok aa gjera med Haandverket sitt. Men heime maa han halda seg og passa sitt Arbeid. 
Han vil verta ein bra Mann ved det og ein fast Mann med Tidi. Det er ein Ting, som hev argat meg mykje, og det er at Haandverkaranne paa Landet set seg sjølv og si Gjerning ned, ved det at dei gjeng ikring paa Gardarne og arbeider. Kunne dei ikkje helder vera heime og lata dei, som hev Bruk for dei, koma dit. Men no gjeng Skomakaren med heile Leistebyrdi kring fraa Gard til Gard. Det er klaart, at det spillest mykje Tid med aa draga heile Verkstaden med seg, i Staden for, at Mannen kunne sitja heime og hava Sakerne sine i Orden. Nei Haandverket paa Landet kjem ikkje til sin Rett, fyrr Haandverkaren segjer greidt ut, at han vil ikkje halda paa og flakka kringum Bygdi meir. 
Han maa kunne faa hava sitt Familjeliv og liva han sameleis som andre Folk.

Eg tenkjer meg til, at naar det vart Skikk det, at ein Mann skulde hava Hus og Jord, so vilde dette draga Folk ut or Byarne ut paa Landet, der det er so mykje betre og sunnare aa liva. Bygrensurne vilde dragast ut, yvergangen millom By og Land vilde jamnast ein vilde ikkje lenger sjaa dei store Kasernar Vegg innaat Vegg, men smaae væne Hus med ein vælstelt Hage imillom og eit Engstykkje bakum. Godarne ved Byliv og Landsliv vilde semjast, og daa trur eg ikkje so mange vilde strøyma saman til dei store manntjukke Byar.

N. J. Sørensen i Arbeideren.