[Tidender.] Kristianiafolk.


Kristianiafolket er væl noko av det veikaste Folkeslaget her finst i Landet; det er som det ikkje finst Magt og Manndom i dei.

Paa Valmanslisturne til Vinstre her skulde ein no væl tru, at det var sette upp dei gjævaste Kararne her finst. Men jamvæl der sleng det Menn, som er so stakkarslege, at dei sender Bod og bed um aa verta utstrokne. Slikt spyrst um Folk, som baade i Ord og Gjerning hev studt Vinstrepolitikken, men dei torerikkje lata 
sitt namn standa paa Lista, men negtar sine politiske Meiningar, naar dei skal koma fram for Allmannsaugo.

Torer ikkje gjelda for Vinstremenn, for at dei fine Familier ikkje skal lægja aat dei og kanskje taka noko Fortenest burt ifraa dei.

So sterk er endaa Høgreringen i Kristiania. So lite Mot finst det endaa hjaa Vinstremenn. Ja slikt hender i Kristiania.

Det finst ikkje Studentar i Norig vart det sagt paa den danske Studentfesten for Henrik Ibsen. Nei det finst lite av norske Studentar, det finst meir av Kristianiagutar.

Av Kristianiagutarne er det iser tvo Slag, som hev vortet kjende. Det er Kutorggutarne og so Studentarne.

Baae Slagi er ægtefødde Søner av den same Byen, endaa dei hev det kvar paa sin Maate.

Studentarne hev no nyleg igjen gjevet Brev paa, at dei ikkje er Søner av det norske Folk, som dei syng det so vænt, men at dei er Kristianiagutar av rette Slaget.

Det kvakk i Prof. Dietrichson, Formannen i Samfundet deira, daa det kom fram ein ung Student paa fyrre Laurdagsmøtet, og fortalde at Grunnen til at Ibsen baud av Høgtidingi deira, det var den, at det ikkje fanst nokon Ættskap millom dei og honom, han brydde seg ikkje um dei, solenge dei stod under den gamle Formyndarskapen.

Prof. Dietrichson vilde ikkje tru sine eigne Øyro. Skulde det vera mogelegt, at Henrik Ibsen, Intelligensens Diktar i vaart Land, kunne hava sagt slikt um Ideens Søner, Blomen av all Intelligens i Landet? Nei det maatte vera svart Lygn alt saman. Han sette seg til aa skriva Telegram til Ibsen og spurde, um det kunne vera sant slikt. Jau, fekk han til Svar, det var nok sant; det var Ibsen sjølv, som vilde, at Studentarne skulde faa høyra, kva han meinte um dei.

Men det var meir enn Prof. Dietrichson kunne tola. Han meinte paa det, at Kristianiagutarne var like gode Karar, anten ein slik Dalai _Lama som Henrik Ibsen vilde lika det elder ikkje. Dei skulde klyppa Samsons-lokkarne av han dei. Det er ingi Kraft i den gamle Kjempa lenger. Filistarne er komne yver han. _ Filistarne det er dei norske Studentarne det. Sette han seg til og skriv upp ein fæl Tale med slike Grunnar i og gjorde ei grov Vise um det evige Lys i Athenes klare Borg, som aldri skal slukkes for hvergang en Stjerne mon segne, (det er daa Ibsen, som no er ei segnende Stjerne, sidan han ikkje bryr seg um Dietrichson og hans) og mykje anna Tøv. Studentarne var daa so sjølvstenduge dei:

Den norske Student er saa fri som vor Sang,
Han taaler ei Mundkurv eller Lænke,
Man lærer ham ikke ved Trykk eller Tvang,
Hvorledes han skal handle og tænke,
Og var saa Tyrannen end aldrig saa stor,
Vi ryster ham af i et vældigt Latterchor,
Til Spot skal det vorde, det truende ord,
Vi selv vil vort Højsæde bænke.

Talen og Songen gjekk han upp i Studentsamfundet med siste Laurdagskvelden.
 
Studentarne naturlegvis song og samtykte, som dei var ville.
 
Berre 50 var so usjølvstendige at dei vaagad hava ei onnor Meining.
 
Fedrarne, segjer Dagbl. røystad i Stortinget mot Alexander Kielland.
 
Sønerne røystad i Studentsamfundet imot Henrik Ibsen.