Arbeidsfolk.
(Av
J.
Kj.
)
Lær
aa bruka Henderne dine. (
Salzmann
¹).
Det
vert sagt, at det stend so illa til med Arbeidsklassen her i Landet.
Um dette skriv ein Innsendar
G.
D.
eit overlag godt Stykkje i
Fedraheimen
No. 75.
Det
er dessverre altfor sant. Men kvi kjem det seg? Kann det vera
Utvandringi, som minkar Talet av Arbeidarar, elder er det ikkje nok
aa taka paa med her i Landet, hev me ikkje meir Jord og ubygt Land og
mangt som kann nyttast betre enn som no er gjort? Eg trur eg kann
svara paa dette Spursmaalet soleis: Me lærer ikkje aa arbeida, me
lærer ikkje aa elska Arbeidet.
Endaa
det hev voret gjevet store pengar til Skulestellet, stend Landet
vaart no meir fatikt paa rett duglege Medborgarar, enn i Tider, daa
Folk las mindre, men kanskje forstod meir.
Det
viser seg grant, at det me treng, det er ungt Folk, som hev komet so
vidt i Utvikling og hev somykje Samfundsaand, at dei hugsar paa, at
det finst mange Næringar, som hjaa oss vert vanvyrde, av di det er
Brest paa herdige og skynsame Arbeidarar; at det ligg store Stykkje
Land utyver Bygderne, som ikkje hev voret rett dyrkat. Det krevst
Menner, som er gjenomtrengde av den Tanken, at det praktiske Arbeidet
hev si sanne Ære, og at det for aa gagna sitt Fedraland ikkje er nok
aa vita mykje, men ein lyt ogso lata andre faa godt av det, ein veit.
Fyrr ein lærer aa forstaa det, som Garborg segjer,
at
den, som avlar ei Skjeppe Havre, er større enn den, som skriv ei
middels Bok, at den, som fær tvo Straa til aa veksa der, det fyrr
vaks eit, er ein Vælgjerdsmann mot Ætti
_
fyrr kann det ikkje verta nokor Umbot her.
Det
gjeld soleis ikkje berre Arbeidet i det i det heile, men serleg det
grove Kroppsarbeidet.
Men
Skularne vaare, iser dei høge Skularne, dei lærar fraa Livet og
ikkje til Livet. Det er Saki. Ein lærer tidlegt aa gjera Skilnad
paa Kroppsarbeid og Arbeid med Hovue. Her syndast det Dag ut og Dag
inn i Skularne vaare. Barnet hev der berre boklegt Arbeid og fær
soleis uvitande soget i seg den Meiningi, at Lesing og Arbeid med
Hovue er vigtigare og finare enn Kroppsarbeid. Det vert ikkje
Tale m, at desse tvo Slag lyt gaa Hand i Hand og stydja kvarandre, at
me alle er Hjul i same Urverket. Ein kann helder ikkje venta anna,
naar Staten held ein Skule for dei som sidan skal arbeida med sine
Hender og ein for dei, som skal bli lærde.
Samfunnet
hev ikkje Rett til aa uppala ein Del av Borgaranne sine til
Arbeidstrælar, som paa Grunn av Faakunna er nøgd med ein lægre
Stelling, medan det tidlegt opnar alle
Veger
til Kunnskap for dei, som hev god Raad og som er eslad aa njota Livet
paa alle Maatar med elder utan Arbeid.
Samfunnet
lyt hug paa, kvat
Rousseau
segjer:
rik elder fatik, kraftig elder svak, so er kvar arbeidslaus Menneskje
ein Tjuv
.
Samfunnet
hev full Rett til aa krevja, at alle Borgarar arbeider, men det er
ogso Statens Skyldnad aa lata kvar faa slik Udaning, at han kann
finna Glede i sitt Arbeid, kvat han so tek paa med.
Vaar
Tid er ei Brytningstid i so Maate. Fyrr heldt ein det for aa tyda paa
eit Lands Framgong, at det hadde mange Studentar. Men no vert det
spurt etter, kor stor Skade det er.
Skulen
og Samfunnet klagar i vaare Dagar yver ein bokleg Herkemuge, eit lærd
Proletariat, som stendig veks. Men ein gløymer, at det er just
Skulen og Samfunnet sjølv, som hev uppalet dette. Skulen hev gjevet
berre teoretisk Upplæring, og Samfunnet hev ropat paa meir
Realkunnskap, og hev daa fenget
Nyttedaning
utan
Nytte
.
Ein
hev gjevet dei lægre Klassar i Samfunnet Skuldi for den boklege
Herkemugen, fordi Arbeidsmannen vil hava sin Son eit Steg høgre upp
i Samfunnet enn det han sjølv stend paa, at det er berre Faafengd,
som driv han til det. Men dette er berre eit Paastand, som til dess
ikkje er provat. Ser me godt etter, so tenkjer eg nok me finn, at
dei høgre Klassarne sender likso mange Gagnløysur av det Slaget til
Hovudstaden, som dei andre. Me hev desutan fenget mange av vaare
duglegaste Menner fraa dei lægre Klassar i Samfunnet.
No
skal alle bli Studentar. Foreldri tenkjer aa gjera væl mot Borni
sine ved aa senda dei i so dyr Skule, som dei paa nokor Sætt og Vis
hev Raad til, og mang ein Gong strævar dei vist au yver Evne berre
for aa hjelpa fram Borni sine den Vegen. Det vert ikkje Spurlag
etter um ein hev Gaavur til aa studera.
Det
hev mest vortet ei Motesak, at Huset maa ha minst ein Son, som
vert Student. Iser er det ein gamall og inngrodd Skikk i
Embættsfamiljer, der den akademiske Daningi liksom skal gaa i Arv
fraa Far til Son nedigjenom Ætti.
Men
visste Folk, kor stor Ulukke dei gjer paa Landet og Samfundet ved
det, at dei er med paa aa skapa ei slik uhorveleg Mengd med
upraktiske Menneskje, so gjorde dei det ikkje.
Desse
Studentar, som like fraa Barndomen av hev fenget
teoretiskUtdaning,
som uppigjenom Skulen hev vortet uppalne med
Gresk
og Latin, elder Smaastubbar av Realfag, til lærde Menner, som lite
nyttugt veit
_desse
er det, som sia skal styre Land og Rike.
Kva
hev han lært? Han hev lært
Leksur.
Den aandelege Utviklingi hjaa Hundradtals unge Gutar hemjast.
Individualiteten kverv burt; det kjem ei Misdaning som ein fyrst fær
Auga paa, naar det er for seint aa retta paa det. Heile Lærdomen
hans er ei lærd Lekse, som han ikkje med all si Kjærleik kann raa
med. Eit Arbeid, som er yver vanlege Krefter, kann berre gagna nokre
faae utvalde, og sjølv hjaa desse gjeng det ofte berre paa Kostnad
av Ungdomsgleda.
Eg
tykkjer hundrad gonger betre um at ein ikkje lærer noko, enn at ein
berre lærer med Ilvilje og Faafengd, segjer
Rousseau
.
Skularne vaare er fulle av trugne Lekselesarar, med bleike Kinn og
svake Krefter, men glade og djerve Gutar vert meir og meir sjeldsynte
der.
Ein
tysk Pædagog skriv:
Heim og Skule hev strævat etter aa stella Ungdomens
Aand
paa
Høgdi av si Tid, men ogso berre Aanden og ikkje Menneskjet, Endaa
Vitenskapen for lenge sia hev vist, at Menneskjet er ei Eining, der
ikkje Aand og Kropp kann skiljast, so hev likevæl Upfostringi laast
som Menneskjet var berre Aand
²
).
Det
ser mest ut til, at ein reint hev gløymt, at Kroppen ogso treng
samhøveleg, harmonisk Utvikling, og at denne Utviklingi berre kann
koma ved Kroppsarbeid. Ved slikt usjølvstendugt aandelegt Arbeid,
vert korkje Aand elder Kropp utviklad. Daa det er for mykje Stoff,
so fer ein jamnaste yver det alt ihop med ein Harelabb. Ein vert
flat og laustenkt, eit pent Kunstprodukt, eit unaturlegt menneskje
med unaturleg Tenkjemaate, som ikkje hev lært aa leva i den Verdi,
han er sett
til aa liva i. Han hev lært aa leva i
Aandens
og Idealarnes Verd, og søkjer ikkje Idealet i aa arbeida til Gagn
for Fedralandet og Mannaætti, men Idealet hans ligg so høgt, at det
er reint Uraad aa vinna fram dit. So stend han daa og fiktar i Lufti
etter dette dette innbilte Spøkelse, paa same Vis som Don Quixote,
daa han var ikast med Vindkverni. Han arbeider ikkje paa Grunnlag av
Verdi som ho
er,
men
paa
Grunnlag
av noko innbilt, som soleis ikkje er, um han daa i det heile
arbeider.
Som
det no er, fær me daa ei byrg Ætt, eit aandeleg ufritt
Aandsaristokrati, som korkje kann elder vil rett setja seg inn i og
forstaa Arbeidarens Kaar. Han veit ikkje sjølv, kvat Arbeid er; han
veit ikkje kvat det vil segja aa bruka tvo Hender til aa næra seg og
sine.
Fyrr
vaare Studentar vert
Menneskje,
vert dei ikkje dugande Embættesmenner, og Menneskje vert ein fyrst,
naar baade Kropp og Sjæl hev fenget si Ytvikling og ein hev lært at
Kroppsarbeid er likso heiderlegt og likso naudsynlegt baade for det
einskilde Menneskje og for Samfunnet som aandelegt Arbeid, med eit
ord:
Ein
lyt læra aa bruka Henderne sine
.
Solenge
han er Student fær han høyra det stødt og stendigt, at han er
Aandens og Ideens Bærar, Kjerna av Landsens Ungdom, som
skal føra Landet fram, at han er Saltet i alt, som høyrer til
Framstig, og grum i alle Maatar.
Dette
fremjar Storlæte og aandeleg Faafengd.
Voltaire
segjer:
Etter myrke Tider fylgjer ei onnor Tid, daa ein umskapar den grove
Faakunna til eit anna Slag Faakunna, som fær Namn av Lærdom, lite
nyttig for den lærde og for Mannaætti
.
Det
er denne Ætti, som Landet utarmar seg paa for at ho skal læra Vit.
Her ligg Grunnen til at me er so fatige paa Arbeidsfolk. Men kva
vert det gjort for dei, som i Røyndo er dei produserande i landet,
kva er det gjort for aa skapa ein upplyst Arbeidarklasse med praktisk
Syn for sitt Yrke og dess Verd for Landsens Trivnad?
Det
er sannt som ein Innsendar
E.
skreiv for ei Tid sia i
Verdens
Gang: Vore Næringskilder har en næsten ubegrænset Evne til
Udvikling, naar kun Folket selv bliver opdraget til den nødvendige
Indsigt, Virkelyst og Økonomi.
Her
er Sommersol nok, her er Sædejord nok, bare vi, bare vi havde
Kjærlighed nok, segjer Bjørnson. Ja det er just Kjærleik me
treng, Kjærleik til Arbeidet, det grove som
det fine. Utviklingi er grunnlagd paa Folkets Arbeid og gjenom
Arbeid gjeng Vegen til Fridom.
¹)
Tysk Pædagog fraa fyrre Hundradtalet.
²)
Heuer: Gefahr und Hülfe, Bremen 1861.
Publisert