Til alle Skulekommissjonar i Landet.

 
Me Lærarar, Lærarinnor og Seminaristar, som her er underskrivne, hev vortet samraadde um aa venda den Bøni til alle Skulekommissjonar Landet rundt, at dei vilde setja alle dei Lærarpostar, som dei lyser til i Bladom, inn i Fedraheimen au. Kannhenda kunde dei tykkja, at det snart vert for mange Blad aa lysa i; man me heve den Trui, at dei helder kunde spara inn att paa ein annan Stad, um dei det vilde.
 
Det er tidt, dei lyser i slike Blad, som inkje lenger hev retteleg mange Tingarar millom Lærarom; men det er vist, at Fedraheimen er millom dei Blad, som no er allermest haldne og lesne av Lærarom paa Landet. So stor ein Flokk er Maalvenerne no millom desse, ja so stort eit Fleirtal kunde ein vel snart segja, naar ein daa tek undan dei eldre, som sjeldnare søkjer, at me trur, det baade vilde vera klokt aa lysa i det Bladet, som er Maalberar fyre deim, og at dei jamvel au kunde tykkjast hava beitnfram ein Rett til aa krevja, at so sker.

Det er sjølvsagt, at Fedraheimen tek imot Lysingarne, anten dei er skrivne paa det eine Maalet elder paa det andre; dei kann godt vera skrivne paa vaart vanlege Bokmaal for det.
 
(94 Underskrifter¹).
 
Me bed alle andre Blad, um dei au vil vera so god aa taka inn dette vesle Stykkje.
 
Vonheim 24de Sept. 1885.
 
Ivar Næs.

P. A. Lillebø .
 
 
Enno hender det ikkje sjeldan, at Lysingar um Lærarpostar berre vert kunngjorde i Blad, som lite er lesne av Lærarar. Det er eit aalment Ynskje, at det maa rettast paa dette.

Me vil minna um, at Maalmannaflokken no er vorten stor og dermed og Kravet um aa faa Lysingarne kunngjorde i eit Blad paa norsk. Læraranne hev ofte ikkje Raad aa halda meir enn eit Blad, og Kundgjørelsestidendekann dei helder ikkje altid hava Tilhøve til aa sjaa.

Det er difor vaar Bøn, at Prestar og Skulekommissjonar heretter vil senda Melding um Lærarpostarne ogso til eit Maalblad.
 
(30 Underskrifter¹).
 
Me bed um at andre Blad og vil taka inn dette.
 
Sogndal, 15de Sept. 1885.


¹) fraa alle Kantar av Landet. Bladstyret.