Tidender.

 
Kristiania, den 29de Septbr.

Oftedal fortel, at det er større Stemning for hans Meiningar, enn Folk trur. Vi, som staar disse Stemninger nær og kjender dem, skriv han, ved, at det har havt sine Vanskeligheder at hindre dem fra allerede iaar at kræve videregaaende Forholdsregler.
 
Dette er noko underlege Ord, naar ein hgusar paa, at han ikkje fekk fram dei som han stridde for korkje i N. elder S. Bergenhsu elder Bergen og at han sjølv rauk i Stavanger Dagen fyrr.
 
 
Arne Garborgs Forteljingar og Sogur er utkomne i svensk Umsetning. Han hev kallat heile Boki Ungdom Svensken.

Garborg reiser no til Utlande, anten Sud-tyskland elder Paris, han vil liggja og skriva ferdug den nye Forteljingi si. Varamannen, Advokat G. Th. meidell er innkallad og skal vera i Staden hans i Statsrevisjonen, til dess han kjem att.


I Romsdals Amt nemner mange som nye Tingmenn Prest Ebbesen og Erling Moen.


Valmannsvalet i Trondheim v ar igaar, men er endaa ikkje kjent. Siste Telegrammet melder, at det er upptalt 883 Røyster av Høgre og 825 Vinstre. Vonleg vinn daa Høgre.


Paa Moss vann Høgre, 195 R., Visntre 129.


Stortingsvalet i Vest-Agder. Til Varamenn vart valde: Fugelstvedt, Berge, Finsdal og Stausland.


Laardøler, lat oss alle som ein møta fram paa Valdagen og samla oss um vaar støaste og gjævaste Vinstremann, kyrkjesongar O. Sandland , som fyrr hev voret vaar Valmann.
 
Høydalsmo 28/ 9 85.

H. O.